Lakseskatt-forskarane Bård Misund, Ragnar Tveterås og Petter Osmundsen følte seg uthengde av VG og E24. No har dei fått medhald i PFU.
Første gang publisert: 26. juni 2020
E24 er felt for å ha brote god presseskikk, mens VG fekk den noko mildare fellinga "kritikk".
Artikkelen det gjeld vart publisert i november 2019, først i E24 og så i VG. Hovudpoenget var at professorane hadde publisert kronikkar om forslaget til ekstraskatt på laksebransjen, utan å opplyse at forskinga var betalt av laksenæringa.
Feil inntrykk
Misund, Tveterås og Osmundsen reagerte sterkt på framstillinga av saka og klaga redaksjonane inn for Pressens faglege utval (PFU). Eit sentralt poeng var at media unnlét å fortelje at forskinga deira også var finansiert av Finansdepartementet, som var "den andre parten" i spørsmålet om lakseskatt.
Dessutan kunne lesarane få inntrykk av at professorane var imot grunnrenteskatt for laksenæringa i det heile. Realiteten er at dei berre kritiserte sjølve innretninga på ein eventuell lakseskatt.
- Tendensiøst
PFU er einig i at framstillinga var kritikkverdig, og fleire i utvalet konkluderte med at han var tendensiøs. Utvalet noterer seg også at forskarane ved fleire høve har opplyst om finansieringskjeldene sine, noko dei fortalde journalistane. Likevel vart dette ikkje tatt med i artikkelen.
E24 fekk i tillegg hard kritikk for dårleg røkt av kommentarfeltet, der professorane vart skulda for "korrupsjon" og "svindel". Kommentarane vart ikkje fjerna før professorane sendte klage til PFU.
Les heile saksframstillinga på PFU sine nettsider: