Konsert? Teater? Quiz? Stand Up? På Folken, studentane sitt kulturhus i Stavanger, ventar kanskje ditt livs konsertoppleving, ein heidundrande fest i Grottene, eit roleg parti sjakk over ein pils eller ein kopp kaffe i Kafé Akvariet.
Folken er studenthuset i sentrum, der Ny Olavskleiv møter Løkkeveien. Der studentar møtast, uavhengig av utdanningsinstitusjon. I tillegg til å vere studentane sin møtestad i sentrum er Folken òg ein viktig kulturarena for heile regionen, kor rytmisk musikk i alle sjangrar blir presentert heile året. Som konsertscene er Folken etablert lokalt og nasjonalt.
Bli med som frivillig
Folken er òg ein kjempefin stad å engasjere seg som student. Huset blir i stor grad drive av frivillige studentar knytt til dei ulike “husgjengane”, som Servering-, Lyd- og Lys, Foto- og Musikkgjengen. Å bli frivillig på Folken er ein kjempefin måte å lære litt ekstra ved sidan av studiet, og samtidig treffe nye venner!
Viss du vil bli med som frivillig, eller har fleire spørsmål rundt det, kan du sende oss ein e-post: blimed@folken.no.
Leig lokala våre gratis
Leig eit av våre lokale gratis til studentfestar eller andre studentrelaterte arrangement. Vi har tre lokale: Storsalen, Grottene og Akvariet.
Sjekk ut www.folken.no for meir informasjon!
Kontaktinfo Folken
Akvariet
Måndag til onsdag: 18:00 – 00:00
Torsdag til laurdag: 18:00 - 02:00
Søndag ope ved arrangement
Storsalen og Grottene
Ope ved arrangement
Hjemmeside: www.folken.no
Program og billettar: www.folken.no/folken/program
E-post: folken@folken.no
Telefon: 51 56 44 44