Norsk fagdidaktikk del 2 (PPU137)
Emnet skal gi studentane eit grunnlag for å kunne vere lærarar i norskfaget med vekt på trinn 8-13 i skulen. Dette grunnlaget blir skapt både gjennom teoretisk refleksjon og utprøving i praksis.
Dette er emnebeskrivelsen for studieåret 2024-2025
Emnekode
PPU137
Versjon
1
Vekting (stp)
7.5
Semester undervisningsstart
Vår
Antall semestre
1
Vurderingssemester
Vår
Undervisningsspråk
Norsk
Innhald
Læringsutbytte
Kunnskap:
Etter endt studium skal studentane ha
- inngåande kunnskap om kva plass, historie og grunngjeving norskfaget har i skulen
- inngåande kjennskap til læreplanar og andre styringsdokument, og eit medvite forhold til det kontinuerlige tolkingsfellesskapet som læreplanen krev
- eit analytisk forhold til samanhengen mellom norsk som vitskapsfag, studiefag og skulefag
- avansert kunnskap om et breitt repertoar av læringsstrategiar og arbeidsmetodar i norskfaget
- avansert kunnskap om spesielle norskfaglege utfordringar på trinn 8-13 i skulen
Ferdigheiter:
Etter endt studium skal studentane kunne
- reflektere over og gjere greie for målsetjingar, innhald, metodar, vurderingsformer, læreplanar og læremiddel i norskfaget
- argumentere for norskfaget si stilling i eit skule- og samfunnsperspektiv, og perspektivere dagens norskfag i lys av faghistoria
- skrive om norskfaglege problemstillingar på ein måte som syner at vedkomande student meistrar akademisk fagskriving
- orientere seg i faglitteratur, stille seg kritisk og utvikle eigen faglig praksis
Generell kompetanse:
Etter endt studium skal studentane kunne
- opptre som fagleg kompetente og fagdidaktisk reflekterte lærarar i ulike norskfaglege undervisningssituasjonar
Forkunnskapskrav
Eksamen / vurdering
Vurderingsform | Vekting | Varighet | Karakter | Hjelpemiddel |
---|---|---|---|---|
Skriftleg heimeoppgåve | 1/1 | Bokstavkarakterar | Alle |
Fagdidaktisk oppgåve:
• Individuell oppgåve som skal vere på 3000-4000 ord.
• Studentane skal levere forslag til problemstilling innan gitte fristar.
• Problemstillinga må godkjennast av faglærar.
• Oppgåva skal ha rettleiing på tekst.