Norsk fagdidaktikk del 1 (PPU136)
Emnet skal gi studentane eit grunnlag for å kunne vere lærarar i norskfaget med vekt på trinn 8-13 i skulen. Dette grunnlaget blir skapt både gjennom teoretisk refleksjon og utprøving i praksis.
Dette er emnebeskrivelsen for studieåret 2024-2025
Emnekode
PPU136
Versjon
1
Vekting (stp)
7.5
Semester undervisningsstart
Haust
Antall semestre
1
Vurderingssemester
Haust
Undervisningsspråk
Norsk
Innhald
Læringsutbytte
Kunnskap:
Etter endt studium skal studentane ha
- inngåande kunnskap om kva plass historie og grunngjeving norskfaget har i skulen
- inngåande kjennskap til læreplanar og andre styringsdokument, og eit medvite forhold til det kontinuerlige tolkingsfellesskapet som læreplanen krev
- eit analytisk forhold til samanhengen mellom norsk som vitskapsfag, studiefag og skulefag
- avansert kunnskap om et breitt repertoar av læringsstrategiar og arbeidsmetodar i norskfaget
- avansert kunnskap om spesielle norskfaglege utfordringar på trinn 8-13 i skulen
Ferdigheiter:
Etter endt studium skal studentane kunne
- reflektere over og gjere greie for målsetjingar, innhald, metodar, vurderingsformer, læreplanar og læremiddel i norskfaget
- argumentere for norskfaget si stilling i eit skule- og samfunnsperspektiv, og perspektivere dagens norskfag i lys av faghistoria
- reflektere rundt norskfaglege problemstillingar på ein måte som syner at vedkomande student meistrar akademisk framføring
- orientere seg i faglitteratur, stille seg kritisk og utvikle eigen faglig praksis
Generell kompetanse:
Etter endt studium skal studentane kunne
- opptre som fagleg kompetente og fagdidaktisk reflekterte lærarar i ulike norskfaglege undervisningssituasjonar
Forkunnskapskrav
Eksamen / vurdering
Vurderingsform | Vekting | Varighet | Karakter | Hjelpemiddel |
---|---|---|---|---|
Munnleg framføring | 1/1 | 30 Minuttar | Bokstavkarakterar | Power-point |
Munnleg vurdering på inntil 30 minutt:
• Kvar student held ei førelesing for faglærarar og medstudentar på rundt 20 minutt. Deretter kan oppfølgingsspørsmål til førelesinga stillast.
• Hjelpemiddel som powerpoint, støtteark og liknande kan brukast.
• Emnet skal godkjennast av faglærar på førehand innan gitt frist.
• Både fagleg innhald og formidlingsevne blir vurdert.
• Studentane kan be om rettleiing.