Bruk av læringsvenn

Bruk av læringsvenn på 1. trinn ved hjelp av boka "Månen som ville lyse som ei sol" (2012) av Elin Grimstad.

Publisert Sist oppdatert

Presentasjon av boka:
”Kvifor er eg ikkje meir som sola? undrar månen”. Slik startar denne nynorske biletboka, og vendar seg til lesaren for å skapa undring og refleksjon. Månen er ein diktar, som fortel at han er sjalu på sola som lyser opp jorda. Han ønskjer å bli akkurat som sola, medan sola trur ho ikkje treng månen. Dermed legg månen ein plan, og snik seg framfor sola og forsøker å overstråle henne. Resultatet er at han skuggar for sola slik at det vert solformørking, og dermed mørkt midt på dagen.

Månen innser då at han ikkje har strålekrafta til sola: ”Eg tok feil, kviskrar månen. Eg lyser ikkje!” Sola forstår òg at ho har vore overlegen og tatt feil av månen med å sei at han verken er til nytte eller glede. No forstår ho at ho treng han: ”Kven skal elles spegle lyset mitt når dagen er over, smilar ho”. Boka sluttar med at dei begge forstår at dei treng kvarandre, og gir innsikt om samarbeid i solsystemet. Heile forteljinga blir formidla gjennom tekst og bilete, der bileta er sett saman av hundrevis av små utklipp. Moralen i boka er at kampen om å vera viktigast og best ikkje er så relevant, men at det å vera forskjellig er verdifullt.

Boka i bruk - med læringsvenn:
Eg brukte to økter på opplegget, med eit friminutt i mellom kvar økt. Her finn du opplegget i pdf-utgåve.

1. økt: Førlesing:
Elevene sat i ring, og eg viste framsida på boka og brukte god tid på å skapa forventningar. Eg fortalde at eg hadde lese boka fleire gongar, og at dei hadde mykje å gleda seg til. Aller først las vi tittelen på boka saman: ”Månen som ville lyse som ei sol”. Sidan dette var på 1. trinn, brukte vi òg lang tid på å snakka orda måne og sol: ”Kva veit de om sola og månen?” Elevane fekk deretter i oppdrag å snakka med læringsvennen sin om kva dei visste om månen og sola. Praten gjekk godt og det var tydeleg mykje kunnskap hos elevane om dei to orda. Det er viktig å få fram elevane sine førkunnskapar for å få dei hekta på boka, og dette var ein fin måte å gjera det på. Eg gav dei ”snakketid” til kvart spørsmål.

Snakk og skriv saman med læringsvennen din:

  • Kva veit du om sola? Kva veit du om månen?
  • Sjå på framsida av boka: Tittelen på boka?
  • Kven er forfattaren og illustratøren?
  • Kva fargar er brukt?
  • Kvifor er det ei saks på framsida? Kva trur de boka handlar om?

Alle lærevenn-para fekk fortelja i felles-samtalen det dei visste. Det blei ein fin runde med mykje forkunnskap. Vi brukte òg noko tid på fargebruk på framsida av boka. Framsida er gul; kva tenkjer de på då? Elevane svarte sommar, sol, glede, påske... Kvifor er det to sakser på framsida? Ein gut svarte at ho som har laga bileta har sikkert klypt ut bileta. Elevane blei imponerte då eg fortalde at forfattaren hadde klypt ut mange hundre bilete og sett dei saman til collagar. Ordet forfattar er eit yrke få i gruppa hadde høyrt om, og vi snakka stadig om forfattaren medan vi las boka. Til slutt i denne økta fekk læringsvennene snakka saman om kva dei trudde boka handla om. 

Under lesing:
Eg stoppa opp etter den første sida og snakka om kven månen er på bileta. Skriv og snakk med læringsvennen din: 

  • Kven er månen på bilete?
  • Korleis har forfattaren framstilt han?
  • Kva slags kjensler er det månen kjenner for sola?
  • Månen skriv dikt: Kva er dikt? Kva er det lampane og sola gjer mot månene?
  • Månen blir sur og sint.
  • Kva betyr tidevatnet?
  • Kva er solsystemet?
  • Kva gjer sola mot månen?
  • Korleis har månen det (på sida med planetane)?
  • Månen legg ein plan for å hemna seg mot sola. Kva trur de han finn på?

Til heile klassen spurde eg: Korleis har forfattaren framstilt månen? Fleire elevar forsto ikkje at mannen i dress skulle førestille månen, men syntest det var spennande og fascinerande. Ein av dei mange kommentarane var at han var kul. Vi stoppa etter sida der månen skriv dikt, og snakka saman om kva dikt er og at det er små historier som kan skrivast på rim. Eg gjekk ein runde og viste bilete av månen som skriv dikt. Elevane blei imponerte over kor fint månen kunne skriva. 

Så las eg vidare og kom til sida der lampane syng diverse samansette ord med lys, og sola ertar månen. Læringsvennene fekk spørsmålet: Kva slags kjensle er det månen kjenner på i forhold til sola? Kva er det lampane og sola gjer mot månene? Praten gjekk og dei blei fort einige om at det var misunning han kjende på. Nokre meinte han blei lei seg, og at sola var frekk. Det var òg tydeleg at elevane syntest synd på månen. Eg haldt fram å lesa om månen som seier at det er han som bestemmer over tidevatnet, og flo og fjæra. Ingen visste kva tidevatn og flo og fjære var, så det måtte vi snakka om. Elevane sat lyttande og syntest synd på månene då eg las vidare, og dei likte å sjå at månen lyste for fiskane og sjøstjernene om natta.

