Universitetet i Stavanger deltek med seks arrangement, forskarar frå fleire fakultet og senter, og leiarar på fleire nivå. Møt oss i Arendal!
Arendalsuka er ein viktig møteplass for norsk samfunnsliv, som i år går føre seg 12.-16. august. UiS er til stades under Arendalsuka 2024 for å bidra til spennande samtalar, debattar og diskusjonar om viktige samfunnsspørsmål.
Rygerelektra er båten der heile regionen kjem saman for å visa igjen i Arendal. Under overskrifta Energihovedstaden samarbeider Næringsforeningen i Stavanger-regionen med kommunane Stavanger, Sandnes, Sola, Randaberg, Gjesdal, Eigersund, Klepp, Time og Hå, og dessutan Rogaland fylkeskommune om aktiviteten i Arendal.
UiS vil ha arrangement både på Rygerelektra, Arendal kino og Bakgården - sjå oversikt i botn. I tillegg medverkar ei rekkje UiS-tilsette på ulike arrangement i regi av andre. Desse er:
Måndag 12.8
Professor Ragnar Tveterås frå Handelshøgskolen UiS deltek på Fra rødt til grønt lys for laksenæringa? i regi av Veterinærinstituttet.
Professor Mari Rege frå Handelshøgskolen UiS deltek på Makrorock: Rock og debatt med økonomi-ekspertene i regi av SpareBank 1 SR-Bank.
Tysdag 13.8
Forskingsleiar Hege Ersdal frå det helsevitskaplege fakultet deltek på Klima eller helse - hvor skal vi bruke bistandsmidlene? i regi av Laerdal Global Health, Gates Foundation, SINTEF, NTNU og Stavanger universitetssjukehus.
Professor Ole Andreas Engen frå det teknisk-naturvitskaplege fakultet deltek på Sikkerhet vs. åpenhet - vår tilpasning til det geopolitiske uværet i regi av Bygg Arena Arendal (BAA) 31 leiande bedrifter og foreiningar i bygg, anlegg og eigedomsnæringa her representert ved:, BDO AS og Forsvarsbygg/Nasjonalt kompetansesenter for sikring av bygg.
Phd-stipendiat Øystein Nybøe frå fakultet for utdanningsvitskap og humaniora deltek på Universelle arenaer for barn og unge: Relasjon, kontekst og levekår i regi av Kristiansand kommune, Agder fylkeskommune og Universitetet i Agder.
Onsdag 14.8
Dekan og professor Ola Kvaløy frå Handelshøgskolen UiS deltek på Sirkulær skandinavisk familieterapi i regi av Ng group og Tomra.
Torsdag 15.8
Professor Rune Dahl Fitjar frå Handelshøgskolen UiS deltek på Kan høyere utdanning redusere utenforskap gjennom sosial innovasjon? i regi av Universitets- og høgskolerådet (UHR), Næringslivets hovedorganisasjon (NHO) og Norsk studentorganisasjon (NSO).
Senterleiar frå Kunnskapssenter for utdanning Elaine Munthe deltek på Hvem er lærere i 2044? i regi av OsloMet og Kunnskapssenter for utdanning, UiS.
I tillegg vil rektor Klaus Mohn delta på arrangementa Hvordan rekruttere og beholde dyktige medarbeidere i barnehagene? i regi av Private Barnehagers Landsforbund på onsdag 13.8 og (U)rettferdighet i klimaendringer og klimatiltak i regi av NORCE på torsdag 14.8.