Kva kjenneteiknar ei vellukka rettleiing av masteroppgåver? Nederlandske forskarar har utvikla eit rammeverk som stiller krav til både student og rettleiar.
Eit forskingsnotat er ei forenkla og forkorta oppsummering av publiserte systematiske kunnskapsoversyn. Forskingsnotatet gjer forskinga mer tilgjengeleg og lesarvennleg.
Rammeverket for ei effektiv rettleiing av masteroppgåver kan vere ein ressurs for rettleiarar, men òg for utdanningsinstitusjonar som vil utvikle gode rettleiarar av masteroppgåver
Studien
Dette forskingsnotatet er ei samanfatning av kunnskapsoversynet Effective master's thesis supervision – A summative framework for research and practice skrive av forskarane ved Institutt for utdanningsforsking og utvikling og Institutt for utdanningsinovasjon ved Maastricht University i Nederland. Artikkelen blei publisert i tidsskriftet Educational Research Review i 2023.
Bakgrunn
Det er ein markant auke i talet på studentar som tar mastergradsstudium, både i Norge og elles i verda. Masterstudiet inkluderer ei masteroppgåve som står for ein vesentleg del av graden. Gjennom arbeidet med masteroppgåva skal studentane utvikle viktige ferdigheiter som forskingsmetodikk, kritisk tenking, kompetanse i å finne og vurdere relevant informasjon og prosjektstyring. I arbeidet med masteroppgåva får studentane hjelp av ein rettleiar som har ansvar for å utvikle desse ferdigheitene. Rettleiing av masteroppgåver blir dermed sentralt for studentutvikling og ei stadig meir vanleg rolle for akademikarar. På same tid manglar mange rettleiarar formell opplæring i korleis dei skal hjelpe studentane, noko som fører til ein stor variasjon i kvaliteten på rettleiinga. Det er dermed eit behov for betre støttesystem og opplæringsprogram for rettleiarar for å sikre at studentane mottar den støtta dei treng. Slike system vil ikkje berre styrke kvaliteten på masteroppgåvene, men også forbetre studentopplevinga og bidra til meir effektiv læring og utvikling gjennom mastergradsstudiet.
Føremål
Studien presenterer eit samlande rammeverk for effektiv rettleiing av masteroppgåver ved å syntetisere eksisterande forsking på temaet. Målet er å få eit oversyn over kva som kjenneteiknar god rettleiing, med fokus på samspelet mellom student og rettleiar. Rammeverket skal hjelpe utdanningsinstitusjonar med å guide og støtte rettleiarar. Dei tre forskingsspørsmåla er (vår omsetjing):
- Kva er resultata av effektiv masteroppgåve-rettleiing?
- Kva slags prosessar i rettleiinga fremmar desse resultata?
- Kva slags innsatsfaktorar er viktige for at rettleiing av masteroppgåver blir vellykka?
Inkluderte studiar
Med utgangspunkt i forskingsspørsmåla, søkte forskarane bak kunnskapsoversikten etter relevante studiar i fire ulike databasar. Studiane ble inkludert dersom dei (1) var skrive på engelsk i fagfellevurderte tidsskrift, (2) brukte , eller blanda metodar, og (3) handla om masterstudentar (ikkje bachelor- eller doktorgradstudentar). Det blei òg gjort ei kvalitetsvurdering av studiane som oppfylte inkluderingskriteria. Til slutt blei 36 studiar inkludert i kunnskapsoversynet. Dei fleste studiane blei utført i Europa (N=22). Dei andre studiane var frå Asia (N=7), Afrika (N=5), Sør-Amerika (N=2) og New Zealand (N=1). Ein av studiane utforska tilhøva i to ulike land (Nederland og Kina).
Resultat
Kva er resultata av effektiv masteroppgåve-rettleiing?
Forskarane delte resultata av rettleiinga opp i fire emne:
- Inntrykk – Viser kor tilfredsstillande og engasjerande opplevinga av rettleiinga har vore for både student og rettleiar. I tillegg reflekterer det korleis studentane ser på rettleiaren sitt bidrag til læringa deira og motivasjonen dei har for å halde fram med forsking.
- Læringsresultat – Viser til kva slags kunnskap, ferdigheiter, haldningar og sjølvtillit studenten sit igjen med etter rettleiinga. Ei vellykka rettleiing fører til at studentane lærer meir om fagfeltet sitt, blir betre til å skrive akademisk og set pris på tilbakemeldingar frå rettleiaren.
