Å være inkludert vil si å delta i skolens læringsfellesskap sammen med alle de andre elevene.
Inkludering – hva innebærer begrepet?
Inkludering innebærer at den enkelte elev opplever sosial tilhørighet og sosialt fellesskap med jevnaldrende, samtidig som opplæringen er tilpasset evner og behov slik at eleven lærer og utvikler seg både menneskelig og faglig.
Publisert første gang 01.06.2017
I Norge har vi bred politisk enighet om at skolen skal være en inkluderende skole for alle. Inkludering understrekes også i Salamancaerklæringen (pdf) som ble vedtatt på UNESCOs «World Conference on Special Needs Education» i 1994. Norge var ett av mange land som sluttet seg til.
I et inkluderingsperspektiv må det legges særlig vekt på å styrke skolens kapasitet for å romme og gi fellesskap for elever med ulik læringsatferd. Det handler om å utvikle en skole der ansatte og elever opparbeider seg og bruker kompetanse der respekt for forskjellighet, egenart og ulike kulturer gjelder. For å øke inkluderingen, må skolen kontinuerlig arbeide for å motvirke de ulike utstøtingsmekanismene som finnes i skolen.
En forutsetning er at skolen må se forskjellighet og mangfold som verdi, styrke og ressurs. Hvis elevene blir møtt med en forventning om at de kan og har noe å tilføre klassen, kan den forventningen i seg selv føre til at eleven strekker seg lengre, enn om han blir møtt med en forventning om at han vil mislykkes eller være et uromoment i klasserommet.
Å møte alle på ein verdig måte
Dei forventningane vi møter kvar elev med betyr noko for korleis eleven gjer det i klassen, både faglig og sosialt, skriv Grete Dalhaug Berg i denne artikkelen.
Publisert fyrste gong 11.05.2016
Diktet «Liten gut fortel» av Jan Magnus Bruheim starter slik:
Eg fekk det ordet
eg var tverr –
og lei og vrang
og sky og skjerr.
Eg ikkje anna
høyre fekk,
og sturen var eg
kvar eg gjekk.
Visst er eg vrang
og vond og sur,
men eg må væra
slik dei trur.
Vere slik dei trur
Dette verset seier ganske mykje om korleis ein gut eller ei jente kan oppleve skolen. Mange elevar kan føle at den tida dei er på skolen, blir brukt til å "vere slik dei trur". «Dei», kan i denne samanheng være både medelevar og lærar eller andre vaksne. Det handlar om eit møte som er avgjerande for alle parter, men som først og fremst er avgjerande for eleven.
Det handlar om forventningar til dette møtet mellom lærar og elev. Det er forventningar både faglig og sosialt. Begge har med seg gode og dårlige erfaringar til dette møtet. Læraren har og med seg informasjon om eleven. Slik informasjon kan være saklig faglig informasjon, men det kan og være informasjon som er mer uformell. Læraren kan ha høyrt noko om eleven frå andre eller kjenner familien til eleven. Korleis læraren bruker denne informasjonen som han har fått, er av verdi for dette møtet mellom lærer og elev. Læraren skal uansett være den profesjonelle i dette møtet, slik at informasjonen som han har om eleven ikkje skal prege dette møtet negativt. Men er det slik?
«Ryktet går foran mannen», heter det. Sjølvsagt er det interessant å ha litt bakgrunnsstoff når ein skal møte nye menneske og då er det lett å bli forut inntatt i ei eller anna retning. Forut inntatt betyr at ein på førehand er uvillig stemt mot en person på grunn av ein eller annan uakseptabel handling eller noko ein har høyrt. Det er ei form for fordømming.
Ein sjølvoppfyllande profeti er ein profeti, ei meining, ei haldning, som er tilbøyeleg til å oppfylle seg sjølv. Det vi forventar skal skje, vil skje. Overført til elevane, klassen og læraren så vil det å ha ei meining om eller aning om at framgang vil skje eller at ein skal mestre noko, ha betyding for resultatet.
