Eit nytt prosjekt skal bidra til betre kvalitet og meir internasjonalisering på utdanninga i sosialt arbeid. Det skal skje blant anna gjennom utveksling av studentar og tilsette mellom Stavanger og Havanna.
Prosjektet «Cuban and Nordic Welfare» har fått støtte gjennom NORPART (Norwegian Partnership Programme for Global Academic Cooperation). Det er søkt om 5 millionar kroner til prosjektet. Institutt for sosialfag ved UiS er den norske partnaren i prosjektet, medan University of Havana er samarbeidsuniversitet på Cuba.
Studentar begge vegar
Prosjektet prioriterer utveksling for totalt 46 studentar (på master- og doktorgradsnivå) mellom dei to landa. Planen er at det skal komma fleire studentar hit, enn som reiser ut.
– Det blir brukt mest pengar på Cuba-studentar her. Poenget er at dei tek eitt semester her og resten heime, seier professor Siv Oltedal ved Institutt for sosialfag ved UiS.
I tillegg skal det samarbeidast om rettleiing på master og gjesteforelesarar. Og tilsette ved dei to institusjonane skal saman utvikle eit masteremne innan «Intercultural practice». I prosjektet er det lagt stor vekt på digitalisering, og NettOp er kopla på for å utvikle e-kompendium.
Mykje å lære av Cuba
Oltedal har samarbeida med Cuba lenge og kjenner landet godt. Sjølv om landet på mange måtar skil seg frå Noreg, har me mykje å læra, meiner ho.
– Mange har få ressursar, men dei er veldig innovative, og dei flinke til å finne løysningar og skape moglegheiter, seier ho.
Oltedal var på Cuba første i 2003, og i januar i år var ein delegasjon frå Noreg på seminar i landets hovudstad. Det nye prosjektet skal byggje vidare på samarbeidet mellom landa.
Avsluttar med stor konferanse
Prosjektet går fram til 2023, og som avslutning er det plan om ein stor konferansen med arbeidstittelen «People, experience of welfare system».
– Me håpar prosjektet fører til meir langvarig samarbeid mellom institusjonane, og utover utveksling, seier Oltedal.
Støtte til to UiS-prosjekt
Prosjektet «Cuban and Nordic Welfare» er eit av to UiS-prosjekt som har fått støtte gjennom NORPART (NORPART programme (Norwegian Partnership Programme for Global Academic Cooperation). Det er det nye direktoratet Diku (Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høyere utdanning) som deler ut midla(). NORPART støtta utdanningssamarbeid og studentmobilitet mellom utdanningsinstitusjonar i Noreg og utviklingsland.
Det andre prosjektet frå UiS som fekk pengar er "Malawi-Norway Mobility Programme in Mathematics and Mathematics Education (MaNoMME)". Neste utlysning er i 2021.
Totalt blei det sendt inn 86 søknadar frå 17 norske utdanningsinstitusjonar. Sjå heile oversikten over kven som fekk tildelt pengar på nettsidene til Diku.
Først publisert 27.11.2018