- Åtferd – Handlar om korleis rettleiinga fører til endring om korleis studentane utfører oppgåvene sine. Det dreier seg mellom anna om studentane argumenterer betre og retter skrivefeil etter å ha fått tilbakemeldingar.
- Sluttresultat – Korleis studentane presterer, kor god progresjon dei har og kva dei oppnår med rettleiinga. Dette inkluderer at oppgåva blir ferdig i tide, at kvaliteten på arbeidet er godt og den endelege karakteren.
Kva slags prosessar i rettleiinga fremmer desse resultata?
Forskarane fann tre hovudpunkt som viser til korleis element i rettleiings-prosessen påverkar resultata av rettleiinga:
Samspelet mellom student og rettleiar
Eit fruktbart samspel er kjenneteikna ved gjensidig tillit, open kommunikasjon, og eit balansert maktforhold der begge partar tar initiativ og deler ansvar. I byrjinga kan rettleiaren vere meir styrande, men med tida tar studenten meir eigarskap til prosessen, og saman utviklar dei forskinga. I ein god relasjon føler studentane seg sett og forstått og samhandlingane er prega av respekt, profesjonalitet og ei felles forståing av mål. Forsking viser at forholdet mellom student og rettleiar er avgjerande for framgangen og resultata til studenten, og spelar ein kritisk rolle i rettleiings-prosessen.
Tiltak frå studenten si side
Studentar bør ta initiativet under møter med rettleiaren, ta omsyn til at rettleiaren har avgrensa med tid og aktivt engasjere seg i tilbakemeldingar dei får. Frå studenten sitt perspektiv er det viktig å planlegge grundig, utnytte ressursar strategisk, bruke metakognitive strategiar og skrive jamleg gjennom heile oppgåveprosessen. Forskinga viser at desse tiltaka er positivt knytt til både inntrykket studentane har av rettleiinga og læringsresultatet deira.
Handlingar frå rettleiaren si side:
Ved å tilpasse seg studenten sine individuelle behov og handtere forventningar på ein effektiv måte, kan rettleiaren bidra til å skape eit trygt og støttande miljø for open og ærleg kommunikasjon. Det er viktig at rettleiarar tilpassar handlingane sine til studentane sine behov gjennom direkte diskusjonar, utan å gjere seg oppfatningar på førehand på førehand. Rettleiarar kan ta grep for å handtere forventningar knytt til to ting: å gjere det klart korleis rettleiinga går føre seg, og kva akademiske krav det er til oppgåveprosessen. Omsorgsfull rettleiing inneber at rettleiaren skapar ein trygg arena for open kommunikasjon med studenten, ved å lytte, støtte og oppmuntre.
Rettleiarar bør òg gi klåre instruksjonar og skape struktur for studentar, inkludert å planlegge møter og sette fristar. Omsorgsfull rettleiing og instruksjon er spesielt viktig i startfasen av oppgåva for å hjelpe studentar med å tilpasse seg. I tillegg er handlingane viktige når studentane står fast i utfordringar dei ikkje kan løyse aleine. Tydelege forventningar, gjentatte tilbakemeldingar og effektiv kommunikasjon er viktig for god tilbakemelding. Ein viktig aspekt er også evna til å gi konstruktiv tilbakemelding på ein måte som er lett å forstå og nyttig for studenten sin framgang.
Ifølge forskinga påverkar rettleiaren sine handlingar ikkje berre studenten sitt inntrykk av rettleiinga og læringa som skjer i prosessen, men også relasjonen mellom student og rettleiar. Dette understrekar den sentrale rolla rettleiaren spelar i å forme resultatet av ein masteroppgåve, og korleis ein støttande og engasjerande rettleiing kan bidra til suksess.
Kva innsatsfaktorar er viktige for at rettleiing av masteroppgåver blir vellykka
Forskarane såg òg på kva slags innsatsfaktorar som fremjar rettleiingsprosessen og resultatet.
Kunnskap
Både studentar og rettleiarar treng kunnskap om forsking og oppgåveskriving. Studentane bør ha kunnskap om skrivekonvensjonar, metodologisk kunnskap og meir generell førehandskunnskap. Rettleiaren bør ha kunnskap om akademiske standardar og prosessar, i tillegg til erfaring med forskingssteg og metodar. Vidare må rettleiarar vere kompetente innan faget, men dei treng ikkje nødvendigvis å vere ekspertar. Forskinga viser at desse førehandskunnskapane er direkte relatert til studenten sitt inntrykk av rettleiinga og av resultatet.
