Eit undervisningsopplegg for 7. klassingar som viser korleis elevar med bokmål som opplæringsspråk kan skrive nynorsk. Basert på boka ABC av Erna Osland.
Novella ”ABC” er ei novelle i samlinga Berre du som veit (2003) med open slutt som kan gje rom for mange tolkingar. I dette undervisingsopplegget blir elevane gjennom ulike lesestrategiar og oppgåver, som litterær samtale og to-delt logg, dregne inn i teksten og får rom til å reflektere. Arbeidet viser òg at 7. klassingar som har bokmål som opplæringsspråk kan skrive nynorsk når ein gjev dei modellar og integrerer skrivinga i ein naturleg prosess.
Artikkelen er skrive av Bjørg Wangen, og er henta frå heftet Nynorsk i bruk.