Anerkjent pris til forskar ved Handelshøgskolen ved UiS

Elham Ghazimatin vert tildelt prisen «Robert Lusch Early Career Research Award» for hennar forsking innan marknadsføring.

Publisert Sist oppdatert

– Det kjennest heilt fantastisk! Det er ei stor ære å få denne prisen, seier Elham Ghazimatin som er «Assistant Professor» på Handelshøgskolen ved UiS.

Elham Ghazimatin

Ho har nyleg blitt kåra som vinnaren av Robert Lusch Early Career Research Award.

Robert Lusch var ein amerikansk professor i marknadsføring, og denne prisen har som mål å anerkjenne nokon som har publisert ein artikkel tidleg i sin karriere i eit AMA Journal. Artikkelen skal vere banebrytande og introdusere nye teoriar for å betre kunne forstå forbrukarar, marknaden og marknadsføringshandlingar.

– Eg er ekstremt interessert i styring av prosjekt/mellombelse organisasjonar, og eg håper at denne prisen vil oppmuntre til meir forsking på temaet, seier Ghazimatin.

Takknemleg for anerkjenninga

Det er American Marketing Associaton (AMA) som deler ut prisen, og her er nokre ord frå jurykomiteen:

Me mottok mange fremragande nominasjonar, men din skilde seg ut ikkje berre for det nye i forskinga og hennes konseptuelle rammeverk, men også for potensialet til å gje betydelege bidrag til vår forståing av ein svært understudert, men utbredt organisasjonsform – den mellombelse organisasjonen. Valkomiteen syntest arbeidet var ekstremt imponerande og at det oppmuntrar til framtidig arbeid og har interessante leiarmessige implikasjonar. Professor Lusch ville sjølv vore stolt av denne forskingsstraumen.

Ghazimatin seier sjølv at ho synest Professor Lusch har gitt enorme bidrag til feltet, og at det er ei stor ære å få ein pris i hans namn.

– Å få høyre at han sjølv ville vore stolt over forskinga mi betyr verkeleg alt. Det er også fantastisk og smigrande å få så utmerka støtte frå mange seniorforskarar på området. Eg er djupt takknemleg til kvar av dei for å anerkjenne verdien av forskinga mi, og for å nominere meg til denne prestisjetunge prisen.

Utdelinga av prisen vil skje på AMA sin konferanse i Nashville i februar.

Aktuelt frå Handelshøgskolen ved UiS

Ola Kvaløy utnevnt til utvalg om sirkulær økonomi

Regjeringen setter ned en ekspertgruppe for å se på virkemidler for å redusere ressursbruken og bidra til en mer sirkulæ...

Senter for innovasjonsforskning opprettes som forskningssenter i fem nye år

Det nåværende senterets funksjonstid utløp den 31. desember 2023. Søknaden om å etablere senteret på ny ble godkjent av ...

Roald Martinussen 70 år

Vi gratulerer vår kjære kollega, dosent Magnus Roald Martinussen med 70-årsdag søndag 28. januar.

Menn og yngre har høyest lederambisjoner blant sykepleiere

Ledere som støtter, lytter og verdsetter ansatte er svært viktig for sykepleieres ambisjoner om videre karrierevalg i he...