Denne artikkelen ser nærare på korleis og i kva grad lærarutdanning førebur studentane til å kunna driva seksualundervising i skulane. Gjennomgangen undersøkte 22 studiar, hovudsakeleg frå Storbritannia, Australia og USA. Sjølv om informasjonen ikkje er utfyllande, avslørte forskarane store variasjonar i opplæringa studentane fekk.
Situasjonen av i dag ser i dei fleste tilfella ikkje ut til å stå i samsvar med internasjonale retningsliner. Konklusjonen er at meir forsking og større openheit i utdanningsinstitusjonane må til for å nå måla om ei tilfredsstillande opplæring av lærarstudentane i dette temaet.
Manglande bakgrunn hjå lærarane til å kunna gjennomføra seksualundervising er eit problem på global basis.
Eit forskingsnotat er ei forenkla og forkorta oppsummering av publiserte systematiske kunnskapsoversyn. Forskningsnotatet gjer forskinga meir tilgjengeleg og lesarvennleg.
Bakgrunn
Globalt sett er ei god seksualundervising i skulane svært avhengig av at læraren har relevant bakgrunn innan fagfeltet. Det er dokumentert internasjonalt at seksualundervising for barn er viktig, blant anna fordi slik undervising medfører positive haldningar til seksuell og reproduktiv helse, til dømes gjennom auka frekvens av kondombruk og høgare seksuell debutalder.
Trass gjentatte innspel til lærarutdanningsorganisasjonar om å sørgje for spesifikk opplæring av lærarstudentar i seksualundervising, er det avgrensa kor mykje ein veit om dagens praksis på feltet. Informasjonen som er tilgjengeleg, handlar i større grad om etterutdanning av allereie praktiserande lærarar.
Ei UNESCO-undersøking viste at blant 48 land hadde 80 prosent av desse ein spesifikk politikk eller strategi for seksualundervising. Likevel er der ikkje samsvar mellom desse klare retningslinene på internasjonalt, regionalt eller lokalt plan, og gjennomføringa av seksualundervising i skulane. Fleire studiar poengterer at undervisingspraksisen ikkje reflekterer offentlege helsevedtak, og det blir her vist til at ei rekkje land ikkje stiller formelle krav til lærarutdanningsorganisasjonar når det gjeld opplæringa i seksualundervising.
I fleire studiar har lærarar uttalt at det er naudsynt med meir bakgrunn og støtte i lærarutdanninga for å få tryggleik nok som lærar til å gå inn i emne som til dømes seksuelt mangfald og prevensjon. Skuleelevar har i andre studiar klaga over at seksualundervisinga på skulen ikkje har vore god nok, med skuldingar om at undervisinga mellom anna mangla sex-positivitet, var for heterofilt orientert og bar preg av lærarar som var lite skulerte i emnet.
Føremål
Denne bakgrunnen gjer at forskarane ønsker å laga eit systematisk kunnskapsoversyn over den gjeldande praksisen innan opplæring i seksualundervising i lærarutdanninga. Fokuset er å undersøka i kva grad lærarutdanningsorganisasjonar førebur lærarstudentane sine på å utføra seksualundervising i ein skulesituasjon. I tillegg er målet å dokumentera aktuelle eksempel og omfanget av førebuing i lærarutdanninga, oppsummera gjennomgåande tema og visa fram eksempel på god praksis.
Inkluderte studiar
omfattar 22 studiar, som blei funne etter søk i fem ulike databasar i april og mai 2018. Flest studiar var frå Storbritannia (8), Australia (7) og USA (3). Dei inkluderte studiane kunne vera både
eller
og måtte vera på skrivne på engelsk og i perioden mellom 2000 og 2018.
