Familien må med i rusbehandlinga

Rusbehandling blir mest effektiv dersom familien involveres. Kvifor skjer det så sjeldan då? spør sosiolog Anne Schanche Selbekk.

Publisert Sist oppdatert
- Selv om vi veit at deltakinga til familien er viktig og at det verkar, så skjer det i altfor liten grad, seier Anne Schanche Selbekk.

Første gang publisert 12. juni 2016 på forskning.no. Tekst: Benedicte Pentz

Mellom 50 000 og 150 000 barn i Noreg lever med ei mor eller far som har eit risikofullt alkoholforbruk. Det same gjeld opptil 100 000 ektefellar eller partnarar.

Pårørande kjenner på fortviling og håpløsheit. Mange utviklar eigne plager på grunn av store belastningar over lang tid.

– Rusproblem rammar heile familien. Tiltakande rusing berar med seg uvisse, stress og konfliktar i familien, seier sosiolog Anne Schanche Selbekk.

Ho er rådgivar ved Kompetansesenter for rus i Stavanger, som er eitt av sju regionale sentre finansiert av Helsedirektoratet. I doktoravhandlinga si frå Universitetet i Stavanger har ho undersøkt kva moglegheiter rusbehandling gir familien. 

Tøft for pårørande

Tidlegare forsking har vist kor tøft det er å vera pårørande til rusavhengige. Det er òg grundig dokumentert at å involvera familien gir god effekt når rusproblem skal behandlast, ifølgje Selbekk. Både fordi sjølve behandlinga har større effekt, men òg fordi det betrar forholdet mellom familiemedlemmene.

Ei undersøking av polikliniske pasientar gjennomført i 2013, viste at halvparten budde saman med nokon. Likevel var det berre gjennomført familiesamtalar i åtte prosent av tilfella.

– Det overraskar meg at gapet mellom teori og praksis er så stort. Sjølv om vi veit at deltakinga til familien er viktig og at det verkar, så skjer det i altfor liten grad, seier Selbekk.

Brotne band

Éin av familiemedlemmene Selbekk snakka med, formulerte seg slik:

«Det er viktig at vi blir trekte med heilt frå starten. Då er det framleis noko å bygga på – framleis vilje til å halda saman».

For det triste faktumet er at når ein rusavhengig først kjem til behandling, er banda til familien ofte brote for lenge sidan. For store belastningar over for lang tid gjer at familiar blir splitta.

Ti familiar

Selbekk intervjua terapeutar og leiarar ved tre rusbehandlingsinstitusjonar i Noreg. I tillegg snakka ho med ti familiar som har vore involverte i behandling. Ho intervjua den rusavhengige sjølv og partnarar, foreldre og vaksne barn.

I eit fleirtal av familiane var det alkohol som var det problematiske rusmiddelet.

I studien deltok både familiar som hadde funne tilbake til kvarandre, og familiar som var usikre på om dei skulle halda fram.

Behovet til familien

Rusbehandling inneber eit håp om at ting skal endra seg og at familien skal få det betre.

Deltaking er ikkje berre viktig for den som ruser seg, men òg for at pårørande får moglegheita til å omarbeida kjensler og komma vidare i livet. Avhandlinga avdekker korleis rusproblem rammar heile familien – gjennom fastlåst kommunikasjon, låg tillit og store belastningar.

Når kvar familiemedlem bidrar med historia si, får familien eit felles språk for problem og løysingar. Slik kan dei bygga opp tillit igjen, og behandlinga kan tilpassast endringane som skjer i familien, ifølgje Selbekk.

– Det motsette kan opplevast som dobbel utestenging. Familien blir utestengd gjennom stadig meir intens rusing og i neste omgang når dei ikkje å få delta i behandlinga, seier ho.

Helse blir oppfatta som noko individuelt

Selbekk meiner at det som pregar situasjonen i dag, er sterke pasientrettar og eit system som favoriserer hjelp til den enkelte.

Helse blir først og fremst oppfatta som noko individuelt.

– Vi ser på dette som noko som må fiksast i hovudet og kroppen på einskildmenneske, forklarer Selbekk.

Med rusreforma i 2004 fekk rusavhengige status som pasientar. Det gav sterkare rettar og ein heider av rusavhengnad som ein sjukdom. Men rettane er knytte til pasienten, og familiane fell ofte utanfor.

Pasienten i sentrum, familien fell ut

Rusreformen gav òg pasienten større moglegheiter til sjølv å definera eiga behandling. Å setja pasienten i sentrum er ifølgje Selbekk ein viktig verdi, men samtidig kan det føra til at barn og pårørande får ein veldig perifer rolla

– Det kan styrka motsetningane. Kanskje den som ruser seg ikkje vil ha familien med, sjølv om det ville vore nyttig for dei andre familiemedlemmene, seier ho.

Selbekk forklarer at behandlingsinstitusjonane har vorte meir straumlinjeforma fordi dei skulle bli meir lik somatiske helseinstitusjonar. Ho fryktar at det rusbehandlingsinstitusjonane var gode på før, som til dømes å sjå viktigheita av relasjonar, no står i fare for å bli borte.

For dyrt

Selbekk meiner òg at økonomi speler inn. Måten behandling blir tald og blir registrert på, favoriserer hjelp til enkeltpersonar meir enn til familiar. Ein familiesamtale krev meir arbeid administrativt, og kanskje fleire terapeutar. Dette får ikkje behandlingsinstitusjonane kompensert for i tilstrekkeleg grad.

– Det går under radaren kor viktig dette er for samfunnet. Denne gevinsten blir ikkje gjenspegla i organiseringa av tilboda, seier *Selbekk.

Blir behandla på tre nivå

Avhengighet er eit samansett fenomen. For å behandla avhengnad er det viktig å jobba både medisinsk, psykologisk og sosialt, ifølgje Selbekk.

På det medisinske og psykologiske nivået må både rusavhengige og pårørande blir tilbode hjelp og støtte tilpassa situasjonen sin.

Den som ruser seg treng hjelp til å jobba med forholdet sitt til rusmiddelet, medan den pårørande kan trenga hjelp til å omarbeida erfaringar frå å leva med ein som ruser seg. I tillegg må dei jobba med forholdet seg imellom.

Anne Schanche Selbekk disputerte for ph.d.-graden i helse og medisin 13. juni 2016. Selbekk er sosiolog og rådgivar ved Kompetansesenteret KoRus i Stavanger, finansiert av Helsedirektoratet. Ho er førsteamanuensis II ved Det helsevitskaplege fakultet ved UiS.

Referanse:

Anne Schanche Selbekk: Berørte familier og individualiserte løsninger? En ontologisk, diskursiv og interaksjonistisk analyse av familiers involvering i rusbehandling.
Doktoravhandling ved Universitetet i Stavanger, 2016.