To masterstudentar frå Handelshøgskolen ved UiS har fått publisert studien frå masteroppgåva si i ein internasjonal journal.
I vår skreiv Veronica Bollestad og Jon-Sander Amland, som begge studerte master i økonomi og administrasjon, masteroppgåva The pros and cons of remote work in relation to bullying, loneliness and work engagement: A representative study among Norwegian workers during Covid-19, der dei såg på kva slags innverknad bruken av fjernarbeid og heimekontor har hatt under koronapandemien.
Nå har studien deira, som dei gjorde saman med rettleiar og professor Espen Olsen, blitt publisert hos den internasjonale journalen Frontiers in Psychology, section Organizational Psychology.
Betyr mykje
– Det er sjølvsagt stas å få publisert masteroppgåva. Dette var eit forslag frå Espen og noko me blei einige om at me skulle prøve på, seier Jon-Sander Amland som nå er stipendiat på Handelshøgskolen ved UiS.
Han seier han har lært mykje av prosessen, og han trur dette kan ha hjelpt i konkurransen om å bli stipendiat.
– Eg måtte sette meg inn i ein ny metode eg ikkje hadde brukt før, og det lærte eg mykje av. Det å forske har eg alltid sett på som meiningsfylt, så det å få moglegheita til å publisere eiga forsking betyr mykje. Det at eg hadde ein artikkel som var i prosessen av å bli publisert trur eg styrka søknaden til stipendiatstillinga eg har nå.
Stigande lesertal
Det heile har vore eit svært godt samarbeid, synest Veronica Bollestad. Ho har i etterkant av masteren fått jobb i Felleskjøpet med ansvar for innkjøp, logistikk og bærekraft.
– Det har vore svært spennande og lærerikt å få publisert dette. Espen har vore pådrivar heile semesteret og hjelpt oss, så mykje ære skal gå til han som tør å ta nye/andre vegar når det kjem til sjølve masteroppgåva.
Bollestad og Amland har også vore i media med forskinga si, før ho vart publisert. I sommar vart dei intervjua i både Rogalands Avis og i NRK Rogaland.
– Lesertala på artikkelen er stigande og det er fleire som har lasta han ned. Det blir derfor spennande å sjå om han har noko innverknad på vidare forsking framover, seier Bollestad.
Ikkje vanleg med slik publisering
Professor Espen Olsen på Avdeling for innovasjon, leiarskap og marknadsføring, som rettleia Bollestad og Amland, seier han vart godt kjent med dei under masteremnet ledelse og organisatorisk endring.
– Eg såg me hadde potensiale til å gjere noko ekstra ut av masteroppgåva dei skulle skrive. Derfor gav eg dei tilgang til ei fersk nasjonal undersøking om arbeidsforhold i Noreg. Me starta tidleg med å planlegge vinklinga i studien, slik at dei fekk god tid til dei ulike fasane av oppgåveskrivinga. Alt i alt vart dette ein veldig kjekk prosess og eit godt samarbeid med studentane. Det er ikkje vanleg at masteroppgåver i etterkant blir publisert i internasjonale journalar.
Førebels lite kunnskap om dette temaet til nå
Det er lite kunnskap og forsking til nå om kor stor innverknad bruken av fjernarbeid og heimekontor har hatt under koronapandemien. Men denne studien bygger på tidlegare litteratur ved at dei undersøkte korleis dette relaterer seg til arbeidsengasjement og einsemd.
Studien, som har henta data frå 1511 norske arbeidarar september 2021, tyder på at heimekontor og fjernarbeid både har hatt positiv og negativ verknad. Heimekontor og fjernarbeid kan potensielt redusere mobbing og ha ein beskyttande funksjon for å førebygge mobbing. Men sidan slikt arbeid også har positive relasjonar med både einsemd og arbeidsengasjement, illustrerer denne studien at organisasjonar bør vere forsiktige og kanskje vurdere eit moderat nivå av fjernarbeid og heimekontor. Derfor har resultata fleire implikasjonar for personalpolitikk og leiing, forklarer Bollestad, Amland og Olsen.
