I faget Economics of Motivations på Handelshøgskolen ved UiS har studentane fått prøvd seg som konsulentar - som til slutt enda opp som ein case-konkurranse. Vinnarlaget mottok heile 40 000 kroner frå Sandnes Sparebank.
– Me er letta, glade og fulle av adrenalin! Dette var uventa, men samtidig hadde me ein god følelse. Me trudde det gjekk bra, men ein veit jo aldri korleis dei andre gruppene har gjort det.
Det seier Mari Vie Murvold, Lene Katrin Salte, Ana Karen Flores Garcia og Tonje Hamarsland Oaland. Dei vann konkurransen Sandnes Sparebank Case Competition og premien på 40 000 kroner, som var avslutninga på kurset Economics of Motivation.
I dette kurset lærer studentane om motivasjon på arbeidsplassen gjennom teori og praksis. Dei dannar grupper og skal fungere som konsulentar for ein ekte bedrift/organisasjon som dei vel sjølv. Og basert på intervju med ein leiar i bedrifta skriv dei ein rapport som vurderer korleis dei tilsette er motiverte, og foreslår anbefalingar for korleis bedrifta kan auke motivasjonen.
Viktig å kjenne igjen motivasjon på arbeidsplassen
Vinnergruppa hadde valt bedrifta Akva Group, fordi dei ønska å lære frå ein relevant og interessant industri. Og det låg også ei spennande utfordring der.
– Det er utfordrande å finne nye måter å motivere tilsette som allereie er motiverte. Faren er at det kan avta, seier dei.
Dei går alle siste året master i økonomi og administrasjon og tar spesialiseringa strategi og leiing. Det gjorde dette kurset ekstra relevant å ta, syntest dei.
– Temaet er generelt svært interessant, og du kan lære ting både på det personlege og profesjonelle plan. Og du lærer både om motivasjon på arbeidsplassen som ein leiar, men det er også viktig å vite korleis du som ein tilsett kan kjenne igjen motivasjon.
Nyttig for bedrifter og studentane
Det er Den Gule Banken, Sandnes Sparebank som arrangerer konkurransen, med CFO og viseadministrerande direktør Tomas N. Middelthon, i spissen. Han kunne sjå at studentane på førehand var spente og forventningsfulle før og under konkurransen.
– Dei er godt førebudd, og det ser ut som dette betyr mykje for dei. Dei har verkeleg lagt sjela si i rapporten og presentasjonen.
Sandnes Sparebank har denne konkurransen for å bidra til samarbeid med akademia og næringslivet, forklarer Middelthon.
– Dette er nyttig for både bedriftene og studentane. Studentane blir førebudd på arbeidslivet. For bedriftene så går det på at dei får spørsmål som ingen andre spør.
Teori til praksis
Dette er det sjette året Sandnes Sparebank Case Competition blir arrangert.
I år er det stipendiat Espen Sagen som har vore ansvarleg for Economics of Motivations, og han har undervist i kurset saman med professor Mari Rege og Simone Valerie Häckl-Schermer som er postdoktor på innstegsvilkår på Handelshøgskolen ved UiS. Sagen har også hatt ansvar for case-konkurransen og han trur studentane får mykje ut av kurset.
– I mange kurs får studentane i oppgåve å hugse ein haug med informasjon og blir bedd om å "sluke" opp alt under éin eksamen. Ved å la studentane skrive denne rapporten og engasjere seg med eit ekte firma, får dei øve på å relatere vitenskapeleg teori til verkelege situasjonar. Sjølv om det krev mykje arbeid, har eg fått inntrykk av at studentane (og bedriftene) får mykje ut av case-oppgåva. Det er jo trass alt dette dei aller fleste skal gjere etter endt utdanning også, seier Sagen.
Aktuelt frå Handelshøgskolen ved UiS
Ola Kvaløy utnevnt til utvalg om sirkulær økonomi
Regjeringen setter ned en ekspertgruppe for å se på virkemidler for å redusere ressursbruken og bidra til en mer sirkulæ...
Senter for innovasjonsforskning opprettes som forskningssenter i fem nye år
Det nåværende senterets funksjonstid utløp den 31. desember 2023. Søknaden om å etablere senteret på ny ble godkjent av ...
Roald Martinussen 70 år
Vi gratulerer vår kjære kollega, dosent Magnus Roald Martinussen med 70-årsdag søndag 28. januar.
Menn og yngre har høyest lederambisjoner blant sykepleiere
Ledere som støtter, lytter og verdsetter ansatte er svært viktig for sykepleieres ambisjoner om videre karrierevalg i he...
Nytt årsstudium i økonomi og ledelse
Lyst til å teste økonomistudier? Nå kan du ta et årsstudium i økonomi og ledelse ved Universitetet i Stavanger!
Doktorgrad om hvordan elevers tankesett påvirker læringsresultater
Elin Svensen disputerte for ph.d.-graden i sosiologi, sosialt arbeid, kultur og samfunn ved Det samfunnsvitenskapelige f...
Ser verden med nye briller etter fullført Executive MBA
– Jeg kommer til å få nytte av denne graden både i jobben min i politiet og i politikken sier Mushrifa Ali Mubarak. Hun ...
Studentar konkurrerte om beste konsulentrapport
Også i år fekk studentane i kurset “Economics of Motivation” prøva seg som konsulentar i arbeidslivet for å testa ut teo...
Nordens største økonomifestival – for sjuende gang
Tradisjonen tro inntar økonomer, samfunnsdebattanter, politikere og fagfolk en rekke scener og puber i Stavanger i slutt...
Bli studentassistent ved Handelshøgskolen!
Handelshøgskolen UiS er på jakt etter dyktige og motiverte studentar som ønskjer å kombinere studiane med jobb hausten 2...
Øk barnetrygden og innfør løpende barnehageopptak for å forhindre at fattigdom går i arv
Ekspertgruppen om barn i fattige familier leverte tirsdag 17. oktober sine anbefalinger til barne- og familieminister Kj...
Møt Mona, ein av dei første masterstudentane i rettsvitskap i Stavanger
Denne hausten starta dei første studentane på det nye masterstudiet i rettsvitskap ved Universitetet i Stavanger. Om to ...
Lærer studentane å bruka AI
Det vil vera avgjerande å meistra AI-teknologi i framtida. Som student ved Handelshøgskolen ved UiS lærer du korleis du ...
Marte Solheim tildelt pris for framifrå bidrag til regionsforsking
Marte Solheim er tildelt Regional Studies Associations pris "Distinguished Service Award" for 2023. Prisen blir delt ut ...
Rune Dahl Fitjar blir ny leder for Senter for innovasjonsforskning
Fitjar er professor i innovasjonsstudier og kommer fra stillingen som prorektor for innovasjon og samfunn ved Universite...
UiS-forskere hevder seg på internasjonal ranking
Ron Boschma og Bjørn Terje Asheim, begge tilknyttet Senter for innovasjonsforskning ved UiS, er på Research.coms rangeri...
Nytt studieprogramråd for Master i økonomi og administrasjon opprettet
Rådet består eksterne interessenter fra samfunn- og næringsliv og akademia. Hensikten med rådet er å forbedre kvaliteten...
Ola Kvaløy fortsetter som dekan ved Handelshøgskolen
Dekan ved Handelshøgskolen ved UiS, Ola Kvaløy, får fornyet sitt åremål med fire nye år.
Gode søkertall til ny jusutdanning i Stavanger
Fra høsten 2023 tilbyr Universitetet i Stavanger for første gang full jusutdanning. Det har hatt effekt på søkingen til ...