Havbruksklynga Stiim Aqua Cluster har fått pengar til eit forprosjekt om grøn omstilling i havbruksnæringa. UiS-professor Ragnar Tveterås skal leie arbeidet.
Målet er å utvikle ei verdikjede for havbruk til havs med lågare utslepp av CO2 og andre miljøavtrykk. Ei rekke selskap er med i prosjektet, deriblant ABB, Aker Solutions, Global Maritime, Grieg Seafood, Skretting, og Salmar. Både UiS og NORCE er med på forskingssida.
- I dag går lakseoppdrett føre seg berre i kystsona, som utgjer 10 prosent av det norske havarealet. Det opne havet utgjer 90 prosent, og der har vi ikkje noko oppdrett i dag. Det er svært viktig å få etablert ei berekraftig verdikjede for havbruk i det opne havet, seier professor Tveterås.
Relevant kompetanse
Til dette treng vi ny kunnskap, og professor Tveterås meiner at kompetansen som UiS har frå offshore-teknologi vil vere svært relevant. Han vil mellom anna bruke kompetansen som er samla i havforskingsmiljøet OTICS for å utvikle nye løysingar.
Støtta til dette forprosjektet kom gjennom regjeringa si Grøn Plattform. Havklynga Stiim Aqua Cluster søkte om midlar saman med mange av selskapa som er med i klynga.
– Det var svært gledeleg å få forprosjektmidlane. Først og fremst er dette ei anerkjenning av at havbruk til havs blir verdsett som ein del av grøn omstilling, og ei verdikjede som er viktig for Noreg å utvikle vidare, seier Andreas Heskestad, dagleg leiar i Stiim Aqua Cluster.
Lågare utslepp
Forprosjektet skal bidra til et utvikling av eit hovudprosjekt som har følgjande føremål:
- Oppnå lågaste utslepp av CO2 og andre miljøavtrykk per produsert kilo protein innanfor havbruk, men også i forhold til landbasert kjøttproduksjon.
- Bidra til nye teknologiske løysningar og driftsløysningar for verdikjeda frå smoltproduksjon til slakteklar fisk, som omfattar elektrifisering (flytande havvind, hybrid eller fullelektrisk maritim transport mm.), digitale løysningar (IoT), og robotisering.
- Bidra til nye standardar og teknologiske løysningar for operasjonar på verutsette lokalitetar til havs som omfattar havbruksinstallasjonar og fartøy.
- Gi forskingsbasert dokumentasjon på energibruk, klimautslepp og andre miljøavtrykk frå verdikjeda for offshore havbruk.
- Gi eit vesentleg bidrag gjennom til etablering av ei internasjonalt leiande verdikjede, som i følgje ein Stiim rapport forfatta av UiS forskarar og andre har eit årleg verdiskapingspotensial på opp mot 100 milliardar kroner og opp mot 40.000 årsverk.
Resultata av arbeidet i forprosjektet skal munne ut i ein søknad til Grøn plattform om hovudprosjekt. Dei som vinn fram der, kan få pengestøtte på mellom 50 og 150 millionar kroner.
Tekst: Leiv Gunnar Lie