Flinders University

Flinders University er eit internasjonalt orientert universitet som rangerer blant dei ti beste Australian Universities for International Standing.

Informasjon om utdanningsinstitusjonen

Universitetet vart etablert i 1966 og har i dag rundt 15.000 studentar, av dei rundt 2000 internasjonale studentar.

Flinders er særleg opptekne av å gi eit innovativt undervisningstilbod med stor vekt på kontakt mellom lærar og student, inkorporering av ny informasjon og ny teknologi for å gi støtte til face-to-face undervisning, og ved å ha ei multidisiplinær tilnærming til programutvikling. Om lag ein tredjedel av studentane er ute i praksis som del av studiet.

Sjølv om undervisninga er det som oftast vert trekt fram, er Flinders óg eit sterkt forskningsuniversitet, og dei rangerer høgt blant australske universitet i tida som vert brukt på forskning og i talet på siteringar i meritterande tidsskrift.

Campus ligg 20 minutt sør for det sentrale business-distriktet i Adelaide, i trygge og attraktive omgjevnader. Det er gode bussamband til sentrum, shopping og til strender.

Universitetet i Stavanger har en utvekslingsavtale med FU som er åpen for alle studieprogram som finner relevante emner.

Undervisningsspråk

Engelsk.

Krav om språkkunnskapar

Krav til engelskkompetanse er minimum karakter 4 fra vidaregåande skule.

Dersom man ikke har 4 fra videregående skole kan man ta alternative tester for å dokumentere engelskkunnskapene sine .

Krav om karakterer

Flinders krev at søkjarar har omlag C i snitt frå UiS.

Antal utvekslingsplassar totalt

Ubegrensa.

Antal friplassar per semester

0.

Informasjon om skulepengar

AUD 10 000 for vår 2023. Med forbehold om endringer. Se lenke: Study Abroad Programs

Moglegheit for stipend

Ingen kjende mogleigheiter for stipend anna enn støtta frå Lånekassen.

Semesterorganisering

Flinders har to semestre:
Semester 1: Slutten av februar-slutten av juni.
Semester 2: Slutten av juli-slutten av november.

Dersom utvekslingssemesteret avsluttes senere enn det påfølgende semesteret starter ved UiS, vil instituttet/fakultetet (i samarbeid med partnerinstitusjonen) sørge for tilrettelegging av din utdanningsplan, slik at du ikke blir forsinket i dine studier.

Det finnes ulike muligheter for tilrettelegging: Det kan være at man tar emner som ikke krever at man er tilstede under eksamensperioden, at man får fritak fra obligatorisk undervisning ved UiS eller at man får forlenget frist for innlevering av bachelor- og masteroppgave. Kontakt din studiekoordinator for mer informasjon

Val av emne

Oversikt over aktuelle kurs.

Studiepoeng i utlandet

30 studiepoeng = 18 units. Dei fleste av emna på Flinders er på 4,5 units kvar.

Bustad

Ein kan få studentbustad på campus. Informasjon om bolig og søknadsprosessen.

Visum

Studenter som vil studere i Australia må søke om studentvisum. Gebyret er på ca NOK 4500,-.

Fleire spørsmål?