Ferdigheiter
Skriveferdigheiter er avgjerande for studentane si suksess med masteroppgåva. Rettleiarar bør ha relevante rettleiingsevner, som sosiale evner, leiarevner og evne til effektiv utvikling av kunnskap og tilknyting til studentane sine. Både studentar og rettleiarar bør ha evna til å tenke kritisk. Desse ferdigheitene har ein positiv samanheng med eit effektivt student-rettleiarsamspel, rettleiarhandlingar og resultata til studentane.
Haldningar
Forskinga understrekar relevansen av studentane si indre motivasjon for oppgåveprosessen, som både kan knytast til oppgåvetemaet og læremoglegheitene som oppgåveprosessen gir. Vidare er studentane sine forventningar til oppgåveprosessen, og særleg i kva grad desse forventningane samsvarar med rettleiarane sine, viktige innsatsfaktorar. Dette inkluderer forventningar til endeleg karakter, fordeling av ansvar mellom student og rettleiar, i tillegg til studenten si haldning til endringar i oppgåveprosessen. Både studentar og rettleiarar framhevar at studentane bør vere målretta og uthaldande medan dei arbeider med oppgåva. Rettleiar bør vere engasjert i oppgåveprosessen, energisk og lidenskapeleg. Student- og rettleiarhaldningar har ein positiv samanheng med studentresultata og med eit effektivt student-rettleiarforhold.
Roller og motiv
Både rettleiarar og studentar er einige om at studentar bør ta aukande ansvar og eigarskap for framdrifta i oppgåveprosessen, ta initiativ og utfordre seg sjølve, planleggje tida og strategisk bruke tilgjengelege ressursar. Rettleiaren bør ta ansvar for å utvikle akademiske potensiala til studentane, planleggje oppgåveprosessen, gi rettleiing om val av tema og metodikk og vere tilgjengeleg for studenten. Desse student- og rettleiarrollene er viktige innsatsfaktorar for resultatet av masteroppgåva, og dessutan for oppgåveprosessen, spesielt student-rettleiarforholdet og rettleiarhandlingar.
Kontekstuelle faktorar
Ei rekkje kontekstuelle eigenskapar, som er utanfor kontrollen til både studentar og rettleiarar, påverkar òg rettleiinga av masteroppgåver. Studentar treng støtte som økonomisk hjelp, fri frå jobb, og støtte frå familie og venner. Rettleiarar bør ha ei handterleg undervisingsbyrde og vere einige om vurderingskriterier. Institusjonar bør tilby intellektuelt stimulerande program, nødvendige ressursar og eit sosialt miljø der rettleiarar og studentar kan mætast. Desse faktorane påverkar studentresultat og rettleiarhandlingar.
Forskarane konkluderer derfor med at effektiv rettleiing av masteroppgåver byggjer på rettleiaren si evne til å tilpassa seg til studentane sine eksisterande kunnskapar, ferdigheiter, haldningar, forventningar, omstende som påverkar læringa deira, og endringar i behov over tid.
Implikasjonar
For å hjelpe rettleiarar og fakultetet med den aukande mengda studentar som skal skrive masteroppgåver, har forskarane bak dette kunnskapsoversynet utvikla et rammeverk basert på tilgjengeleg forsking om kva som fungerer best når det kjem til å rettleie masteroppgåver.
Rettleiingsprosessen blir påverka av innsatsfaktorar og handlingane til både student og rettleiar. Forskarane konkluderer derfor med at effektiv rettleiing av masteroppgåver byggjer på rettleiaren si evne til å tilpassa seg til studentane sine eksisterande kunnskapar, ferdigheiter, haldningar, forventningar, omstende som påverkar læringa deira, og endringar i behov over tid. Dette krev at rettleiaren nyttar sin eigen kompetanse og rolle for å skape ein genuin tilknyting til studentane i eit trygt og støttande miljø.
Rammeverket for ei effektiv rettleiing av masteroppgåver kan vere ein ressurs for rettleiarar, men òg for utdanningsinstitusjonar som vil utvikle gode rettleiarar av masteroppgåver. Rammeverket gir nødvendig språk for rettleiarar og utdanningsinstitusjonar for å effektivt reflektere over og utvikle rettleiingspraksisane sine.
REFERANSE:
Grohnert, T., Gromotka, L., Gast, I., Delnoij, L., & Beausaert, S. (2023). Effective master's thesis supervision–A summative framework for research and practice. Educational Research Review, 100589. DOI: https://doi.org/10.1016/j.edurev.2023.100589