Korleis opplever innvandrarar forholdet mellom integrering og arbeid i møtet med norsk arbeidsliv?
Innvandrarar skal settast i stand til å skaffe seg arbeid for slik å forsørge seg sjølv, er målet til styresmaktene. Men det er stor forskjell på sysselsetting mellom innvandrarar og nordmenn. Det er òg stor ulikskap mellom ulike innvandrargrupper.
Det gjer det utfordrande å utvikle tiltak som maktar å bidra til at innvandrarar kan kome i arbeid, og slik bli integrert. Korleis innvandrarar opplever situasjonen i møte med norsk velferdskontekst, og korleis dette påverkar deira meiningsskaping er det lite kunnskap om.
I avhandlinga Samanhengen mellom arbeid og integrering : Ein kvalitativ studie av innvandrarar sitt møte med norsk arbeidsliv utforskar Reidun Ims nettopp dette. Avhandlinga er ein kvalitativ studie og byggjer blant anna på intervju med 10 innvandrarar.
Arbeid viktig for integrering
Hennar funn viste blant anna at innvandrarar opplevde arbeid som svært viktig for sin situasjon. Arbeid var ein nøkkel til både deltaking og realisering av ei mengde gode som kontroll over eige liv og økonomisk sjølvberging. Når dei sto utan arbeid, opplevde dei å miste kontroll og autonomi. Dei opplevde seg marginalisert og ekskludert, og opplevde arbeid som ein sentral faktor i å motverke dette. Deltakarane blei ein representant for alle innvandrarar, og kjende seg underestimert og kategorisert. Dei hadde alle arbeidd og forsørga seg sjølv tidlegare. Deira kompetanse og ferdigheiter ga lite utteljing i det norske systemet, og dei kjende seg devaluert og nedvurdert.
Savner ein sosial arena
Innvandrarane som deltok i studien var opptekne av fridomen dei opplevde i det norske samfunnet, og knytte dette til tilhøyrsel, fridom og like moglegheiter. Deltakarane i studien etterlyste moglegheiter til å omgåast med nordmenn sosialt. Dei sakna ein arena for å lære språk, forstå sosiale kodar og sosiale spelereglar. Vidare såg det ut til at deltakarane meinte dei måtte akseptere noko diskriminering, men likevel opplevde stor grad av aksept i samfunnet. Fleire ga uttrykk for å velje å fokusere på det positive og tvinge det negative i bakgrunnen.
Avhandlinga viser at den tette samanhengen mellom arbeid og integrering påverkar innvandrarar si meiningsskaping om integrering. Innvandrarar aksepterer og tar til seg oppfatninga av at integrering skjer gjennom arbeid. Innvandrarar sine erfaringar har potensiale til å bidra til å utvikle eit meir nyansert og betre tilpassa tiltaksapparat. Vidare er det uklart når integrering er oppnådd fordi det er eit omgrep som blir brukt utan at det er ei felles forståing av kva integrering er.
Tekst: Benedicte Pentz