Colab består av ei rekke forskarar som mellom anna utforskar utfordringar knytte til dårleg mental helse blant kriminelle og fengselsinnsette. Den mentale helsa er noko som påverkar sosial sikkerheit og risikoen for nye lovbrot.
COLAB: Collaboration within Criminal Justice Services
EU Horizon 2020 MSCA RISE-project (734536)
30
2017-2022
10 institusjonar fordelt på 7 europeiske land
18
Partnarskap mellom akademia og praksis er avgjerande for å utvikla sosiale innovasjoner som tener dei mest sårbare i samfunnet. Colab er eit slikt partnarskap.
Om Colab
Forskingsprosjektet er eit europeisk forskarsamarbeid som undersøker samarbeidet mellom helse- og velferdstenester på tvers av ulike etatar. I tillegg ser det på kva innverknad strafferettsvesenet har på dei innsettes helse, velvære og sjansar for å bli verande lovlydige etter soning.
Prosjektet ser òg på korleis det kan bli betre tilrettelagt for tverretatlig samarbeid og utveksling av lærdom. Ein arbeider med innovasjon, samarbeid og organisatorisk læring som blir tilrettelagt i skjeringspunktet mellom organisasjonar som støttar rehabilitering av innsette.
Forskingsprosjektet er finansiert av EU-kommisjonens Horizon 2020 MSCA RISE-program. Du kan lesa meir om Colab og dei mange prosjekta forskarane jobbar med på den engelske sida til forskargruppa. Den finn du ved å velja "engelsk" øvst til høgre på sida.