Vil eit dempa karakterpress skape mindre stressa og meir motiverte elevar og studentar? Forskinga seier både ja og nei.
I norsk skole blir elevar og studentar vurdert i form av tal eller bokstavar frå dei startar på ungdomsskolen og til dei går ut av høgare utdanning. Samtidig er det både ein nasjonal og internasjonal trend å redusere bruken av karakterar, på norsk kalla «karakterdemping», i skolen. Målet med karakterdemping er å fremje læring, gi betre tilbakemeldingar og auke motivasjonen til elevane og studentane. Meir eller mindre bruk av karakterar er og eit heitt politisk tema. Men vi veit lite om kva som skjer når lærarane sluttar å gje karakterar.
– Karakterdemping er ikkje eit enkelt verkemiddel å ta i bruk, seier professor i norsk fagdidaktikk ved NTNU, Henning Fjørtoft.
Blanda resultat
Fjørtoft er prosjektleiar for Going Gradeless, eit prosjekt ved NTNU som undersøker kva erfaringar lærarar og elevar har med karakterdemping i vidaregåande skole. For å finne ut kva internasjonal forsking seier om temaet, har Fjørtoft og kollegaene hans gjort eit systematisk kunnskapsoversyn. Her har dei analysert til saman 23 studiar som utforskar karakterdemping i både høgare utdanning, i ungdomsskolen og på mellomtrinnet i barneskolen. Resultata er delte: Karakterfri skole kan auke studentmotivasjon og læring ved å redusere ytre press og fremje sjølvstendig tenking. På same tid finn ein utfordringar med å kutte karakterar som forvirring rundt nye vurderingsmetodar og bekymringar blant lærarane for dårlegare studievanar og motivasjon hos studentane.
Les ei oppsummering på norsk av kunnskapsoversynet i dette forskingsnotatet: Redusert karakterbruk i vurdering
Mindre karakterbruk
Kunnskapsoversynet Reduced grading in assessment: A scoping review har analysert 23 internasjonale studiar, dei fleste utført i USA og Europa og blant studentar og lærarar i høgare utdanning. Vurderingsforskarane ved NTNU var interessert i to ting: Kva slags forsking byggjer redusert karaktergiving på og kva kjenneteiknar redusert karaktergiving i vurdering?
– Vurderingssystemet i norsk skole vektlegg den profesjonelle autonomien og dømmekrafta til lærarane stor grad, og lærarane har store moglegheiter til å legge til rette for ein vurderingspraksis som best passar elevane. Samtidig har Norge også vektlagt læringsstøttande vurdering helt sidan innføringa av Kunnskapsløftet i 2006. Dette har gjort at mange lærarar sjølv har vald å dempe karakterbruken. Som vurderingsforskarar var me derfor interesserte i korleis dette arter seg i praksis, korleis det påverkar skolen sitt læringsmiljø og kva slags konsekvensar det kan ha for vurderingssystemet, seier Fjørtoft.
Karakterdemping er ikkje eit enkelt verkemiddel å ta i bruk og at skoler må drøfte kva slags endring de eigentleg søker å oppnå dersom karakterdemping skal være eit av verkemidla.
Bør me kutte karakterane?
Forskinga fremjar fleire grunner til å redusere bruken av karakterar, mellom anna for å forbetre tilbakemeldingspraksisar, auke motivasjon for læring, forbetre elevane sin sjølvregulering, redusere konkurransepress og fremje samarbeid. Nokre studiar viste forbetra studentprestasjon og læring, medan andre rapporterte ingen endring eller til og med negative effektar. Auka motivasjon vart ofte rapportert, særleg når studentane vart oppmoda til refleksjon og sjølvregulering. I tillegg viste mange studiar at redusert karaktergiving hadde positiv innverknad på studentanes velferd, risikovilje og evne til å lære av feil. Men det vart også identifisert uventa utfordringar som lågare motivasjon for enkelte elever.
Fjørtoft synest det er vanskeleg å svare på om norsk skole bør kutte eller dempe karakterar som vurderingsform.
– Me fann at karakterdemping skjer i mange samanhengar og blir brukt for å nå ganske ulike mål. I nokre samanhengar vil lærarane redusere ikkje ønska negative trekk, som konkurranse mellom elever eller stress. I andre samanhengar vil dei forbetre positive trekk, som å styrke tilbakemeldingskulturen i skolen, elevane si sjølvregulering eller evne til livslang læring. Samtidig kan fråværet av karakterar også være ei kjelde til nye og negative endringar, som lågare motivasjon. Dette viser at karakterdemping ikkje er eit enkelt verkemiddel å ta i bruk og at skoler må drøfte kva slags endring de eigentleg søker å oppnå dersom karakterdemping skal være eit av verkemidla.
Kva fungerer best?
Forskinga viser at karakterdemping blir gjort på ulike måtar: Ein kan gå over til eit bestått/ikkje bestått-system, slutte med, eller redusere bruk av, karakterar, gi tilbakemelding før karakter eller utsetje karaktergiving til seinare. Strategiane varierte i korleis dei vart sett i verk, men ofte blei karakterar bytta ut med detaljert, formativ tilbakemelding. Fjørtoft er varsam med å seie noko om kva slags system som fungerer best.
– Me kan ikkje sei på generelt grunnlag at mappevurdering er betre enn skriftleg skoleeksamen, eller at munnlege prøver er betre enn fleirvalstestar. Då må ein heller undersøke om vurderingsforma gir eit godt bilde av kompetansen til elevane eller studentane innanfor det området ein skal vurdere, samt diskutere om me har en klar idé om korleis me skal bruke resultantane frå vurderinga. Når me bedømmer kvaliteten i ein vurdering, så er det alltid opp mot formålet. Me må balansere formålet med vurderinga opp mot kva som gir det beste bildet av læringa til eleven eller studenten, og kva slags kostnader denne vurderingsforma har.
Ny, norsk forsking
For å finne ut meir om korleis karakterdemping fungerer i praksis, skal prosjektet Going Gradeless ved NTNU undersøke erfaringar lærarar og elevar har med eit karakterdempa løp i sju utvalde norske vidaregåande skoler. Hovudvekta skal ligge på faga norsk, engelsk, matematikk og programfag i yrkesfagleg opplæring.
– Me samlar inn kvantitative og kvalitative data på skolane for å sjå korleis karakterdempinga påverkar skolemiljø og vurderingssystem. Me vil blant anna samanlikne erfaringar frå ulike fag på studiespesialiserande og yrkesfaglege programmer, undersøke samtaler mellom lærarar og elever, og sjå nærmare på korleis lærar vurderer elevsvar, seier Fjørtoft.
Målet er at prosjektet skal gje kunnskap både om lærarane si profesjonelle praksis på klasseromnivå, om skoleutvikling og skoleleiing, og om forvaltninga av vurderingssystemet.
Tekst: Nina Kalvatn Friestad