"Habeen wanaagsan Guuleed" - God natt, Albert Åberg, av Gunilla Bergström

Ytre Tasta barnehage har hatt eit leseprosjekt retta spesielt mot dei tospråklege barna. Eit av måla var å involvere heimen meir i lesinga.

Publisert Sist oppdatert

omslag bok

Me har lese den same boka på barnets morsmål og på norsk. Bøkene me brukte var ”God natt, Albert Åberg” og ”Karius og Baktus”, som me lånte frå Det flerspråklige bibliotek, på språka somali, farsi, albansk og norsk; derfor overskrifta Habeen wanaagsan Guuleed som er somali og betyr God natt, Albert Åberg.

Bokkoffert
Barnet fekk boka på sitt morsmål med heim, og foreldra fekk beskjed om å lese den saman med barnet to gonger i veka. Foreldra hadde me spurt på førehand og dei var alle positive. I barnehagen hadde både førskulelærar og tospråkleg assistent ansvar for å lese boka eit par gonger i veka. Til kvar bok lagde me bokkoffert med konkretar og denne brukte me i kvar formidlingsøkt. Ein bokkoffert inneheld ulike gjenstandar som er med i boka, som til dømes pipa til Albert Åbergs pappa, eit glas, ei løve osv. Konkreta fungerer som ei støtte for forståinga av teksten, eit utgangspunkt for samtale og forteljing og ei hjelp til å halde på konsentrasjonen. Bokkofferten har også ein motiverande funksjon, den er ein igangsetjar, den inneheld noko spennande som skaper lyst til å lytte.

Sekvenskort og nøkkelord
I tillegg kopierte me bilde frå boka som me brukte som sekvenskort. Sekvenskorta fungerer som ei forteljestøtte. Det er lurt å hente ut sentrale deler av forteljinga, som starten og slutten og nokre gode sekvensar henta frå midtdelen av forteljinga. Me plukka også ut nøkkelord frå boka. Nøkkelorda er ofte dei same som konkreta i bokkofferten. Barnet fekk ikkje bokkofferten med heim, men et ark med nøkkelord. Desse blei også brukt av den tospråklege assistenten.

Leseprosjektet strakk seg over ein månad og det var kjekt å jobbe med ei bok over så lang tid. Me opplevde det som nyttig for barnet, å kunne bygge vidare på noko som allereie er kjent. Barnet fekk ei betre forståing for hovudinnhaldet når dei fekk lese boka på sitt eige morsmål og motivasjonen auka i takt med aukande forståing. Denne «heimelesingseffekten» var mest tydeleg i startfasen av lesinga. Etterkvart som barnet blei kjent med boka/historia viste barnet interesse for andre element ved fortellinga og slik ble repertoaret utvida for kvar lesing. Lesinga gjekk føre seg i små grupper, som regel berre 2-3 barn, difor blei det også mykje tid til å samtale.

Meistringsglede
Den mest verdifulle erfaringa me sit igjen med etter dette leseprosjektet, er kva det å møte tekstar på fleire språk gjer med barnet. Me erfarte at barna i større grad opplevde meistring når dei også las teksten på morsmål. Barna «kjende» teksten og kunne ta med seg denne erfaringa når dei møtte teksten på norsk og kunne byggje videre på den. Barna viste glede over å meistre, noko som igjen fører til større motivasjon for å vere med å lese neste gong.

Foreldra sette også pris på å bli involvert i barnehagen sitt arbeid på denne måten, og dei fortel at dei gjerne gjere det igjen. Dette prosjektet har inspirert oss til å involvere foreldra på ein ny måte i arbeidet vårt. Å be dei lese saman med barna er ein god måte å gjere det på. Barnehagen får synleggjort noko av sitt eige arbeid, samtidig som ein anerkjenner foreldra sin språkkompetanse og deira bidrag.

Tekst: Wenche Warhaug og Anne Cathrine Sjuve