Høgskolen i Innlandet leiar eit samarbeidsprosjekt som skal bruke blant anna VR-teknologi for å avdekke eventuelle rasistiske haldningar i norske lærarutdanningar.
«Critical Examination of Race and Racism in Teacher Education (CERiTE)» blir støtta av Norges Forskningsråd med 12 millionar kroner, og starta i september i fjor.
Høgskolen i Innlandet (HINN) er koordinator for prosjektet, som er eit samarbeid med samarbeid med Høgskolen i Østfold, Elverum kommune, Nansen fredssenter, Norsk Utvandrermuseum, Glomdalsmuseet, Ransfjordmuseet og FYND Reality.
I løpet av fire år er målet å finne ut korleis rasisme kan komma til uttrykk i lærarutdanningsfeltet.
«Prosjektet er nyskapende i den forstand at det bringer sammen aktører fra en bred representativ gruppe i offentlig og privat sektor, og ønsker å bruke VR-program som et utdanningsverktøy for å identifisere og håndtere rasisme, og museer som alternative læringsarenaer,» uttaler førsteamanuensis og prosjektleiar Prisca Bruno Massao i eit intervju på HINNs nettsider.
Les meir om prosjektet på Høgskolen i Innlandet sine nettsider!