Læringsmiljøprisen for 2021 går til studiekoordinatorane Hanne Elise Pollack og Kjersti Gjedrem. Dei får prisen for å skape gunstige høve for eit godt læringsmiljø på grunnskulelærarutdanningane.
Dei har bygd opp eit system som består av ulike element. Dei følgjer opp eit ringeprosjekt kvart år som kontaktar alle som har fått tilbod om studieplass, dei har møter med tillitsvalde, dei har formøter med studentrepresentantar i studieprogramråda og dei har dialog med fadrane ved semesterstart.
– Anerkjenner studieadministrativt tilsette
Målet er å legge til rette for alt det som skal vere på plass rundt studentane, slik at dei kan fokusere på å lære og at det skal vere best mogleg miljø for studentane. Desse systema er i stadig utvikling i dialog med både studentar og kollegaer.
– Denne prisen er ei anerkjenning av studieadministrativt tilsette på heile UiS og belyser den viktige rolla som administrasjonen har i den daglege drifta av universitetet. Det er eg veldig stolt av, seier Pollack.
Ho er i dag studierådgjevar ved Institutt for sosialfag, men får prisen for arbeidet ved Institutt for grunnskolelærarutdanning, idrett og spesialpedagogikk (IGIS), der Kjersti Gjedrem framleis er studiekoordinator.
Samarbeider godt med engasjerte studentar og dyktige kollegaer
– Om vi har klart å gjere ein god jobb, så er det i samarbeid med utruleg dyktige kollegaer på instituttet og engasjerte studentar, seier Gjedrem.
Føremålet med utdannings- og læringsmiljøprisen ved Universitetet i Stavanger er å anerkjenne godt arbeid med utdanningskvalitet og læringsmiljø, og stimulere til systematisk kvalitetsarbeid i utdanningane. Spesiell innsats for tilrettelegging av det fysiske og psykososiale læringsmiljøet ved UiS kan òg leggast til grunn. I tillegg rettar prisen seg mot godt utdanningsfagleg arbeid med utdanningane.
I år var det fleire nominerte kandidatar enn på mange år. Det viser ei positiv utvikling, sa rektor Klaus Mohn då han saman med StOr-leder Eira Ås Eide delte ut prisen under universitetets årsfest 29. oktober.
Prisen er på 50.000 kroner og eit diplom.
Tekst: Benedicte Pentz
Foto: Mari Løvås