Der månen legg ein plan for å hemna seg på sola, spurde eg læringsvennene: Kva slags plan trur de månen legg? Snakk med læringsvennen din. Det var eit godt engasjement og mange forslag frå læringsvennpara: Vi trur han tar sola til fange. Han drep sola. Nei, det går ikkje, for sola smelter alt. Eg heldt fram å lesa medan eg sto på stolen for å demonstrera at månen er stor og sint. Elevane blei fascinert og dratt med inn i handlinga. Dei lurte veldig på kva som kom til å skje. Då boka gjekk mot slutten, og sola og månen blei venner, såg eg at mange elevar smilte og var letta over at krangelen var over. Dei syntest det var ein dramatisk slutt.

Etter lesing:
Ved bokas slutt stilte eg fort spørsmålet: Kva synest de om slutten? Snakk med læringsvennen din:

  • Kva synest de om slutten?
  • Kva synest de om boka?

Elevane svara at det var bra at dei blei venner og at det var godt at dei ordna opp og sa unnskyld til kvarandre. Til spørsmålet om kva dei meinte om boka, svara dei at det var den beste boka i heile verda, at dei aldri hadde høyrt ei kjekkare bok, at ho var gild, spennande, stilig. Dei spurte òg om dei kunne få låna boka med heim.

2. økt brukte vi til å tilarbeida det vi hadde lese. Elevane fekk i oppgåve å skriva eit brev eller dikt til månen eller til sola. Dei aller fleste kom fort i gong og var veldig ivrige med å skriva. Mange flotte tekstar blei skapt i timen. Det var nok ein fordel å skriva så kort etter at boka var presentert for elvene for då var historia framleis levande for elevene, og dermed var engasjementet stort.

Skriveoppgåver:

  • Skriv ord slik som lampene i boka gjorde. Bruk sol i ordet. Eksempel: sollys, solbriller
  • Skriv eit dikt/brev til sola
  • Skriv eit dikt/brev til månen
  • Skriv om sola, eks. Sola er gul. Sola er varm.
  • Skriv om månen, eks. Månen er gul. Månen er av stein.
     

Nokre elev-eksempel:
Til sola!
Du er så kul.
Til sola unnskyld at eg var så slem mot deg.


Sola er så varm.
Sola er kul.
Sola er tøff.
Sola er lys.
Sola har solbriller.
Månen er ein banan.

Til månen.
Du er snill og kul.
Du er sol-briller.
Eg synest at du lyser fint om natta.
Vil du bli bestevenen.
Månen er så kul.
Unnskyld at eg slo deg.
Du er venen min.

Sola
Sola er så kul.
Sola er så søt.
Sola er fin.
Sola eg elskar deg.

Månen sa til sola.
Du er kul.
Unnskyld.
Eg var slem med deg.


Erfaringar:
Eg trur det er viktig å ha eit mål med boka vi les for elevane våre, òg på 1. trinn. Sidan Månen som ville lyse som en sol innbyr til mange refleksjonar og samtale, var målet mitt at elevane skulle bruka læringsvennen sin som en del av leseopplevinga. Til det hadde eg laga spørsmål på førehand, som eleven fekk både munnleg og skriftleg. Etter at dei hadde snakka om dette både før, medan og etter vi las, var det òg lurt å forsterka dette med skriving knytt til boka sitt tema og innhald. Heilt til slutt las eg boka ein gong til, slik at elevane fekk nyta boka, frå byrjing til slutt utan stopp. Det likte dei!

Alt i alt var det ei kjekk bok som engasjerte elevane. Boka er laga i eit format som passar til høgtlesing i klassen. Ho er stor og elevane ser bileta. Dei flotte illustrasjonane likte elevane godt. Det var òg positivt å la elevane sitja i ring. Alle såg bileta godt, det blei ei litt ny ”setting” for dei, og dermed steig òg forventingane til boka. Boka var spesiell og historia fenga elevane. Eg tenkjer likevel at det var viktig å stoppa opp for å forklara vanskelege ord og omgrep, for på den måten forsto dei nok meir. Det å bruka læringsvenn fungerte veldig godt på 1. trinn. Ved å bruka læringsvenn blei alle elevane engasjerte. Dei fekk dela sine tankar og svar med ein medelev, og snakka ivrig saman. 

Andre måtar å bruka boka på:
- Utgangspunkt for eit naturfagleg prosjekt om sol, måne og universet. Boka tar opp solformørking, flo og fjære, sola si kraft og månen sin funksjon, kan dermed brukast som inngangsport til samtale, lesing og skriving om naturfaglege tema.
- I etterkant av lesinga kan læringsvenner i kunst og handverk, teikna frå boka saman, med same farge og strek som illustratøren har gjort i boka. Dei kan òg laga ein plakat saman med Månen som ville lyse som en sol som overskrift. Her kan dei skriva og lima på dikt til/om sola og månene, skriva faktasetningar om månen og sola og lima på teikningar inspirert av boka.

Av Hanne Kapersen.