Les talen rektor heldt til studentane då eit nytt studieår blei sparka i gang.
Kjære studentar,
Velkomne til UiS! Og eit særleg velkomen til deg som er heilt ny som student. Det er så fint å sjå yrande liv på campus igjen etter nokre stille sommarveker.
A warm welcome also to our international students. Our campus is a community, with 2,000 employees and 12,000 students. Inspired by knowledge and friendship, our hope is that you will thrive and grow during your years with us.
Mange av dykk har flytta heime ifrå for første gang. Sagt «ha det» til foreldre, til kameratgjengen og bestevenninna, óg kanskje til ein kjærast. No begynner noko nytt. No må du stole på deg sjølv. Og uansett om du har gledd deg eller grudd deg - no startar livet som student.
Studielivet er gjevande, men og krevjande. Her skal de få bryne dykk i stort og smått, og her kjem de til å lære, vekse – og bli meir sjølvstendige. Føresetnaden er at de ikkje vik unna for utfordringar!
Du må gjerne la deg rive med, og gjerne no i Fadderuka. Men for guds skyld ikkje la deg drive med! Stopp opp om det trengs. Still deg gjerne på tvers. Gjer deg gjeldande. Vis deg fram. Ta ordet, og tei ikkje stilt. Det er ikkje alltid det enklaste, men det er i sanning det mest utviklande, både for deg og dei rundt deg.
Ved universitetet vårt kan alle meine kva dei vil, og takhøgda er stor. Samstundes skal alle tole å bli konfrontert, så lenge det blir gjort med respekt. Berre slik kan me legge til rette for sivilisert meiningsbryting, som er ei viktig kjelde til erkjenning og innsikt.
Rommet for den frie og ubundne kunnskapen er under press. Sanninga er på sett og vis til sals. Politikarar talar stadig oftare mot betre vitande, og næringslivet brukar enorme ressursar til å fremje bestemte bodskap og synsmåtar blant folk flest.
Mot dette skal universiteta være ei motvekt. Som studentar skal de reflektere kunnskap utan agenda. Fakta og forskingsbasert innsikt skal og må legge grunnlaget for maktkritikk, demokrati og friheit. Om ikkje sanninga skal vinne fram, så rokkar det ved sjølve grunnvollen for samfunnet vårt.
Mist ikkje trua på at sanninga finst, og at det går an å forandre noko til det betre. Ei slik innstilling treng me om me skal lykkast i å møte dei store utfordringane i samfunnet rundt oss, rundt klima og natur, ulikskap og demokratiutvikling.
Hugs til slutt at studietida er så mykje meir enn sjølve studiane! Finn ekstra energi og motivasjon til lesesalen ved å være sosial, finn deg vener, ha det gøy, engasjer deg! Då kan studietida by på gode minne - og vener - for livet.
Velkomen som student ved Universitetet i Stavanger, og lykke til med studentlivet!