I podkast-serien BluPodden finn du fleire enn 20 episodar som formidlar forskingsbasert kunnskap om både utdanning og praksis innan barnehagefeltet. Podkasten er produsert ved Høgskulen på Vestlandet.
BluPodden er ein podkast som har blitt produsert av forskargruppa Kvardagsliv i barnehagen (KIB) ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) sidan slutten av 2021.
Blant titlane kan nemnast «Leik og læring», «Samisk språk og kultur i barnehagen», «Utviklingsarbeid i barnehagen», «Språkforstyrrelser» og «Nyutdanna barnehagelærar, hjelpetrengande eller visjonære?»
BluPodden formidlar forskingsbasert fagstoff til forskarar, studentar og barnehagefeltet. Podkasten har eit samarbeid med Barnkunne - Senter for barnehageforskning ved HVL, og mange av bidragsytarane kjem derfrå.