I tillegg måtte studiane ta føre seg opplæring og førebuing i seksualundervising som lærarstudentar hadde fått, som handla om eitt eller fleire av følgjande moment frå UNESCO-retningslinjene om dette temaet:
- Forhold
- Verdiar, rettar, kultur og seksualitet
- Forståing av kjønn
- Vald og tryggleik
- Kunnskap om helse og trivsel
- Menneskekroppen og utvikling
- Seksualitet og seksuell åtferd
- Seksuell og reproduktiv helse
Resultat
Gjennomgangen viste at viljen absolutt er til stades blant lærarstudentar til å støtta opp om og praktisera den type seksualundervising som UNESCO-retningslinene tilrår. Likevel synte studiane at manglande bakgrunn hjå lærarane til å kunna gjennomføra slik undervising var eit problem på global basis. Gjennomgangen identifiserte ei rekkje hindringar som gjorde at lærarutdanningane ikkje makta å gi lærarstudentane denne faglege ballasten.
Trass i at det eksisterer internasjonale retningsliner som legg klare rammer for seksualundervising i skuleverket, verkar lærarutdanningsorganisasjonane til å leggja meir vekt på den ulike, gjeldande praksisen og pensum i kvart enkelt land. Sidan gjeldande praksis og pensum ikkje alltid er klart definert og gjenstand for endring, er det difor vanskeleg å driva opplæring i seksualundervising med eit klart mandat for lærarstudentar.
Fleire studiar viste likevel at der ein klarte å halda eit klart fokus på førebuing i seksualundervising på lærarutdanninga, førte dette til auka kjensle av meistring og ein intensjon blant dei tilsette om å formidla dette emnet til framtidige studentar. Ein enkeltstudie blant lærarar i Spania fastslo at kvaliteten på seksualundervisinga i skulane var mest totalt avhengig av opplæringa ein fekk på lærarutdanninga.
Gjennomgåande viste studiane kor variabelt dette temaet blei formidla på lærarutdanningane, og at låg prioritering av helserelaterte emne, kutt i budsjett og avgrensa plass i pensum var med på å setja negative rammer for god seksualundervising. I tillegg var førebuing i seksualundervising i mange tilfelle avhengig av dei tilsette sine interesser og kunnskapar. Ein engelsk studie viste at ein tredel av førelesarane innan helsefag på lærarutdanninga ikkje hadde vore innom tema som seksualitet og forhold. I ein australsk studie sa halvparten av studentane at temaet seksualundervising ikkje hadde blitt omtalt i det heile tatt. Fleire amerikanske studiar synte at når det blei undervist i temaet på lærarutdanninga, var undervisinga ofte heteronormativ og gav lite rom for seksuelt mangfald.
Sjølv om gjennomgangen av feltet viste store variasjonar, og enkelte døme til etterfølging fanst, var hovudtrekka mangel på innhald, kvalitet og dokumentasjon om kva oppfølging og førebuing lærarstudentar fekk i høve til å kunna driva seksualundervising seinare i læraryrket.
Implikasjonar
Forskarane bak det
poengterer at lærarutdanningsorganisasjonane må gjera undervisinga og førebuinga på dette temaet meir relevant, i høve til dei nemnde UNESCO-retningslinene. Dei legg til at sjølv om det blir tilrådd at seksualundervising helst bør formidlast av personar med spesifikk opplæring og kunnskap på dette feltet, kjem alle elevar, klasserom og skular til å nyta godt av berre det at lærarutdanninga i større grad verdset seksualundervising som pedagogisk tema.
Forskarane tilrår at lærarutdanningsorganisasjonane får ein sterkare posisjon, noko som kan vera naudsynt for å sikra at dei nasjonale pensuma i framtida samsvarer meir med internasjonal, forskingsbasert kunnskap om seksualundervising. For å få til dette, tilrår forskarane meir deling av forskingsbaserte kunnskapsressursar mellom dei involverte institusjonane. Dessutan er det ønskeleg med ei betring av rutinane rundt oppfølging og evaluering av nåverande og kommande undervisingsopplegg på lærarutdanningane på dette feltet.
REFERANSE:
O’Brien, H., Hendriks, J., & Burns, S. (2020). Teacher training organisations and their preparation of the pre-service teacher to deliver comprehensive sexuality education in the school setting: a systematic literature review. Sex Education, 21, 284 - 303. Doi: https://doi.org/10.1080/14681811.2020.1792874