UDIT 2022

Her er fyrste bidragslysing til Utdanning og Didaktikk i IT-faga.

Publisert Sist oppdatert

UDIT (Utdanning og Didaktikk i IT-faga) er nasjonal møteplass for vitskapleg publisering, diskusjon og utveksling av røynsler knytt til undervising og læring i IKT i høgare utdanning. Me ynskjer bidrag på eitkvart tema knytt til utdanning, læring, didaktikk, og bruk av IKT i læring. Om du har fått ny innsikt eller gode idéar gjennom utvikling av undervising og læremateriell, er UDIT en arena for deg.

UDIT inviterer til innsending av fagartiklar som vert fagfellevurderte etter vitskaplege kriterium. Godtekne artiklar vert publisert i NIKT-tidsskriftet (e-ISSN 1892-0721) som er akkreditert på nivå 1 i Noreg. Se fjorårets utgåve.

Det er også høve til å føreslå presentasjonar basert berre på innsendt samandrag. Slike samandrag vert ikkje fagfellevurderte. Programkomitéen vil i staden velja dei ut basert på relevans og potentiale for å skapa fruktbar diskusjon. Slike presentasjonar er egna både for bidrag under arbeid og utfordringar der forfattaren søkjer innspel for å løysa konkrete utfordringar i eiga undervising. Samandrag aksepterte i år er særleg velkomne som fulle fagartiklar til neste år.

Fagartiklar

Innsende fagartiklar vert vurderte av minst to uavhengige fagfellar. Utdanning og didaktikk er breide disiplinar, og me ser at artiklane kan koma i ulike genrar, om med ulike metodeverk for samfunnsfaglege, naturvitskpalege eller humanistiske tradisjonar. Uansett sjanger krev me ein solid akademisk standard, der fylgjande kriterium ligg til grunn.

  • Relevans for konferansen
  • Potensiale for å stimulera diskusjon om undervising og læring
  • Betydning
    • Bring artikkelen ny kunnskap til fagmiljøet?
    • Drøfta artikkelen vesentlege utfordringar i IT-utdanning eller samfunnet forøvrig?
    • Let resultata seg generalisera?
      Kor nyttige er resultata for undervisarar ved andre kurs ved andre universitet?
  • Fagleg kvalitet
    • Er mål og forskingsspørsmål tydleg formulert?
    • Er metodane tydleg formulerte?
    • Er resultata tydleg formulerte og underbygde i ljos av eksisterande literatur
      og/eller observasjonar?
    • Er konklusjonen klar?
    • Er der gode og relevante referansar?
  • Presentasjon
    • Kor leseleg er artikkelen? Kor velstrukturert er han?
    • Reflekterer tittelen og samandraget det øvrige innhaldet?
    • Er artikkelen formatert korrekt i henhold til malen?
      Er sidegrensa overhalden?

Praktiske instruksar

  • Primærspråket for konferansen er norsk/skandinavisk.
    Det er likevel høve til å senda inn artiklar og halda føredrag på engelsk.
  • Alle bidrag skal vera originale og ikkje tidlegare publiserte eller
    til vurdering for publikasjon andre plassar.
  • Artiklane vert publisert med open tilgang, og forfattarane held på
    alle øvrige rettar.
  • Minst éin forfattar må registrera seg og presentera arbeidet på konferansen.
  • Øvre sidegrense er 14 sider inklusive referansar.
    Der er inga nedre grense, og korte bidrag er velkomne og
    vert vurderte etter dei same kriteria.
  • Bidrag treng ikkje vera anonyme, men forfattarane kan senda inn anonymt dersom dei
    ynskjer det.
  • Fristane for fulle fagartiklar er felles for alle spora på NIKT og vert
    annonserte seinare. Sjå NIKT.
  • Fristen for samandrag utan full artikkel er 15. oktober 2023.
  • Andre detaljar skal avklarast med dei lokale arrangørane av NIKT og kan verta endra. Dette vert kunngort seinare. Dette omfattar

Programkomitéen

Komitéleiing

  • Leiar: Hans Georg Schaathun, NTNU - Noregs Teknisk-Naturvitskaplege Universitet
  • Teiknisk nestleiar: Yngve Lindsjørn, Universitetet i Oslo
  • Lokal nestleiar: Erlend Tøssebro, Universitetet i Stavanger

Komitémedlemmer

  • Salah Uddin Ahmed, USN
  • Per-Arne Andersen, Universitetet i Agder
  • Marcin Fojcik, Høgskulen på Vestlandet
  • Laurence Habib, OsloMET
  • Birgit Krogstie, NTNU - Noregs Teknisk-Naturvitskaplege Universitet
  • Per Lauvås, Høyskolen Kristiania
  • Henrik Hillestad Løvold, UiT Noregs arktiske universitetet
  • Robin Isfold Munkvold, Nord Universitetet
  • Torstein Strømme, Universitetet i Bergen

Ansvarlig for siden: TBA