Lesing: teori og metode (MLE305)
Forsking på skriftkulturen (literacy) er eitt av dei studiefelta i verda som veks raskast. Som forskingsfelt har det røter i filologi/lingvistikk, tekstvitskap, samfunnsfag og pedagogikk. Vår variant lesevitskap legg som namnet seier særleg vekt på lesinga si rolle, og søkjer å sjå samanhengar mellom tekst, historie, språk og samfunn.
Kurset vil i tillegg til å innføre i internasjonal, nordisk og norsk leseforsking og literacyteori, ta opp metodologiske spørsmål i samband med undersøkingar innafor tekstkulturelle spørsmål i og utanfor skulen (les gjerne heile studieplanen for å sjå heilskapen i studiet).
Dette er emnebeskrivelsen for studieåret 2024-2025
Emnekode
MLE305
Versjon
1
Vekting (stp)
15
Semester undervisningsstart
Haust
Antall semestre
1
Vurderingssemester
Haust
Undervisningsspråk
Norsk
Innhald
Læringsutbytte
Etter å ha fullført emnet skal studenten:
Kunnskap:
- ha kjennskap til dei vanlegaste måtane å betrakta skriftkultur (literacy) på
- ha kjennskap til problemstillingar som gjeld leseopplæring og leseforsking
- ha innsyn i eldre og nyare leseteoriar og leseposisjonar
- ha oversyn over dei mest relevante metodiske tilnærmingsmåtane i fagfeltet
Ferdigheter:
- kunne lage annotert og kommentert bibliografi
- kunne bruke Universitetsbiblioteket aktivt
- kunne leggje fram innlegg og førebu seg til å halde paper
- kunne gjere greie for sentrale teoriar i emnet
- kunne gjere greie for den samfunnsmessige verknaden av lesevitskaplege analysar
- kunne nytte metodiske perspektiv i den presentasjonen som utgjer eksamensprøva
Generell kompetanse:
- ha oversyn over nokre vesentlege lesevitskaplege problemstillingar med vekt på teksttilnærming
- ha innsikt i den bruksretta nytten av studiet
Forkunnskapskrav
Eksamen / vurdering
Vurderingsform | Vekting | Varighet | Karakter | Hjelpemiddel |
---|---|---|---|---|
Munnleg eksamen | 1/1 | 20 Minuttar | Bokstavkarakterar | Alle |
Munnleg vurdering er eit føredrag på 20 minutt som er basert på det skriftlege arbeidskravet.Hugs at emneplanen for MLEMAS/LMLEMAS har målformkrav som får konsekvensar for andre emne i masterstudiet. Det inneber at minst ein skriftleg eksamen på masternivå må skrivast på den målforma ein ikkje skal bruke i masteroppgåva.
Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering
A. Skriftleg innlevering til fastsatt dato med:
- problemstilling for føredrag
- grunngjeving
- samandrag
- annotert eller kommentert bibliografi etter eige val
- eventuelt biletmateriale eller andre heilt naudsynte vedlegg
Studentar som får oppgåva vurdert til ikkje godkjend ved første innlevering, gis mulighet for ein ny innlevering av oppgåva i bearbeida form.
B. Frammøte:
- 75% av førelesingstimane. Dette av di kurset føreset samarbeid i plenum og i grupper, mindre prosjekt og arbeid med spørsmål relevante for den metodiske forståinga
Studentane vil få rettleiing i samband med føredraget.