Stor oppslutning frå UiS på feiande flott 17. mai-feiring i Stavanger

Med rektor som hovudtalar på folkefesten i Bjergsted og vel 250 deltakarar i Folketoget, viste UiS godt igjen på årets nasjonaldagsfeiring. Rektor Klaus Mohn takkar kvar og ein av studentar og tilsette for imponerande oppslutning om nasjonaldagen.

Published Sist oppdatert
Rektor Klaus Mohn i spissen for UiS i Folketoget i Stavanger 17. mai 2022

–  Etter to år i «dvale» er eg veldig glad for at så mange studentar og tilsette tok høvet til igjen å feire oss sjølve og nasjonaldagen. Me kan alle være stolte over det store engasjementet, som skapte positiv merksemd om Universitetet i Stavanger. Stor takk til alle som var med! helser rektor.

Det verka som pandemien, og vissa om at det igjen er krig i Europa, hadde fått folk til å bli særleg opptekne av å markere denne nasjonaldagen. Dei gjekk mann og kvinne av huse for å få feire 17. mai 2022.

– Vis omtanke

Rektor Klaus Mohn var invitert til å vere hovudtalar under folkefesten ved Stavanger Konserthus i Bjergsted.

I talen oppmoda han til takksemd og ettertanke og til å akte oss for å bli fanga av velstanden og blenda av oss sjølve.

– Bak ei sterk kjensle av eining og identitet, lurar ein fare for å se seg sjølve som noko anna og betre enn andre.

– Vis omtanke for dei som ikkje er like heldige som oss og ver raus mot dei som er utanfor. Det bør vi ta oss råd til i all velstanden vår, sa han.

UiS i Folketoget 2022

Jubeltog gjennom gatene

Etter folkefesten i Bjergsted var 200 studentar samla på Folken til gratis 17. mai-lunsj, spandert av UiS. Etter måltidet gjekk deltakarane i parade med faner ned til Torget for å stille opp til Folketoget.

Med fane, flaggborg med norske og internasjonale studentar, jazzande rytmer og rektor Klaus Mohn i spissen, toga den store UiS-delegasjonen og Studentorganisasjonen StOr ut frå Torget presis klokka 1600.

Korpset med studentar frå Fakultet for utøvande kunstfag og Stavanger Studentsangforening sørga for at stemninga var upåklageleg langs ei togrute der det var stint med folk og jubel og hurrarop fylte lufta.

Tekst: Elin Nyberg