Her kan du lese heile masteroppgåva og forskinga dei har gjort.
Aktuelt frå Handelshøgskolen ved UiS
Ola Kvaløy utnevnt til utvalg om sirkulær økonomi
Regjeringen setter ned en ekspertgruppe for å se på virkemidler for å redusere ressursbruken og bidra til en mer sirkulæ...
Senter for innovasjonsforskning opprettes som forskningssenter i fem nye år
Det nåværende senterets funksjonstid utløp den 31. desember 2023. Søknaden om å etablere senteret på ny ble godkjent av ...
Roald Martinussen 70 år
Vi gratulerer vår kjære kollega, dosent Magnus Roald Martinussen med 70-årsdag søndag 28. januar.
Menn og yngre har høyest lederambisjoner blant sykepleiere
Ledere som støtter, lytter og verdsetter ansatte er svært viktig for sykepleieres ambisjoner om videre karrierevalg i he...
Nytt årsstudium i økonomi og ledelse
Lyst til å teste økonomistudier? Nå kan du ta et årsstudium i økonomi og ledelse ved Universitetet i Stavanger!
Doktorgrad om hvordan elevers tankesett påvirker læringsresultater
Elin Svensen disputerte for ph.d.-graden i sosiologi, sosialt arbeid, kultur og samfunn ved Det samfunnsvitenskapelige f...
Ser verden med nye briller etter fullført Executive MBA
– Jeg kommer til å få nytte av denne graden både i jobben min i politiet og i politikken sier Mushrifa Ali Mubarak. Hun ...
Studentar konkurrerte om beste konsulentrapport
Også i år fekk studentane i kurset “Economics of Motivation” prøva seg som konsulentar i arbeidslivet for å testa ut teo...
Nordens største økonomifestival – for sjuende gang
Tradisjonen tro inntar økonomer, samfunnsdebattanter, politikere og fagfolk en rekke scener og puber i Stavanger i slutt...
Bli studentassistent ved Handelshøgskolen!
Handelshøgskolen UiS er på jakt etter dyktige og motiverte studentar som ønskjer å kombinere studiane med jobb hausten 2...
Øk barnetrygden og innfør løpende barnehageopptak for å forhindre at fattigdom går i arv
Ekspertgruppen om barn i fattige familier leverte tirsdag 17. oktober sine anbefalinger til barne- og familieminister Kj...
Møt Mona, ein av dei første masterstudentane i rettsvitskap i Stavanger
Denne hausten starta dei første studentane på det nye masterstudiet i rettsvitskap ved Universitetet i Stavanger. Om to ...
Lærer studentane å bruka AI
Det vil vera avgjerande å meistra AI-teknologi i framtida. Som student ved Handelshøgskolen ved UiS lærer du korleis du ...
Marte Solheim tildelt pris for framifrå bidrag til regionsforsking
Marte Solheim er tildelt Regional Studies Associations pris "Distinguished Service Award" for 2023. Prisen blir delt ut ...
Rune Dahl Fitjar blir ny leder for Senter for innovasjonsforskning
Fitjar er professor i innovasjonsstudier og kommer fra stillingen som prorektor for innovasjon og samfunn ved Universite...
UiS-forskere hevder seg på internasjonal ranking
Ron Boschma og Bjørn Terje Asheim, begge tilknyttet Senter for innovasjonsforskning ved UiS, er på Research.coms rangeri...
Nytt studieprogramråd for Master i økonomi og administrasjon opprettet
Rådet består eksterne interessenter fra samfunn- og næringsliv og akademia. Hensikten med rådet er å forbedre kvaliteten...
Ola Kvaløy fortsetter som dekan ved Handelshøgskolen
Dekan ved Handelshøgskolen ved UiS, Ola Kvaløy, får fornyet sitt åremål med fire nye år.
Gode søkertall til ny jusutdanning i Stavanger
Fra høsten 2023 tilbyr Universitetet i Stavanger for første gang full jusutdanning. Det har hatt effekt på søkingen til ...