Forslaget vil kunne gje både meir verdiskaping og høgare skatteinntektar, meiner Ola Kvaløy, ein av to UiS-forskarar som sat i Skatteutvalet.
Måndag 19. desember la Skatteutvalet fram si utgreiing NOU 2022: «Et helhetlig skattesystem».
To av medlemene i utvalet har vore professor i skatterett Benn Folkvord og økonomiprofessor og dekan Ola Kvaløy – begge frå Handelshøgskolen ved UiS. Utvalet har blitt leia av professor Ragnar Torvik frå NTNU.
Pressemelding frå Finansdepartementet: Skatteutvalet har lagt frem sin utredning
Utvalet har foreslått nokre hovudgrep:
- Redusert skatt på arbeid, auka skatt på konsum
- Høgare skatt på klimagassutslepp og helse- og miljøskadelege aktivitetar
- Fleire grunnrenteskattar
- Redusert formueskatt, og innføring av skatt på arv
- Ny bustadskatt
- Enklare moms med ein sats, der auka skatteinntektar blir sett av til kompenserande omfordelingstiltak
– Forslaget er såkalt provenynøytralt på kort sikt, men vil på lengre sikt kunne gje meir verdiskaping og høgare skatteinntektar. Viss politikarane lyttar til våre forslag, vil skattesystemet gje ennå betre samfunnsøkonomi og betre fordeling enn det me har i dag, seier Kvaløy.
Nå skal utgreiinga ut på høyring.
– Det kan sikkert gje mange gode innspel, samtidig kan me ikkje rekne med at dei ulike høyringsinstansene har same blikk på heilheiten i systemet, slik utvalet har hatt. Me får derfor håpe at særinteressene ikkje får for stort gjennomslag når politikarane til slutt skal vedta endringar i skattesystemet, seier Kvaløy.
Intenst og lærerikt
Det var regjeringa Solberg som i juni 2021 sett ned eit ekspertutval som skulle gjere ein heilheitleg gjennomgang av skattesystemet. Dei skulle vurdere korleis skattesystemet burde utformast for å sikre ein sterk og konkurransedyktig økonomi i møte med sentrale utviklingstrekk som globalisering, digitalisering, teknologiutvikling, grøn omstilling og ei aldrande befolkning.
– Det er veldig bra at ein nå skal sjå på utforminga av skattesystemet, og det er ei fin anerkjenning å få delta i utvalet, sa Folkvord då utvalet vart kjent 18. juni 2021. Han meinte dagens skattesystem er ekstremt komplisert og langt på veg uforståeleg.
Også Kvaløy meinte at utvalets arbeid ville bli svært viktig, og at det ville ha betyding for universitetet.
– At Handelshøgskolen ved UiS stiller med to medlemer i utvalet er ei fin anerkjenning til vårt sterke fagmiljø innan samfunnsøkonomi og rettsvitskap.
Når utgreiinga nå endeleg er lagt fram seier Kvaløy at det heile har vore svært interessant og lærerikt å vere ein del av.
– Me har jobba ganske intenst, særleg det siste halvåret, med møte nesten annakvar veke, seier Kvaløy.
Aktuelt frå Handelshøgskolen ved UiS
Ola Kvaløy utnevnt til utvalg om sirkulær økonomi
Regjeringen setter ned en ekspertgruppe for å se på virkemidler for å redusere ressursbruken og bidra til en mer sirkulæ...
Senter for innovasjonsforskning opprettes som forskningssenter i fem nye år
Det nåværende senterets funksjonstid utløp den 31. desember 2023. Søknaden om å etablere senteret på ny ble godkjent av ...
Roald Martinussen 70 år
Vi gratulerer vår kjære kollega, dosent Magnus Roald Martinussen med 70-årsdag søndag 28. januar.
Menn og yngre har høyest lederambisjoner blant sykepleiere
Ledere som støtter, lytter og verdsetter ansatte er svært viktig for sykepleieres ambisjoner om videre karrierevalg i he...
Nytt årsstudium i økonomi og ledelse
Lyst til å teste økonomistudier? Nå kan du ta et årsstudium i økonomi og ledelse ved Universitetet i Stavanger!
Doktorgrad om hvordan elevers tankesett påvirker læringsresultater
Elin Svensen disputerte for ph.d.-graden i sosiologi, sosialt arbeid, kultur og samfunn ved Det samfunnsvitenskapelige f...
Ser verden med nye briller etter fullført Executive MBA
– Jeg kommer til å få nytte av denne graden både i jobben min i politiet og i politikken sier Mushrifa Ali Mubarak. Hun ...
Studentar konkurrerte om beste konsulentrapport
Også i år fekk studentane i kurset “Economics of Motivation” prøva seg som konsulentar i arbeidslivet for å testa ut teo...
Nordens største økonomifestival – for sjuende gang
Tradisjonen tro inntar økonomer, samfunnsdebattanter, politikere og fagfolk en rekke scener og puber i Stavanger i slutt...
Bli studentassistent ved Handelshøgskolen!
Handelshøgskolen UiS er på jakt etter dyktige og motiverte studentar som ønskjer å kombinere studiane med jobb hausten 2...
Øk barnetrygden og innfør løpende barnehageopptak for å forhindre at fattigdom går i arv
Ekspertgruppen om barn i fattige familier leverte tirsdag 17. oktober sine anbefalinger til barne- og familieminister Kj...
Møt Mona, ein av dei første masterstudentane i rettsvitskap i Stavanger
Denne hausten starta dei første studentane på det nye masterstudiet i rettsvitskap ved Universitetet i Stavanger. Om to ...
Lærer studentane å bruka AI
Det vil vera avgjerande å meistra AI-teknologi i framtida. Som student ved Handelshøgskolen ved UiS lærer du korleis du ...
Marte Solheim tildelt pris for framifrå bidrag til regionsforsking
Marte Solheim er tildelt Regional Studies Associations pris "Distinguished Service Award" for 2023. Prisen blir delt ut ...
Rune Dahl Fitjar blir ny leder for Senter for innovasjonsforskning
Fitjar er professor i innovasjonsstudier og kommer fra stillingen som prorektor for innovasjon og samfunn ved Universite...
UiS-forskere hevder seg på internasjonal ranking
Ron Boschma og Bjørn Terje Asheim, begge tilknyttet Senter for innovasjonsforskning ved UiS, er på Research.coms rangeri...
Nytt studieprogramråd for Master i økonomi og administrasjon opprettet
Rådet består eksterne interessenter fra samfunn- og næringsliv og akademia. Hensikten med rådet er å forbedre kvaliteten...
Ola Kvaløy fortsetter som dekan ved Handelshøgskolen
Dekan ved Handelshøgskolen ved UiS, Ola Kvaløy, får fornyet sitt åremål med fire nye år.
Gode søkertall til ny jusutdanning i Stavanger
Fra høsten 2023 tilbyr Universitetet i Stavanger for første gang full jusutdanning. Det har hatt effekt på søkingen til ...