Førstegenerasjonsstudenten som akademisk ressurs

Studentar frå familiar utan høgare utdanning startar studia med andre livserfaringar enn studentar frå familiar med akademisk utdanning. Dette forskingsnotatet ser på korleis både førstegenerasjonsstudent og utdanningsinstitusjon kan nyttiggjere seg av slike livserfaringar i læringsarbeidet til studenten og den faglege utviklinga ved institusjonen.

Publisert Sist oppdatert
Forskingsnotat
Kva er eit forskingsnotat?

Eit forskingsnotat er ei forenkla og forkorta oppsummering av publiserte systematiske kunnskapsoversyn. Forskingsnotatet gjer forskinga mer tilgjengeleg og lesarvennleg.

Når førstegenerasjonsstudentane sine livserfaringar blir kopla til akademisk arbeid og anerkjent som relevante og verdifulle, kan desse studentane få ein lettare inngang til akademia og samfunnsliv.

To unge kvinner går bortover en korridor med skrivebøker i hendene
EIN RESSURS: Færre førstegenerasjonsstudentar fullfører studieløpet sitt enn studentar frå familiar med akademisk utdanning. Det å skape rom i undervisinga for utforsking av korleis førstegangsstudentener kan bruke sine livserfaringar i den akademiske utviklinga, kan føre til at dei kjenner seg meir inkludert. (Illustrasjonsfoto: Getty Images)

Studien

Studien som blir presentert her, er eit systematisk kunnskapsoversyn med tittelen «First-Generation College Students ad Academic Learners: A Systematic Review». Studien er utført av to amerikanske forskarar og involverer berre studentar i USA. Begge forskarane representerer førstegenerasjonsstudenten, men deira ulike etniske bakgrunnar førte til at dei gjorde seg ulike erfaringar ved inngangen til den akademiske verda og kulturen der. Desse to ulike erfaringane med det same fenomenet dannar bakteppet for kunnskapsoversynet.

Bakgrunn

Kvart år tek universitet og høgskolar imot studentar som er dei første i sin familie til å ta høgare utdanning. Desse førstegenerasjonsstudentane tar steget ut i ei akademisk verd som mange av deira medstudentar frå familiar med akademisk utdanning allereie har kjennskap til; ein kjennskap som kan gje dei eit fortrinn førstegenrasjonsstudentar ikkje har. Førstegenerasjonsstudentane er like forskjellige som studentar frå familiar med akademisk bakgrunn, men på gruppenivå ser ein at færre førstegenerasjonsstudentar fullfører studieløpet sitt. Dei er òg meir sårbare sosialt og mentalt fordi dei står med ein fot i to sosiokulturelle verder som er framande for kvarandre. I tillegg høyrer studentar som er dei første i sin familie til å ta høgare utdanning òg ofte til andre marginaliserte grupper, til dømes fordi dei har ei minoritetsetnisk eller språkleg bakgrunn eller låg sosioøkonomisk status.  

Medan det er blitt gjort  fleire studiar på kva slags utfordringar førstegenerasjonsstudentar møter og korleis utdanningsinstitusjonen kan arbeide for å sluse dei inn i den akademiske falden, er det få studiar som undersøker kva som karakteriserer korleis denne studentgruppa lærer, altså kva som særpregar deira akademiske læring. Slik kunnskap vil vere nyttig for utdanningsinstitusjonar sitt arbeid med å legge til rette for at førstegenerasjonsstudentar gjennomfører studieløpet med best moglege resultat, men det er òg viktig i eit likestillingsperspektiv: Måten førstegenerasjonsstudentar og deira behov blir møtt på i dag, vitnar om at høgare utdanningsinstitusjonar har eit mål om å assimilere heller enn integrere dei inn i majoritetsgruppa.

Føremål

Det som blir presentert her spør: Korleis kan ein gjere bruk av førstegenerasjonsstudentar sine livserfaringar i staden for å forvente at studenten tilpassar og endrar seg ved å legge bort desse erfaringane? ser altså ikkje primært på kva denne studentgruppa må gjere for å tilpasse seg institusjonen (assimilering), men kva institusjonen kan gjere for å inkludere førstegenerasjonsstudentane og deira livserfaringar (inkludering). Ein kan til dømes tenke seg at ein student med ei anna etnisk bakgrunn enn majoritetsstudenten, som kjem frå lågare sosioøkonomiske kår og som er den første i familien til å ta ei akademisk utdanning, kan bidra med perspektiv og lærdom som er viktige veger til deira akademiske læring og som i tillegg kan vere med å drive den akademiske, faglege utviklinga vidare.

Forskingsspørsmåla var (vår oversettelse):

  1. Kva slags metodar har blitt nytta for å undersøke førstegenerasjonsstudentar si akademiske læring?
  2. Kva slags teoretiske rammeverk har blitt brukt i studiar om dette temaet?
  3. Kva seier eksisterande vitskapleg litteratur om førstegenerasjonsstudentar si akademiske læring?

