Endeleg skal Stavanger-studentane få si eiga storstove!

Studentsamskipnaden vil utvide dagens sportssenter og samle tenestetilbod, servicefunksjonar og studentaktivitetar i eit felles bygg. Målet er betre studentvelferd og meir liv og røre på campus.

Published Sist oppdatert
illustrasjon av bygning
Det nye velferdsbygget med god plass til aktivitetar og studentpub i kjellaren
(illustrasjon: LINK arkitektur)

Studentsamskipnaden i Stavanger (SiS), jobbar for å sikre at alle studentar i Stavanger har gode velferdsordningar under studietida. Forutan studentbustader og barnehage driv samskipnaden mellom anna sportssenter, bokhandel og kaféar og har tilbod om ulike helsetenester. I dag er verksemda spreidd i ulike bygg, noko som gjer det vanskeleg å drive effektivt og også går ut over tilgjengelegheita. No skal mesteparten samlast under eit og same tak, og går alt etter planen, skal det nye bygget stå klart til semesterstart i 2024.

Eit fleirbrukshus for og med studentar

Direktør i SiS, Elisabeth Faret, er glad for at dei snart kan gje eit enno meir studentretta tilbod. Ho trur det nye velferdsbygget vil vere med på å trekkje fleire av studentane som bur i nærområdet, til aktivitetane og tilboda i huset, også studentar som høyrer til på andre studieinstitusjonar.
– Me har 1200 besøkande på sportssenteret kvar dag. Med eit stort og nytt velferdsbygg kan me gjere dei andre tenestene til SiS meir synlege og senke terskelen for å ta kontakt og hive seg med. Dessutan kan vi tilby meir studentvennlege opningstider.

Bilde av bygning
Dagens sportshall vert kraftig utvida (illustrasjon: LINK arkitektur)

Plassmangel har lenge vore ei utfordring for SiS. Med 12 000 nye kvadratmeter totalt, der 4000 er øyremerka treningsareal, blir det betre treningsfasilitetar med nye baner til ballsport, rom til gruppetimar, performancesal og klatrevegg. Meir plass betyr òg at helsetilbodet endeleg kan utvidast med eige lege- og tannlegeteneste, og sports- og servicetilbod får ein felles SiS-resepsjon som er open frå tidleg morgon til sein kveld. Bokhandel og kafé kjem inn, og det blir god plass til aktivitetar av ulike slag.

Studentorganisasjonen flyttar inn i andre etasje, og i kjellaren opnar det studentpub. Tanken er å gjere det nye bygget til ein naturleg del av studentanes kvardag. Det skal vere ein trygg og god stad der ein alltid kan treffe nokon.
– To år med korona har satt sitt preg på studentmiljøet. Dei som no er første- og andreårsstudentar har ikkje fått det same forholdet til dei ulike studentaktivitetane og studentarbeidet som skjer utanom sjølve forelesningane. Ein del studentar har òg hatt det tungt under pandemien. Så no ønsker me verkeleg at studentane skal kome seg ut og engasjere seg igjen, seier Faret.

Studentane har gitt råd

Foto av Eira Aas Eide og Elisabeth Faret
Eira Aas Eide (StOr) og Elisabeth Faret (SiS)

Leiar for studentorganisasjonen ved UiS (StOr), Eira Aas Eide, fortel at dei har vore aktivt med i arbeidet med å planlegge det nye velferdsbygget. Saman med velferdstinget, tappetårnet og andre studentaktørar har dei meld frå om kva dei har behov for og kva som er viktig for studentane som skal bruke bygget. Ho trur det nye fleirbrukshuset til SiS vil gje Stavanger-studentane betre samlingsstader og vere eit godt utgangspunkt for eit aktivt og levande studentmiljø.
– Endeleg får me eit studenthus, ei storstove om du vil, der me kan samle linjeforeiningar og tilby masse forskjellige studentaktivitetar. Det blir ein stad kor det heile tida er liv og røre. Kanskje kjem du dit i eit bestemt ærend, og så blir du berre hengande der fordi det er så mykje anna kjekt som skjer.

Alle skal med

Eira trur òg den nye samlingsstaden kan skape meir aktivitet på tvers av dei ulike studieinstitusjonane i Stavanger. Det er ei oppfatning Faret deler.
– I og med at kontora og tenestene til studentsamskipnaden er spreidd utover UiS sin campus i dag, er det nok framleis nokre som trur at SiS er ein del av universitetet. Når me flyttar over i vårt heilt eige bygg, blir det enklare å få fram at me er ei eiga, uavhengig verksemd som er her for alle studentar, anten ein studerer på UiS, VID, BI eller dei andre institusjonane.
Planen er at bygginga skal starte no i haust.
– I år feirar SiS 50 år. Å få ta det første spadestikket og tydeleg vise at me vil ruste opp SiS for åra og studentane som kjem, hadde vore ein fantastisk måte å markere jubileet på, avsluttar Faret.

Bilde av bygning

Dagens sportssenter vert kraftig utvida

illustrasjon av amfi og spiseplass

Gode møteplassar

Bygningskompleks sett i fugleperspektiv

Det nye velferdsbygget sett ovanfrå

illustrasjon av bygning

Her kjem det kafe, bokhandel, aktivitetsområde, helsetenester, kontor - og studentpub i kjellaren!

Tekst: Camilla Larsen / Illustrasjonar: LINK arkitektur