Styre og arbeidsutval på plass i Kognitiv lab

Det tverrfakultære initiativet Kognitiv lab har fått sitt fyrste styre og arbeidsutval. Nå er målet deira å jobbe for å gjere laben til ein best mogleg arena for tverrfagleg samarbeid innan kognisjons- og åtferdsforsking.

Publisert Sist oppdatert
Morten Tønnessen. En middelaldrende mann med blå skjorte, skjegg, grønne briller. Han smiler og ser inn i kamera med kroppen vendt til siden. Bildet er tatt utendørs og i bakgrunnen ser man uklare grønne detaljer.
Morten Tønnessen blir Kognitiv Labs fyrste leiar.

I styringsgruppen blei instituttleiar ved Institutt for sosialfag, Morten Tønnessen, vald som leiar. Med seg har han prodekan for forsking ved det teknisk-naturvitskapleg fakultet, Helge Bøvik Larsen, som går inn i rollen som nestleiar. Styringsgruppa vert oppnemnt for ein toårsperiode.

– Det har vore interesse frå alle fakulteta ved universitetet, samt Arkeologisk museum. Alle desse er representert i styringsgruppa for Kognitiv lab, seier Tønnessen.  

Arbeidsutvalet

I arbeidsutvalet vert ph.d.-stipendiatane og studentrepresentanten oppnemnde for en eittårsperiode. Arbeidsutvalet består av ph.d.-stipendiat ved det helsevitskapleg fakultet, Aleksandra Sevic, prodekan for forsking ved det teknisk-naturvitskapleg fakultet, Helge Bøvik Larsen, forskingsleiar for Arkeologisk museum, Kristin Armstrong-Oma, fagleg leiar for ph.d.-utdanninga ved fakultet for utdanningsvitskap og humaniora, Ulrich Dettweiler og vitskapeleg ansatt ved det samfunnsvitskaplege fakultet, førsteamanuensis Richard Piech. Dei fyrste stipendiatane har starta i stillinga ved UiS. Fagleg leder for laben, Kolbjørn Kallesten Brønnick, vil i tillegg delta på møta og fungere som arbeidsutvalets sekretariat.
– I arbeidsutvalet sit nokre av dei fremste nøkkelpersonane, med mest relevant kompetanse, og engasjement for laben, seier den ferske leiaren.

Investerer

Laben vil halde til i kjellaren på Ellen & Axel Lunds hus, i lokalet kor Norsk kokebokmuseum tidlegare haldt til. UiS-styret vedtok i mars at 4,25 millionar kroner skal brukast til ombygging av lokalet. Laben, som skal gi nye moglegheiter innanfor forsking og studentprosjekt, vil samle realfag, helsefag, psykologi og andre fagområde som studerer åtferd og læring. Tønnessen trur laben vil bety mykje for UiS.
– Kognitiv lab byr på nye moglegheiter for UiS både innanfor forsking og utdanning. Den gir grunnlag for nye konstellasjonar av fagmiljøa og forskarar på tvers av fakultetsgrenser, med målingar føretatt under eksperiment innan kognitive studiar som fellesnemnar, seier Tønnessen.

Opprettinga

Initiativet til å opprette Lab for kognisjons-, åtferds og neuroforsking starta allereie våren 2020. Eit tverrfakultært ad hoc-arbeidsutval jobba frå då av med etablering av laben før dei mot slutten av året vart samde om styringsmodell for Kognitiv lab. Det blei bestemt at ei styringsgruppe og eit arbeidsutval skulle tre i kraft frå starten av 2021, for å bidra til at styringa av laben får ein meir etablert og varig struktur.
Ønskjer du å lese meir om Kognitiv lab, kan gjere det her.