Eit nytt, systematisk kunnskapsoversyn har sett nærare på samanhengen mellom sosialpsykologiske tiltak og studiegjennomføring, og resultata gir grunn til optimisme.
Utdanning frå universitet eller høgskule er blitt meir vanleg og nødvendig for å kunne konkurrere i eit krevjande arbeidsmarknad, men ikkje alle studentar fullfører studiane dei starta på. Dette systematiske kunnskapsoversynet undersøkjer kva påverknad sosialpsykologiske tiltak for studentar ved universitet og høgskular har på resultat og gjennomføring av akademiske gradar.
Resultata frå kunnskapsoversynet viser at sosialpsykologiske tiltak hjelper: Dei kan bidra til å betre dei akademiske resultata til studentane, og at tiltaka særleg hjelper studentar som står i risiko for å falle ut av studiane.
«Majoriteten av studentar ved dei fleste universitet og høgskular kan trenge meir enn berre enkle tiltak for å komme seg vellykka gjennom høgare utdanning,» heiter det i forskingsnotatet, som er ei popularisering av det systematiske kunnskapsoversynet.
Les meir her:
Sosialpsykologiske tiltak i høgare utdanning | Universitetet i Stavanger (uis.no)