UiS-studentar vann pris for beste bacheloroppgåve – her er deira beste råd til oppgåveskrivinga

Dei vann pris for beste bacheloroppgåve i fjor. No kjem dei med gode tips til studentar som nærmar seg siste innspurt på bacheloroppgåva.

Publisert Sist oppdatert

– Å ha ein plan for kva du skal gjere er det viktigaste. Det er lett at du som student tenkjer på andre ting du vil gjere. At du blir overvelda av omgjevnadane. Så det er fint å ha ein plan frå A til Å, seier tidlegare UiS-student Nickolas Phan.

Han tok ein bachelor i automatisering og elektronikkdesign (no elektroteknologi) ved Universitetet i Stavanger (UiS).

Norsk forening for elektro og automatisering (NFEA) deler kvart år ut pris for beste master eller bacheloroppgåve. I 2023 var det Nickolas Phan, Tor Ivar Haughom og Børge Olav Haug som vann beste bacheloroppgåve med tittelen «Sliding Mode Control and Vision-Based Line Tracking for Quadrotors».

Fire menn. Tre av dem holder hvert sitt diplom.
F.v. Nickolas Phan, Tor Ivar Haughom, Børge Olav Haug og rettleiar på bacheloroppgåva, Damiano Rotondo, førsteamanuensis ved Universitetet i Stavanger. Foto: Ståle Freyer / UiS

– Eit tema med stor praktisk relevans

I bacheloroppgåva har studentane utvikla og implementert eit avansert reguleringssystem for styring av eit kvadrokopter – ein firemotors drone.

– I oppgåva brukar vi ein kontrollmetode kalla «sliding mode control» for å styre dronen. Denne metoden lar oss programmere dronen til å følgje bestemte koordinatar automatisk, noko som betyr at den kan fly på eiga hand, utan kontinuerleg manuell styring, forklarar Tor Ivar.

Prisen blei delt ut på årsmøtet til NFEA i februar dette året. I grunngjevinga deira stod det mellom anna at rapporten var velstrukturert og godt skriven, og at temaet har stor praktisk relevans i verda i dag, der betydning og bruk av dronar veks sterkt.

Råd til studentar: – Ver strukturert, og ikkje spar alt til slutten!

– Kva trur de var årsaka til at de skilte dykk ut med denne bacheloroppgåva?

– Vi la ned veldig mykje arbeid i bacheloroppgåva. Det handlar om tid. Tida du er villig til å bruke for å få det beste resultatet. Å prøve seg fram så godt som mogleg. Eg trur det var der vi lukkast, meiner Nickolas.

Tor Ivar kjem med gode råd til dei som held på med bachelorskrivinga no:

– Å vere strukturert, og ikkje spare alt til slutten. Prøv å gjere så mykje som mogleg tidleg. Og så kan ein heller bruke siste delen av tida til å fikse på rapporten, og gjere litt finpussing. Då trur eg du endar opp med eit godt resultat.

Tok 6. plass i konkurranse i Japan

Med bacheloroppgåva frå UiS fekk dei i juli 2023 delta i ein konkurranse under IFAC World Congress i Yokohama i Japan. Trioen var eitt av sju lag som kvalifiserte seg til finalen. Der tok dei ein 6. plass.

– Dette var ein imponerande prestasjon, då desse bachelorstudentane konkurrerte mot lag beståande av masterstudentar, skreiv NFEA i deira grunngjeving for utdelinga av beste bacheloroppgåve.

Fire menn står på scene. Lerret i bakgrunnen.
Tor Ivar Haughom og Nickolas Phan i midten. Dei tok ein 6. plass i konkurransen i Japan. Foto: MathWorks

Tor Ivar studerer framleis ved UiS, og tek no ein mastergrad i robotteknologi og signalbehandling. I sommar skal han ha sommarjobb hos Aker Solutions. Prisen for beste bacheloroppgåve har motivert:

– Eg blir motivert til å gjere det bra vidare, seier han.

Har fått relevante jobbar etter studietida på UiS

Nickolas jobbar i selskapet Wood med teknisk dokumentasjon for Equinor. Børge Olav Haug jobbar hos Swire Energy Services. Dei har begge fått jobbar i nærområdet i Rogaland etter studietida.

Nickolas er takknemleg for tida på Universitetet i Stavanger:

– Ikkje gje opp! Sjølv om det er vanskeleg, er det viktig å berre stå på. Det du lærer på universitetet er mykje meir enn du trur du klarar å gjere. Du får nye impulsar både når det gjeld det sosiale, og for arbeidslivet seinare.

LES OGSÅ: UiS er tett på arbeids- og næringslivet