Norske lærarar er gode på utvikling av positive læringsmiljø

Lærarar i Noreg er generelt dyktige til å utvikle positive læringsmiljø og organisere undervisninga i klasserommet. Men det kan vere tenleg å rette meir merksemd mot å vidareutvikle støtta lærarar gjev til fagleg læring. Med økt læring begge steder som utbytte.

Publisert Sist oppdatert
Læringa og utviklinga til elevane er avhengig av støtta vaksne gjev til å nytte ferdigheiter dei alt har og støtte utvikling av meir komplekse ferdigheiter. Foto: iStock.

Publisert første gang 13.12.2017

Sjølv om dei fleste lærarar nyttar praksis, strategiar og metodar som fremmar læring sosialt og fagleg, er variasjonen mellom klasserom stor. Det viser dei fyrste resultata basert på observasjonar frå klasserom ved skular som deltek i CIESL-prosjektet.

I studien er det sett nærare på tre sentrale områder for utøving av lærarrolla:

  • lærarane sin emosjonelle støtte til elevane
  • organisering av strukturar, rutinar og undervisning i klasseromet
  • læraren si støtte av læringsaktivitetar

Dette er sentrale områder innan lærarars arbeid med å leie undervisning og læring i klasserommet. Hovudmålet for studien er å identifisere praksis, strukturar og metodar lærar nyttar, som tidlegare forsking har vist er positivt relatert til elevane si læring både fagleg og sosialt. I tillegg er det teoretiske rammeverket som ligg til grunn for dei tre sentrale områda ved undervisning, Teaching Through Interaction, presentert på norsk.

Lærarane er dyktige på emosjonell støtte og klasseromsorganisering

Resultata som syner at lærarar sett under eitt er dyktige til å gi emosjonell støtte og organisere klasserommet er ikkje uventa. Dette er områder som vi i norsk skule har vektlagt sterkt dei to siste tiåra. Sjølv om resultata tyder på at lærarar generelt er dyktige på desse områda, er det òg tydelege indikasjonar på at også innan emosjonell støtte og klasseromsorganisering er det områder der det kan vere tenleg å styrke arbeidet med. 

Læringsstøtte, rettar merksemda mot den generelle støtte lærarar gir til fagleg læring og som er uavhengig av kva fag ein underviser. Denne type støtte til elevane er eit område det i Noreg har vore lagt lite vekt når vi har snakka om læraren si leiing av undervisning, både i lærarutdanning og i utøving av lærarrolla. Det er såleis ikkje overraskande at lærarar nyttar mindre av denne type praksis og strategiar enn dei områda ein har gitt mykje merksemd.

Stor variasjon i bruk av praksis, strategiar og metodar

Sjølv om lærarar som gruppe i stor grad nyttar sentral praksis, strategiar og metodar, syner resultata at bruken av dei variere mykje mellom klasserom. Det er for tidleg å seie noko konkret om årsakene til dette, og kva implikasjonar det har, men det er urovekkande at variasjonen er så stor. Så stor at vi må stille spørsmål om einskapsskulen/fellesskule er under press. Resultata viser at det er behov for ein debatt om korleis vi kan styrke bruken av effektiv praksis, strategiar og metodar der det er behov for det.

Resultata er utdjupa i artikkelen Observert klasseromsinteraksjon som grunnlag for profesjonell utvikling som er publisert i tidsskriftet Psykologi i kommunen nr. 6, 2017.

Forskingsartikkelen er skriven av

Professor i pedagogikk
51832931
Læringsmiljøsenteret, avd. Stavanger
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora
Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforskning

Les mer om klasseledelse

Elever med konsentrasjonsvansker opplever mindre læringsstøtte

Ny forskning viser at elever som rapporterte om manglende konsentrasjon også opplevde liten grad av læringsstøtte fra læ...

Publikasjonar frå INTERACT-prosjektet

Artiklar frå projektet. Bruk DOI-lenka for å lese abstraktet.

– Får være med læreren «inn» i klasserommet

I forskningsprosjektet INTERACT får lærere veiledning av egne spesialtrente «coacher». – Jeg er heldig som får veilede...

CLASS-S dimensjonsguide

Norsk oversettelse av Dimensjonsguiden som er tilpasset Classroom Assessment Scoring System (CLASS)-secondary. Bestillin...

– Godt å vere i gong med INTERACT-prosjektet

INTERACT-prosjektet er i gong for alvor, og no er rekrutteringsprosessen av lærarar over. Til saman skal lærarar frå 12 ...

Avhandling: Instructional support in Norwegian classrooms

Maren Stahl Lerang har i sin avhandling funnet ut at kvaliteten på undervisningsstøtte varierer mellom klasserom. Bestil...

INTERACT – kvalitet i klasseromsinteraksjoner

Målet med INTERACT-prosjektet er å undersøke hvordan digital videobasert dialog kan støtte lærere i arbeidet med å styrk...

Bok: Problemløsningsmodeller

Boka "Problemløsningsmodeller" handler om kollektive atferdsvansker, dvs. der grupper eller klasser har utviklet en nega...

– Viktig å etablere et godt læringsmiljø fra start

Ved Frogn vgs har de ansatte ved skolen arbeidet strukturert og systematisk for å få til en god skolestart. – Det fører ...

– Vil bruke observasjonsverktøyet CLASS for å heve kvaliteten i skolen

– Dette er et veldig godt verktøy som fokuserer på de sentrale områdene for hva som bør være på plass i et klasserom, si...

Gode erfaringer med å fjerne karakterer i orden og atferd

Skoler som har vært med i forsøket med å fjerne karakterer i orden og atferd opplever at relasjonene mellom lærere og el...

Med teksten i fokus

Førsteamanuensis Hanne Egenæs Staurseth arbeider i desentralisert ordning i Utdanningsregion Midt-Rogaland med å legge t...

Slik kan lærere bli gode ledere for klassen

Lærerens lederskap er den viktigste faktoren for hvordan klassemiljøet blir.

Elever blir mer engasjerte av lærere som bryr seg

Gløden for skolen synker med alderen om ikke læreren gir følelsesmessig støtte til den enkelte elev, viser en ny studie ...

Læreren er viktig for hvilke mål elevene setter seg på skolen

Hvordan læreren ser på læring er viktig for elevenes målorientering på skolen. Det viser forskning gjort ved Læringsmilj...

Lærers klasseledelse er avgjørende for å forebygge skolefravær

Lærerens klasseledelse kan ha en indirekte betydning for å forebygge mobbing og sosial ekskludering blant jevnaldrende. ...

Har elevane utbytte av lærarane si vidareutvikling i klasseleiing?

Det er eit godt spørsmål. I tillegg til å kunne svare «ja», vil vi gjerne også seie noko om kva faktorar som er avgjeran...

Lærarstøtta elevstyrt læring - autonomistøtte i klasserommet

Autonomi er eit av områda som er avgjerande for å forstå elevane sin motivasjon og engasjement i læringsaktivitetar. Aut...

Verdsetting av elevane si livsverd

Resultata frå CIESL-studien tyder på at lærarar generelt er dyktige til å skape positivt læringsklima og er sensitive fo...

En stresset (kunnskaps)nasjon

Gagner det alle elever at vi har en prestasjons- og konkurranseorientert skole? Hvordan går det for de elevene som opple...