Tek du ein bachelorgrad innafor dei humanistiske faga ved UiS kan søke om å gå ut i praksis på ein arbeidsstad som er spennande og relevant for utdanninga.
Neste moglege er 15. mars 2025
15
– Men kva blir eg når eg ferdig, då?
Undersøkjingar syner at studentar innanfor humanistiske fag kjem seg fint ut i arbeidslivet. Likevel er det mange som undervegs i utdanninga si lurer på kva for muligheiter som finst med ein bachelorgrad innanfor humanistiske fag.
Målretta førebuing til arbeidslivet
Det oppløftande svaret er at moglegheitene er mange og varierte. Den store variasjonen gjer feltet - eller feltene- spanande, men det er kanskje ikkje like lett å orientere seg i dette mangfoldet av moglegheiter.
– Å tilby praksis for bachelorstudentar innanfor humanistiske fag er del av eit målretta arbeid for å gjere studentane betre førebudde på arbeidslivet. Praksis er eit godt høve til å løfte blikket og reflektere over kva moglegheiter som ligg i utdanningane innafor humanistiske fag, seier Brita Strand Rangnes, prosjektleiar for praksisemnet.
Praksisemnet gir 15 studiepoeng, og totalt er studentane 225 arbeidstimar ute i verksemdene i løpet av ein 12- vekers periode, i det femte semesteret i bachelorutdanninga.
Praksisperioden skal gi reell arbeidssituasjon
Eit viktig poeng med praksisordningen er at verksemda og den einskilde student gjer seg kjende med kvarandre og saman finn dei oppgåvene som passar best. Samstundes er det eit viktig poeng at studentane skal utføre arbeidsoppgåver som uansett gjerast i verksemdene.
– Vi er opptekne av at dette skal likne på ein reell arbeidssituasjon, seier Rangnes.
Praksisstader studieåret 2024/25
Her får du ein oversikt over stadene du kan ha praksis som humaniorastudent.