Leite etter dei sterke sidene til eleven
Eit anna uttrykk eller ordtak er at «Tro kan flytte fjell». Det handlar om det same, at om vi berre tru sterkt nok så kan vi klare alt. I diktet av Ingvar Moe som heiter «Eg kan», avsluttast kvart vers med: «Jau, det kan eg greie, jau, det går nok an. Om nokon vil seie dei trur at eg kan!». Men for at eleven skal klare, så må han ha noen rundt seg som trur at han kan, og som kan fortelle han at han trur på han. Når vi lærer, blir vi influert av andre si oppfatning om oss. Derfor er læraren si haldning til eleven viktig.
Dersom vi leitar etter dei sterke sidene til eleven, så treng vi ikkje ha blikket vårt på dei svake sidene eller på dei områda der eleven strevar. Det vil gjere noko med forventningane våre til eleven og føre til at vi «treffer» betre med undervisninga. Målet er å styrkje eleven sin motivasjon og meistring og skape den positive spiralen.
Vi kan fortsette med Bruheim sitt dikt:
Så hende det
ein vakker dag
at alle ting fekk
eit anna lag.
Igjennom veggen
høyrde eg
at nokon tala
godt om meg.
Eg ville ikkje
lyde på,
men stilte meg
så lett på tå –
Og høyrde før
eg smeit meg ut;
”Han er så grei
og gild ein gut”
Eg kvakk litt til,
men vart så glad
då eg fekk høyre
kva dei sa.
Eg gøymde meg
og stod og gret,
men alt ikring
vart ljost på let.
Og midt i gråten
tenkte eg,
at når dei trur
så godt om meg
Då skal eg jammen
syne dei
at eg kan vera
god og grei.
Dei godord gjorde
dagen bjart,
å du, kor hjartevarm
eg vart!
Eleven har eit ønske om å bli akseptert, godtatt og respektert. Det er ikkje alltid slik at eleven klarer å signalisere dette. Kan hende gir han heilt andre signal til lærar og medelevar.
Framsnakking
Kan det å framsnakke elevane og særleg elevar som har eit dårlig rykte i høve til åtferd, være med på å endre måten læraren og andre møter dei på?
Skolen trenger framsnakking, både av eleven og læraren. Vi trenger spesielt framsnakking av dei elevane som til stadigheit kjem ille ut, dei som alltid blir omtala i negative ordelag. Det er desse elevane som treng framsnakking mest. Kan dei noko meir enn å være uromoment, være uhøfleg, ikkje gjer lekser eller vandre i rommet? Alle elever kan noko, klarer noko og er gode til noko om dei får høve til å vise det. Så da blir det de vaksne sin oppgåve å finne desse områda og fram snakke dei i det offentlege rom, på lærarrommet, i klasserommet.
Kanskje er det viktig å heve vår kompetanse på elevane og dermed kunne framsnakke dei? Gjennom framsnakking kan vi skape positive forventningar og positive ringverknader i miljøet.
Tekst: Grete Dalhaug Berg
Artikkelen er ein forkorta versjon av ein artikkel Grete Dalhaug Berg har skrive i boka Problemløsningsmodeller:
Berg, Grete Dalhaug (2015). «Eg må være slik dei trur eg er» – en refleksjon for læreren i møte med eleven. I: Problemløsningsmodeller. Erling Roland (red.) Oslo, Universitetsforlaget.
Refleksjon om haldningar og praksis for betre inkludering
Korleis reflektere over eigne haldningar og eigen praksis?
Publisert fyrste gong 11.05.2016
Ein måte å gjere det på er å syne tema for refleksjon gjennom ein modell. Ei stjerne som inneheld sentrale omgrep som kan danne grunnlag for refleksjonen kan vere ei god illustrasjon (se teikninga til venstre). Stjerna kviler på omgrepet haldningar, som eg meiner er det viktigaste i møte med eleven. Korleis vi tenkjer om eleven vi møter, er med på å forme vår haldning til eleven. Men det er vesentleg at vi er bevisst våre haldningar og kva konsekvensar desse haldningane har. Da må vi våge å tenkje tanken; kva tykkjer eg om elevane?
