UiS er tredje beste universitet på forsking

Universitetet i Stavanger ligg på tredjeplass i forskingsproduksjon per vitskapleg tilsett, ifølge ny statistikk.

Publisert Sist oppdatert

Kvinne står utenfor bygg
Prorektor for forsking Merete Vadla Madland er imponert over UiS-forskarane som til tross for mindre gunstige rammevilkår sørger for at UiS yppar seg mot dei store. Foto: UiS / Karen Anne Okstad

Tala frå Database for statistikk om høyere utdanning for 2023 viser at Universitetet i Stavanger (UiS) har svært produktive forskarar: 1,25 publiseringspoeng per vitskapleg tilsett. 

UiS har auka si forskingsproduksjon med 4,5 prosent, frå 1454 poeng i 2022 til 1523 poeng i 2023.

Sjå liste over publikasjonspoeng per vitskapleg tilsett ved norske universitet nedst i saka. 

Oppsummert kan UiS glede seg over:

  • auka forskingsproduksjon med 4,5 prosent sidan året før
  • tredjeplass publiseringspoeng per vitskapleg tilsett
  • tredjeplass nivå 2-publisering, altså publisering i dei beste journalane
  • Det teknisk-naturvitskaplrge fakultetet ved UiS er det mest-publiserande teknologi- og naturvitskaplege fakultetet i Noreg

Forskingsintensivt universitet

– Eg er imponert over forskingsinnsatsen frå forskarane våre som jobbar svært godt og publiserer imponerande mykje forsking som kjem samfunnet til gode, fortel Merete Vadla Madland, prorektor for forsking ved UiS.

Sidan UiS fekk universitetsstatus i 2004 har institusjonen jobba systematisk med å prioritere forsking. År for år har UiS auka forskingsproduksjonen. 2023 er eit nytt toppår. 

– Vi har bygd opp forskninga vår mykje takka vere ekstern finansiering som forskingsmidlar frå EU, Forskingsrådet og private aktørar. Også dei statsfinansierte stipendiatstillingane har gjort at vi kunne produsere mykje forsking til tross for mindre gunstige rammevilkår enn dei fire eldste universiteta. Dei har betre finansiering enn UiS og dei andre universiteta som vart etablert etter oss, forklarer Vadla Madland.

Bekymra for forskingas kår i framtida

Prorektoren er bekymra for at situasjonen for forsking ikkje blir betre framover. Tvert imot.

– Indikatoren som gjev utteljing for publisering av forsking er ikkje med i det nye nasjonale finansieringssystemet for universitetar og høgskular. Dette rammar UiS spesielt hardt. Vi opplever at vi blir straffa for å ha vektlagt forsking. Frå 2025 er det andre faktorar som gjev pengar i kassa gjennom dei nye rammene som er sett av Kunnskapsdepartementet, fortel Vadla Madland. 

Det teknisk-naturvitskaplege fakultet best i Noreg 

Ser vi nærmare på tala så har UiS-forskarar registrert 5161 publikasjonar og formidlingsaktivitetar. Av desse er 1534 vitskaplege publikasjonar.

Det teknisk-naturvitskaplege fakultet har auka forskingsproduksjonen mest med 725,4 poeng mot 619,9 året før. Det er ein auke på 17 prosent.

Fakultetet ligg på 2,06 publiseringspoeng per hovud, og er dermed det mest-publiserande teknologi- og naturvitskaplege fakultetet i heile Noreg. Av alle universitetsfakultet uansett fagområde er det berre medisinsk fakultet på UiO som ligg høgare enn UiS-fakultetet.

På forskingstoppen på fakultetet finn vi Yihan Xing (22,8 poeng), professor i maskinteknikk og undervannsteknologi, og Terje Aven, professor i risikovitskap (21,2 poeng).

Barnehageforskar publiserte mest

Natalia Kucirkova
Professor Natalia Kucirkova har flest publikasjonspoeng ved UiS.

Den som tronar øvst på UiS si liste for publisering er Natalia Kucirkova, professor i barnehagepedagogikk og tidleg utvikling, tilknytt Læringsmiljøsenteret og FILIORUM - Senter for barnehageforskning. Ho har publisert 20 vitskaplege publikasjonar og samla heile 24,2 poeng.

Kucirkova er oppteken av sosial rettferdigheit i borns leseferdigheit og deira bruk av teknologi. Ho forskar spesielt på barns bruk av medium og teknologiar.

Ho er særleg interessert i borns bruk av e-bøker og leseferdigheitsappar, spesielt med tanke på bruk av personlege data og algoritmar (digital tilpassing).

Natalias arbeid er finansiert av dei nasjonale forskingsrådane i Storbritannia og Norge.

Ligg høgt på nivå 2-publisering

Med ein fjerdedel (24,15 prosent) av publikasjonane på nivå 2 ligg UiS på tredjeplass blant universiteta. 

Det å publisere i ein kanal på nivå 2 gjev ekstra utteljing og omfattar dei mest betydningsfulle og kvalitetskrevjande kanalane.

Ph.d.-kandidatane har også gjort jobben sin. Heile 61 doktoravhandlingar vart levert inn i 2023. Det er litt meir enn dei to siste åra, men noko under toppåret 2020 då 74 ph.d.-kandidatar avla doktorgraden sin.

Liste over publikasjonspoeng per vitskapleg tilsett ved norske universitet 2023 (2022 i parentes, tal frå DBH):

Universitetet i Oslo: 1,69 (1,73)
Universitetet i Bergen: 1,41 (1,41)
Universitetet i Stavanger: 1,25 (1,24)
Universitetet i Agder: 1,25 (1,19)
Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet: 1,23 (1,27)
Norges miljø- og biovitenskapelige universitet: 1,03 (1,12)
Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet: 0,97 (1)
OsloMet– storbyuniversitetet: 0,95 (0,86)
Universitetet i Sørøst-Norge: 0,84 (0,75)
Nord universitet: 0,79 (0,86)

Oversikt over vitskapleg prod. per tilsett ved UiS dei siste åra (tal frå DBH):

2023202220212020 20192018
Publikasjonspoeng1523,11453,61407,61332,51298,11137,5
Poeng per vitskapleg tilsett1,251,241,291,361,361,24

Les også Stenroos tildeles prestisjestipend til forskning på middelalderengelsk.

Tekst: Karen Anne Okstad