Digital realfagsturné

12 vidaregåande skular har fått skreddarsydde opplegg i matematikk, fysikk og statistikk.

Publisert Sist oppdatert

Matematikk - Partikkelfysikk med Inge Christ og Nils Henrik Kolnes

Elevar ved 12 vidaregåande skular frå Sortland i nord til Arendal i sør har hatt digitale besøk av fagfolk ved Institutt for matematikk og fysikk ved UiS denne våren. Tidligare år har det vore fire-fem fysiske skulebesøk, og årets turné har difor nådd langt fleire elevar enn før.

Professor Anders Tranberg er ein av dei som har vore ute på turné med spennande tema.
– På denne tida av året er mange FYS1-klassar i gong med Astronomi og FYS2 med kvantemekanikk. Då er det morosamt å besøka dei og kobla seg på det dei nettopp har lært. Så kan ein trekka tråden heilt ut i det ekstreme; Big Bang, elementarpartiklar, sorte hull, strengteori. Abstrakte begrep, ja, men som det likevel går an å studera med hard-core science, seier Anders Tranberg engasjert.

Elevane har fått foredrag om ulike tema innan matematikk, statistikk og fysikk tilpassa pensumet deira. Nokre tema har vore “The Big Bang Theory”, “Kva leiter vi etter no på CERN?» og «Statistikk og COVID-19».

Er du interessert i realfag og nysgjerrig på tall og samanhengar? Les meir om Matematikk og fysikk - 5-årig master eller Matematikk - Årsstudium. Hugs søknadsfristen 15. april!

Sjå kvifor Tina valde å studera matematikk og fysikk ved UiS.
Velkommen som student i Kjølv Egelands hus. Sjå korleis me har det her!

Kontakt oss

Professor i teoretisk fysikk
51831859
Det teknisk-naturvitenskapelige fakultet
Institutt for matematikk og fysikk
Seniorkonsulent
51831715
Det teknisk-naturvitenskapelige fakultet
Fakultetsadministrasjonen TN
Kontor for utdanningsadministrative tjenester