Er du glad i barn?
Ein rektor ved ein stor skole i Malmø fortalde at ho hadde eitt spørsmål til dei lærarane som søkte jobb på skolen; er du glad i barn? Og kanskje kan det seiast så enkelt; er du glad i elevane dine? Våre haldningar til elevene vert forma både av eigne og andre sine opplevingar med elevane og til den informasjonen vi har om eleven. Kva tenkjer du om eleven? Ser du eleven slik han opptrer i klassa, eller ser du eleven ut frå den informasjonen du har fått om eleven. Alle slik tankar påverkar haldningane våre og dermed vår åtferd. Ein viktig faktor i den individuelle refleksjonen er å ta fatt i desse spørsmåla og finne svaret.
Så inneheld stjerna to andre omgrep som vi finn igjen i litteraturen om relasjonar, og det er respekt og forståelse. Det handlar om respekt for eleven og forståing av eleven sin tilvære. Respekt er utgangspunktet for en god relasjon og vi må gjere oss fortent til ein annan sin respekt. Når vi bruker tid på å reflektere over dette så gjev det oss ei bevisstheit om kva vi sjølv tenkjer og korleis vi handlar. Det er eit sentralt poeng i ein kvar læraroppgåve. Har du respekt for eleven? Vil eleven oppleve at du har det og syner du forståing for eleven sin situasjon? Har du forventningar til alle elevane?
Har alle menneske like mykje verdi?
Menneskeverd og likeverd er to andre omgrep i denne stjerna. Desse to omgrepa er kanskje dei som utfordrar den einskilde mest. Har alle menneske like mykje verdi? Da tenkjer vi ofte dei store og høgtidelege tankane, men omgrepa er sentrale for korleis vi møter et mangfald av elevar og foreldre. Har alle vi møter like mykje verdi? Har alle dei vi møter like mykje rett til ei likeverdig undervisning og læring? Klarer vi å skilje mellom person og handling?
Kva gjorde du da det gikk bra?
Refleksjon er det siste omgrepet. Eg meiner at refleksjon er viktig for å utvikle seg som lærer og menneske. Særlig kanskje det å ha fokus på kva vi gjorde når ting fungerte veldig bra i klasserommet. Kva gjorde vi da? Vi er som regel gode på å kunne si noe om det som ikkje fungerer og det som vi ikkje fikk til og den timen som var dårlig. Men dersom en spør læraren om den timen som fungerte veldig bra, så har læraren ofte vanskelig for å sei noko om kva han gjorde da. Eller når det er snakk om elever og dårlig åtferd så har vi fokus på dei dårlege dagane og timane og ikkje dei gode dagane og timane. Dersom vi ønskjer å bli betre som menneske og lærar, må vi rette blikket mot dei situasjonane der vi lukkast. Kva gjorde vi då?
Målsetting med dette er først og fremst at kvar og ein skal reflektere over eigne haldningar, sitt pedagogiske ståsted, og være bevisst på at dei haldningane vi har er med på å styre vår åtferd.
Denne stjerna er ein måte å tenkje og reflektere på som eg har tro på kan hjelpe den einskilde til bevisste handlingar i møte med alle elevar. Kanskje kan den bidra til å forvente framgang og sette i gang ein positiv spiral for alle elevar si læring?
Tekst: Grete Dalhaug Berg
Artikkelen er ein forkorta versjon av ein artikkel Grete Dalhaug Berg har skrive i boka Problemløsningsmodeller:
Berg, Grete Dalhaug (2015). «Eg må være slik dei trur eg er» – en refleksjon for læreren i møte med eleven. I: Problemløsningsmodeller. Erling Roland (red.) Oslo, Universitetsforlaget.