Close Reading, eller "Tekstnær lesing" på norsk, er ei grundig utforsking av ein kompleks tekst. Gjennom å arbeide med tekstavhengige spørsmål og samtale om dei, skal eleven lese ein kort tekst fleire gonger og på ein sjølvstendig måte kome fram til ei djup forståing av innhaldet, lære av teksten og få erfaringar med korleis ein skal handtere krevjande tekstar.
Nasjonalt lesesenter har utvikla eit instruksjonshefte i Tekstnær lesing i samarbeid med lærarar ved Lundeneset vidaregåande skule, som del av eit desentralisert kompetanseutviklingsprosjekt (DEKOMP) i 2021/22. Hausten 2022 gjennomførte forskarar ved Nasjonalt lesesenter og lærarar ved Lundeneset også eit forskingsprosjekt for å få meir kunnskap om korleis Tekstnær lesing passar i ei norsk skulekontekst. Resultata frå prosjektet vil bli presentert på disse sidene når dei er klare.
På disse sidene finn du informasjon om Tekstnær lesing. Du finn også lenke til instruksjonsheftet nederst på sida. Tekstnær lesing kan brukast på alle skuletrinn og i alle fag. Dette heftet er utvikla med særskilt tanke på bruk i den vidaregående skulen. Gå rett til instruksjonsheftet.

Tekstnær lesing kan vere eit av svara på utfordringar i tida. Ved Tekstnær lesing krevst det konsentrasjon og nøyaktig lesing, elevane må vere aktive og arbeide sjølvstendig og elevane får utfordringar. Tekstnær lesing passar i alle fag, på alle trinn og på alle nivå, det er valet av tekst som avgjer vanskegraden.
Tekstnær lesing kallast også for "Close Reading", og er ein godt implementert praksis i leseundervisninga på alle nivå i amerikansk og engelsk utdanning. Det er fleire måtar å gjennomføre Tekstnær lesing på, men vi har valt praksisen til dei amerikanske forskarane Fisher og Frey fordi vi veit at han gir resultat. Med utgangspunkt i denne har vi ved Lesesenteret tilpassa Tekstnær lesing til ein norsk klasseromskontekst, og i samarbeid med lærarar ved Lundeneset vidaregåande skule har Lesesenteret har utvikla eit instruksjonshefte.
På desse sidene finn du informasjon om Tekstnær lesing. Du finn også lenke til instruksjonsheftet nedst på sida. Tekstnær lesing kan brukast på alle skuletrinn og i alle fag. Dette heftet er utvikla med særskilt tanke på bruk i den vidaregåande skulen. Gå rett til instruksjonsheftet.
Dei fem elementa i Tekstnær lesing er:
- Korte, komplekse tekstar som er så vanskelege at elevane ikkje vil greie å forstå heile bodskapen ved fyrste gjennomlesing og så gode og relevante at det er verdt å bruke tid på dei.
- Gjenteken lesing for å greie å svare på tekstavhengige spørsmål, finne argument til samtalane og trenge djupt inn i teksten.
- Annotasjon som betyr at elevane skal notere direkte i teksten medan dei les
- Tekstavhengige spørsmål som er utforma på ein slik måte at eleven skal lese og forstå teksten for å kunne svare på dei. Figur 1 viser progresjonen i tekstavhengige spørsmål.
- Diskusjon av og samtalar om teksten i fleire omgangar.
Endra lærarrolle
Lærarrolla blir noko endra når ein praktiserer Tekstnær lesing. Førebuinga er svært viktig: Heile opplegget avheng av teksten ein vel og utforminga av dei tekstavhengige spørsmåla. Vidare må læraren avstå frå å hjelpe og støtte elevane for mykje inn i lesinga ved å fortelje og forklare tekstane og på den måten fjerne all motstand eller ta bort hensikta med å lese teksten. Elevane må sjølv få erfare korleis dei kan meistre desse komplekse tekstane og øve seg på strategiar og lesemåtar dei har bruk for seinare i livet.
Tekstnær lesing er ein metode i arbeidet med leseforståing og djupnelæring
I læreplanverket LK20 har djupnelæring fått ein sentral plass. I dette ligg det mellom anna at elevar må få tid til å arbeide med lærestoffet og gå grundig inn i det. I så måte kan det å jobbe med komplekse tekstar gjennom Tekstnær lesing vere ein måte å arbeide med leseforståing og djupnelæring.
Eit mangfald av undervisningsmetodar med formål å styrke leseforståinga til elevar blir praktiserte i norske klasserom. Mange av desse er erfaringsbaserte, men få er empirisk testa. Vi har valt å byggje på Fisher og Frey sin versjon av Tekstnær lesing. Den har vist dokumentert effekt gjennom blant anna styrkt leseforståing. Særleg verd å nemne er at dei svakaste lesarane ser ut til å ha mest nytte av denne måten å jobbe med tekst på.
Vil du lære meir om Tekstnær lesing, kan du laste ned instruksjonsheftet under.
Forskningsprosjekt
Hausten 2022 gjennomførte forskarar ved Lesesenteret og lærarar ved Lundeneset vidaregåande skole også eit forskingsprosjekt for å få meir kunnskap om korleis Tekstnær lesing passar i ei norsk skulekontekst. Resultata frå prosjektet vil bli presentert på disse sidene når dei er klare.
Meir informasjon:
Instruksjonshefte
I heftet får du ein kort introduksjon til Tekstnær lesing, og informasjon om og døme på korleis du sjølv kan ta metoden i bruk i klasserommet. Vi vil takke Lundeneset for eit uunnverleg samarbeid med å utvikle Tekstnær lesing til ein norsk skulekontekst!
Last ned instruksjonsheftet om Tekstnær lesing her.
Utvalde tekstar frå Fisher og Frey:
Fisher, D., & Frey, N. (2014a). Close Reading as an Intervention for Struggling Middle School Readers. Journal of Adolescent & Adult Literacy 57 (5) (s. 367-376) https://doi.org/10.1002/jaal.266
Fisher, D., & Frey, N. (2014b). Student and Teacher Perspectives on a Close Reading Protocol. Literacy Research and Instruction, 53 (1), 25–49. https://doi.org/10.1080/19388071.2013.818175
Fisher, D., Frey, N., Anderson, H., & Thayre, M. (2015). Text-dependent questions, grades 6-12: Pathways to close and critical Reading. Corwin.
Meir informasjon:
I hefte får du ein kort introduksjon til Tekstnær lesing-metodikken, og informasjon om og døme på korleis du sjølv kan ta metoden i bruk i klasserommet. Vi vil takke Lundeneset for eit uunnverleg samarbeid med å utvikle Tekstnær lesing til ein norsk skulekontekst!
Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking
Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking
Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking