Professor Kenneth H. Wathne frå Handelshøgskolen ved UiS er oppnemnt som komitemedlem i 2022 Louis W. Stern Award Committee.
The 2022 Stern Award komiteen vert leia av Kersi Antia (University of Western Ontario) og inkluderar Stefan Wuyts (Pennsylvania State University) og Kenneth Henning Wathne (Handelshøgskolen ved Universitetet i Stavanger & Handelshøyskolen BI)
Louis W. og Rhona L. Stern etablerte "The Interorganizational SIG's Louis W. Stern Award" i 1999 gjennom The American Marketing Association Foundation. Prisen er ein heider for ypperleg vitskapleg artikkel publisert i alment anerkjente og refererte tidsskrift og som har gitt eit betydeleg bidrag til litteraturen om internorganisatorisk marknadsføring eller distribusjonskanalar. Artiklar som kan bli vurdert for prisen må ha vorte publisert mellom 2014 og 2019.
Kriteria for evalueringa er:
- Kvalitet på bidraget artikkelen har til teori og praksis;
- Originaliteten til artikkelen;
- Teknisk kompetanse i gjennomføringa av forskinga; og
- Innvirkning på feltet interorganisatorisk marknadsføring eller distribusjonskanalar.