Kvar kan eg parkera på Campus Ullandhaug? Kva lesesalar finst? Og korleis er tilgjengelegheita i bygga på campus? Finn det du treng for å planleggja besøket ditt her.
Besøk UiS
Skal du besøkja Universitetet i Stavanger for første gong? Då er det enkelt å finna fram med vårt kart over campus. Der finn du mellom anna rom, parkeringsplassar og sykkelparkering.
Fakultet for utøvande kunstfag ligg i Bjergsted og Arkeologisk museum finn du på Våland i Stavanger sentrum.
Ta buss eller sykkel
Det er få parkeringsplassar på campus Ullandhaug.
Derfor tilrår vi alle å bruka kollektivtransport eller sykkel for å komma seg til universitetsområdet.
Sjekk tilgjengelegheita
På bygg for alle kan du planleggja besøket ditt på førehand. Du kan sjekka tilgjengelegheita i heile bygget du skal besøkja.
Parkering
Det er gratis å parkere på universitetsområdet viss du har parkeringsløyve. Det kan vere vanskeleg å finne parkeringsplassar, særlig ved semesterstart og Åpen dag.
Unngå bot
Du må ha parkeringsløyve for å ikkje få bot.
Slik får du parkeringsløyve:
- Søk om parkeringsløyve i Easypark sin app eller på Easyparks nettside.
- Du får ein e-post om at parkeringsløyvet er aktivert.
- No kan du parkera trygt fram til du får eit endeleg svar på søknaden din.
- Det kan ta opp til 14 dagar før du får endeleg svar på om søknaden er godkjend eller ikkje.
Parkeringsløyvet gjeld for eitt år av gongen.
Særskilt løyve
Gjesteparkeringen ved Hestmarka er åpen for alle. Resten av parkeringsplassane er reserverte dei med særskilt løyve. Parkering utan parkeringsløyve eller utanfor merka plasser vil føra til gebyr og/eller borttauing på eigars rekning.
Ladeplassar
Det er 16 ladeplassar ved Hagbard Line-huset, 7 plassar ved Paviljong 14, 8 plasser ved Lyspæren Innovasjonshus og 4 ved Hulda Garborgs hus.
Du betalar for lading i Easyparks app eller på Easypark nettside.
Når ladaren er klar lyser eit grønt lys, under lading lyser det blått før det lyster grønt igjen når bilen er ferdig lada.
Gjesteparkering
Gjesteparkering finn du på parkering nr. fem på Hestmarka i nærheten av Kjell Arholms hus. Sjå kvar og korleis du finn fram i Mazemap.
Det kan vere vanskeleg å finne parkeringsplassar, særlig ved semesterstart. Vi oppmodar difor gjester å vere ute i god tid ved arrangement. Alternativt er det eit godt kollektivtilbod til campus.
Kontakt
Har du spørsmål om parkering? Ta kontakt på parkeringstelefonen: 911 07 622.
Rom, lesesalar og laboratorium
På campus er det mange undervisningsrom, grupperom, lesesalar, PC-rom og stille-/ammerom.
Bestill omvisning
Har du tenkt å studera ved Universitetet i Stavanger, eller er du nysgjerrig på korleis me har det på campus?
UiS arrangerer omvisningar for alle interesserte.
De får ein presentasjon av studietilbodet ved UiS og korleis det er å vera student ved eit universitet. Deretter tek me de med på ei omvisning på campus Ullandhaug.
Ønskjer de ei grundigare omvisning på ei særleg studieretning, til dømes ingeniørfag, lærarutdanning eller helsefag, er dette mogleg å bestilla.
Tilbodet eignar seg for: ungdomsskular, vidaregåande skule, folkehøgskular, forsvaret eller andre grupper som vil læra meir om UiS.
Hugs:
- Omvisninga må bestillast minst 3 veker før ønskt besøksdato.
- Minimum tal på gruppe: 5 personar.
Velkommen! Bestill besøk.