Me eksperimenterer med forskjellege kreative uttrykksformer som leik, dans, drama og skriving for å utforske og utvikle erfaringar knytt til kropp, helse og sjukdom.
Leik og kreativitet er grunnleggjande for livsutfolding, trivsel og helse. Vårt utgangspunkt er at kreative, kulturelle og kunstnarlege uttrykk knyter an til kjensler og kroppslege erfaringar. Sjølv om kropp og kjensler er sentrale fenomen innan helse, kan det kroppsleggjorte og kjensleladde vera vanskeleg å setja ord på. Dette gjeld særleg erfaringar som er samansette, tause, stigmatiserte, skambelagde og emosjonelt krevjande på andre måtar.
Målet for Kreativ Erfaringslab er å stimulera til tverrfaglege, kreative samarbeid rundt helseforsking, som ein måte å utvikla fleire «språk» for å forstå og omarbeida helseutfordringar og sjukdomserfaringar.
Gjennom utvikling og utforsking av kreative metodar som dans, drama, ekspressiv skriving, livshistoriearbeid og forteljingspraksisar vil me bidra til nye og meir nyanserte erfaringsspråk. Dette er viktig for å betre kommunikasjon og leggja til rette for refleksjon mellom helsepersonell og brukarar av tenester, noko som i sin tur styrkar kvalitet i helsetenestene.
I fyrste omgang skal forskargruppa Kreativ ErfaringsLab sameina forskarar og undervisarar som er opptekne av skjeringsfeltet mellom kunstfeltet og helsefeltet. Eit langsiktig mål er å byggja opp ei kompetanseklyngje for kreative, erfaringsbaserte metodologiar. Forskargruppa er forankra ved Det helsevitskaplege fakultetet, men me har òg deltakarar frå fakultet for utøvande kunstfag (UK) ved UiS.