Seks nye professorar

Ved Institutt for kultur- og språkvitskap har heile seks personar fått opprykk eller blitt tilkjent professorkompetanse i samband med tilsetjing den siste tida.

Publisert Sist oppdatert

6 nye professorar ved IKS, frå venstre: Benedikt Jager, Jan Kristian Hognestad, Klaus Johan Myrvoll, Janne Stigen Drangsholt, Ulrich Dettweiler og Ingrid Nielsen.

Det er snakk om Ullrich Dettweiler, Janne Stigen Drangsholt, Jan Kristian Hognestad, Benedikt Jager, Klaus Johan Myrvoll og Ingrid Nielsen.

- Det er ikkje uvanleg at godt kvalifiserte og erfarne førsteamanuensar søker opprykk til professor etter kvart, men seks nye professorar på såpass kort tid, på eitt institutt – det er heller sjeldan, meiner Odd Magne Bakke, dekan ved Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora.

Som tidlegare instituttleiar ved IKS kjenner han godt til dei seks og er både glad og stolt på UiS sine vegner.

- Dei nye professorane representerer ei fagleg breidd, primært innan språk- og litteraturvitskap.  Dei har starta sine akademiske karrierar på ulike stader i ulike land, men har etter kvart funne vegen til UiS, noko vi er veldig glade for, seier Bakke.

Felles for dei seks er stor produksjon av vitskaplege artiklar og bøker etter avlagd doktorgrad, og dei driv aktiv formidling, både populærvitskapleg og akademisk.  

- Fagmiljøet ved IKS er solid og gir rom for idéutvikling saman med kollegaer. Kvart av opprykka er likevel personleg og utløyst av individuelle vurderingar og inneber ei anerkjenning av arbeidet som ligg til grunn hos den enkelte, seier Odd Magne Bakke.

Nordisk, engelsk og uteskule

Forskingsinteressene til dei seks spenner vidt.

Klaus Johan Myrvolls doktorgrad handla om språket og metrikken i norrøne skaldedikt. Han er i tillegg oppteken av gamle germanske språk og har publisert ei rekkje vitskaplege artiklar innanfor norsk og nordisk språk- og litteraturhistorie.

Ingrid Nielsen er også nordist og jobbar med nordisk litteratur. Ho har ei særleg interesse for moderne lyrikk og norskdidaktikk. Har utgitt to diktsamlingar, med den nyaste på trappene no i haust.

Benedikt Jager kombinerer ei interesse for både nordisk og tysk litteratur, og ulike kulturmøte mellom Skandinavia og Tyskland. Han har mellom anna sett på korleis norsk litteratur vart tatt imot i det totalitære Aust-Tyskland, men også jobba med minnestudiar, gjennom å sjå på utforming av minnearbeidet etter DDR.

Jan Kristian Hognestad har doktorgrad i fonologi, om tonefall i norske dialektar. Forskingsinteressene hans er først og fremst innan språkstrukturelle emne, då særleg fonetikk og fonologi. Han er talespråkforskar, men er også oppteken av fagdidaktikk og har skrive lærebøker for vidaregåande skule og høgare utdanning.

Der dei fire føregåande er nordistar, er det engelsk litteratur som er stikkordet for Janne Stigen Drangsholt. Avhandlinga hennar handla om den britiske lyrikaren Ted Hughes. Ho har sidan forska på populærkulturelle emne, narratologi og engelsk og amerikansk samtidslyrikk og jobbar no med eit prosjekt om nærlesing av visuelle bilete, med særleg fokus på grafiske romanar, film og TV-seriar.

Sjølv om språk og litteratur er ein overordna fellesnemnar for fem av dei seks nye professorane, skil den sjette seg ut. Ulrich Dettweiler har si faglege interesse primært i pedagogikk, og då særleg uteskule og motivasjonspsykologi. Han underviser i pedagogikk, i tillegg til å vere fagansvarleg for doktorgradsprogramma ved fakultetet.

Vi gratulerer med opprykka og tilsetjingane og håper det inspirerer til vidare nysgjerrig forsking!

Tekst og foto: Anja Kristin Bakken