Strategi 2021–2030 for Handelshøgskolen UiS vart vedtatt av styret til fakultetet 4. juni 2021.
Strategi 2021–2030 for Handelshøgskolen ved UiS er forankra i Universitetet i Stavangers strategi for 2030. Visjonen vår er: Vi vil utfordra det velkjente og utforska det ukjente.
Handelshøgskolen ved UiS er ein internasjonalt orientert handelshøgskole med ein tydeleg regional identitet. Målet vårt er å tiltrekka oss toppforskarar, engasjerte undervisarar og motiverte studentar til eit internasjonalt forskings- og læringsmiljø i ein attraktiv region. Vi er strategisk plassert i Noregs energihovudstad, noko som set oss i ein unik posisjon til å bidra til berekraftig omstilling av samfunns- og næringsliv.
For å realisera formålet, tar vi i bruk fem strategiske rettesnorer: samfunnsansvar, soft skills og endringskompetanse, løsningsorientert forsking, påkoblet omgivnadene og internasjonalisering.
Les strategien for Handelshøgskolen ved UiS her
Tekst: Silje Marnburg Ellefsen