Talespråk og skriftspråk: Tilstand og endring (MLE355)
Språket i eit samfunn - både tale og skrift - er i konstant variasjon og endring. Denne variasjonen og dei endringane som etter kvart set seg, vil fylgja visse mønster og svara til skiftande sosiale, demografiske og politiske tilhøve. I dette emnet ser me nærare på den norske språksituasjonen i dag og den historiske bakgrunnen for den. Kva endringsprosessar har forma det språket som me kallar norsk, og kva er stoda for norsk tale og skrift i dag?
Dette er emnebeskrivelsen for studieåret 2024-2025
Emnekode
MLE355
Versjon
1
Vekting (stp)
15
Semester undervisningsstart
Haust
Antall semestre
1
Vurderingssemester
Haust
Undervisningsspråk
Norsk
Innhald
Emnet tek opp sentrale spørsmål som gjeld språkleg utvikling og -endring. Både språk- og dialektperspektivet står sentralt, men det blir òg lagt vekt på å visa korleis skiljet mellom språk og dialekt ikkje alltid er like relevant i samband med talespråksutvikling. Talemålssituasjonen i Noreg står sentralt i emnet, og tilhøva på Sørvestlandet vil bli særleg tematiserte, men det blir også lagt vinn på å sjå den norske utviklinga i lys av variasjons- og endringsmønster i andre språk.
Med utgangspunkt i mellom anna talemålsutviklinga treng skriftspråket kontinuerleg vedlikehald. Sentralt i denne samanhengen er tilgang til korpusbaserte språkkjelder (ordbøker, språksamlingar, arkiv). I eit språksamfunn finst det både offisielle normer og subnormer som er etablerte av private aktørar. Ein kan skilja mellom dei preskriptive normene og eit kompleks av uformulerte og sosialt forankra, operative normer som òg styrer språkbruken. Båe normsetta er forankra i sosiale og politiske maktstrukturar. Språkplanlegging og språknormering er ein del av den offisielle språkpolitikken. Norsk språkpolitikk omfattar òg medvit om påverknad frå andre språkkulturar, særleg engelsk språk, som følgje av kulturell og økonomisk posisjon.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studentane skal
- kunne gjera greie for allmenne språkutviklingstendensar, både når det gjeld tale og skrift
- ha innsikt i utviklingstendensar i norsk talemål allment og situasjonen på Sørvestlandet særskilt
- forstå tilhøvet mellom talemål og skriftmål allment og sitasjonen i Noreg og verknader av historiske og aktuelle endringsprosessar både i munnleg og skriftleg kommunikasjon
- kjenna til eigenarten til skriftspråket når det blir jamført med talespråket
- ha kunnskap om etablering og vedlikehald av skriftspråk, mellom anna om skrift, skriftsystem, skriftnormalar og språkbasar
- kjenna til grunnleggjande prinsipp og ulike praksisar når det gjeld språknormering og språkplanlegging
- ha kunnskap om tilhøvet mellom dei to norske skriftspråka og korleis dette tilhøvet har utvikla seg i nyaste tid, med særskild vekt på rettskrivingsendringane på 2000-talet og bakgrunnen for dei
- ha god innsikt i norsk språkpolitikk og språkutvikling frå 1800-talet og fram til nyare tid
Ferdigheit
Studentane skal
- kunna analysera trekk i munnleg og skriftleg kommunikasjon
- kunna beskriva og vurdera talemål, både i system- og kommunikasjonsperspektiv
- kunna jamføra språkutviklinga i Noreg med det som hender og har hendt i andre land
- kunna drøfta den sosiale funksjonen av bruk og endringsmønster i tale og skrift
- kunna reflektera systematisk over utviklinga og statusen til norsk språk i vår tid, og over faktorar som styrer språkutviklinga
- kunna nytta ulike kunnskapsbasar, både elektroniske og papirbaserte, som inneheld opplysningar om norsk språk og språkutvikling
Generell kompetanse
Studentane skal
- kunna gjera greie for sosiale og strukturelle faktorar i talespråksendringar
- kunna gjera greie for tilhøvet mellom talespråk, skriftspråk, skriftkultur og språkpolitikk i Noreg
Forkunnskapskrav
Anbefalte forkunnskaper
Eksamen / vurdering
Vurderingsform | Vekting | Varighet | Karakter | Hjelpemiddel |
---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | 1/1 | 3 Veker | Bokstavkarakterar | Alle |
Omfang 6000 ord +/- 10 %, ikkje inkludert litteraturliste.Hugs at emneplanen for MLEMAS/LMLEMAS har målformkrav som får konsekvensar for andre emne i masterstudiet. Det inneber at minst ein skriftleg eksamen i på masternivå må skrivast på den målforma ein ikkje skal bruka i masteroppgåva.