Derfor tar han ein mastergrad i økonomi og administrasjon på Handelshøgskolen ved UiS.
Frå: Bangladesh
Studieprogram: Master i økonomi og administrasjon på Handelshøgskolen ved UiS
Spesialisering: Strategisk marknadsføring og analyse (no del av spesialiseringa "Ledelse")
Anna: Engasjerer seg i innovasjonshuset Lyspæren
UiS er svært dedikert rundt berekraft, og har høg kvalitet på sine akademiske program

Merknad: Spesialiseringa Hesam Salehi tok i strategisk markedføring og analyse, er no ein del av spesialiseringa "Ledelse".
Kvifor har du vald å ta ein master i økonomi og administrasjon?
Når eg tenker på «økonomi og administrasjon» tenker eg på eit stort felt som lærer deg alt frå grunnen av om korleis du leiar eit selskap. Derfor ønska eg å satse på ei karriere i næringslivet. Eg har ei umetteleg nysgjerrigheit for forretningspraksis, og eg planlegg å bruke det eg lærer i mitt yrkesliv. Målet er å kome til topps i mitt felt som ein banebrytande marknadsførar og gründer.
Kva spesialisering tar du, og kvifor?
Eg har alltid hatt eit svakt punkt for marknadsføring. Eg har lært kor viktig det er å tolke store mengder data for å blant anna kunne ta gode avgjerder om marknadsføringstrategiar og planar.
Etter å ha undersøkt litt, bestemte eg meg for at spesialiseringa strategisk marknadsføring og analyse her på UiS ville passe godt for meg. Her kan ein også utvikle kunnskap og evner til å analysere marknadstrendar, forbrukeratferd og konkurrentstrategiar.
Kvifor valde du å studere på Universitetet i Stavanger?
Eg såg på fleire faktorar: Campus, klima, fritidsaktivitetar, trygd, og meir. Men UiS har eit senter for innovasjon, ein vakker og stor campus, mange idretts- og sosiale klubbar, aktive studentforeininger, eit døgnopent bibliotek, og stort treningssenter. Universitetet er også svært dedikert rundt berekraft, og har høg kvalitet på sine akademiske program. Så då oppfylte UiS nesten alle mine krav, og nå er eg her!
Korleis ser ein typisk dag ut som student for deg?
Ein dag på UiS for meg startar vanlegvis med førelesingar. Så møter eg helst studiegruppa mi for å diskutere dagens oppgåver. Så drar eg ofte på treningssenteret, og et i kantina. Bokkafeen på campus er ein av mine favorittplassar for å slappe av. Viss eg har energi på kvelden sit eg gjerne på biblioteket og les. Og for å få tilbake energien drar eg ofte på nettverksarrangement arrangert av SiS eller Lyspæren.
Elles liker eg å hoppe på ein tilfeldig buss som tar meg til ein vakker stad, og så tilbringe tid der. Dette er ein fantastisk måte å utforske landskapet rundt Stavanger på, noko som eg har gjort fleire gongar.
Har du nokre spesielle minne som du vil trekke fram herfrå til nå?
Eg har mange gode minne etter halvanna år her. Som for eksempel fjellturar, reiser rundt i Noreg og andre europeiske byar, delta i startup-arrangement, nyte Stavanger, med meir.
Sjølve oppstartseventyret mitt her er noko eg vil ha med meg for alltid. Eg kjem frå ein forretningsfamilie, og har alltid hatt ein gründeridé buande i meg. Då eg først fekk vite at UiS gir ein enorm moglegheit gjennom Lyspæren til å jobbe med nye og innovative konsept, kunne eg ikkje unngå å gripe sjansen. Eg synest dette er ein av dei mest imponerande tinga UiS har å by på. Eg har møtt ei rekke svært profesjonelle og solide folk gjennom mi reise.
Har du nokre råd for framtidige studentar?
Eg trur at evna til å vere allsidig og tilpasningsdyktig er viktig. For enten om du er internasjonal eller lokal student, så vil ikkje alltid livet gå etter planen. Etter eg høyrde ordtaket Nyt reisen, ikkje målet så blei eg sjølv meir tilpasningsdyktig. Uansett om du til slutt oppnår målet ditt, så er det vegen du banar og innsikten du får som er uvurderleg.
Ikkje ver redd for å be om hjelp. Nesten alle eg har møtt ved UiS, frå professorar til administrasjon til studentar, har ikkje vore anna enn hjelpsame og snille!