Inkluderte studiar

For å blir inkludert i den systematiske kunnskapsoppsummeringa måtte studien

  1. fokusere på førstegenerasjonsstudentar i høgare utdanning i USA
  2. fokusere på akademisk læring, inkludert sosiale, psykologiske og emosjonelle prosessar
  3. vere tilgjengeleg i fulltekst
  4. vere publisert mellom 2008 og 2018

Totalt 59 studiar blei inkluderte i den systematiske kunnskapsoppsummeringa. Studiane blei så koda, tematisk kategorisert og analysert.  

To studenter står mellom hyller med bøker og ser i ei bok
ASSIMILERING: Forskarane bak dette kunnskapsoversynet hevdar at måten førstegenerasjonsstudentar og deira behov blir møtt på i dag, vitnar om at høgare utdanningsinstitusjonar har eit mål om å assimilere heller enn integrere dei inn i majoritetsgruppa. (Illustrasjonsfoto: Getty Images)

Resultat

Forskingsspørsmål 1:

Kunnskapsoppsummeringa viser at studiar på temaet oftast bruker (41%) eller  (39%) metodar. Datainnsamlinga blei oftast gjort med større (t.d. nasjonale) spørjeundersøkingar (31%), intervju (23%) eller dokumentanalysar (12%).

Forskingsspørsmål 2:

Sosiale og kulturelle teoretiske rammeverk blei brukt i 42% av studiane. Desse studiane såg i hovudsak på interaksjonar mellom samfunn og kultur som verkar inn på individet (t.d. Bourdieu sine teoriar). Studiane som brukte slike rammeverk, blei kategorisert i fire underkategoriar: psykososial, sosial/kulturell kapital, sosiokulturell læring og sosiohistorisk kontekst. 22% av studiane brukte fråfalls- og uthaldsteoriar som rammeverk (t.d. Tinto sine teoriar). Den tredje kategorien studiar (12%) brukte pedagogiske teoriar eller læreplanteoriar som rammeverk, den fjerde (8%) brukte meistringsteoriar (t.d. Bandura), mens den siste kategorien (7%) brukte utviklingsteoretiske rammeverk. Summa summarum har dei teoretiske rammeverka som blir brukt i forsking på temaet ein etnisk og kulturelt kvit slagside, baserte som dei er på tre teoretikarar som framleis dominerer forskingsfeltet (dvs. Bourdieu, Tinto og Bandura), fleire tiår etter at teoriane deira blei framsette. I tillegg har desse teoretiske rammeverka lite merksemd på skjulte eller opne maktforhold og -strukturar som er ufordelaktige for minoritetar. Det er til dømes få som sett spørsmålsteikn ved Bourdieu sin definisjon av høg og låg kulturell kapital. Forskarane etterlyser utvikling av teoretiske rammeverk som tek omsyn til minoritetsstudenten og som ikkje forsterkar den kvite studenten frå ei familie med akademisk utdaning som ein norm eller eit mål.

En mannlig lærer snakker med to elever/studenter som sitter ved en pult
INKLUDERING: Ved å legge til rette for ein toveiskommunikasjon mellom institusjon og student, mellom anna ved å oppfordre førstegenerasjonsstudentar til å bruke eigne erfaringar i deira akademiske arbeid, opnar utdanningsinstitusjonen for å sette førstegenerasjonsstudentar i stand til å gjere kritiske vurderingar av samfunnsstrukturar, andre individ og seg sjølv. (Illustrasjonsfoto: Getty Images)

Forskingsspørsmål 3:

Den første kategorien studiar (51%) samanlikna førstegenerasjonsstudentar og deira akademiske utvikling med resten av studentpopulasjonen, typisk studenten som kjem frå ein heim med høgare utdanning. Resultatet av denne tilnærminga er eit bilde av førstegenerasjonsstudenten som lågare presterande med mindre engasjement og eit urealistisk akademisk sjølvbilete, som har lite kontakt med fakultetet og som ikkje har vilje eller evne til å søke hjelp og støtte. Denne tilnærminga tar utgangspunkt i eit mangelperspektiv, altså at førstegenerasjonsstudenten har nokre manglar ved seg som må fiksast så hen kan bli som andre studentar – altså bli assimilert inn i majoritetsgruppa.

Den andre kategorien studiar (24%) nærmar seg førstegenerasjonsstudenten frå eit kulturelt perspektiv og på gruppenivå. Denne tilnærminga kan ved første augekast sjå ut til å vere styrkebasert, altså motsetnaden til den mangelbaserte tilnærminga, men viser seg i stor grad å vere mangelbasert, den òg. Artikkelforfattarane peiker på at det er viktig å anerkjenne kulturforskjellar i studentpopulasjonen nettopp for å kunne inkludere førstegenerasjonsstudentane og deira livserfaringar. Det er òg viktig å lære førstegenerasjonsstudentane opp i akademiske konvensjonar, slik at dei kan oppnå gode akademiske resultat. Men det å faktisk inkludere i staden for å assimilere, betyr at studenten òg må få bidra med sitt perspektiv inn i den akademiske verda. Studiane som høyrer til denne kategorien, legg ikkje eigentleg meir til rette for at førstegenerasjonsstudentar får bidra med sine livserfaringar enn studiane i den første kategorien.

Den tredje kategorien studiar (25%) tek utgangspunkt i at førstegenerasjonsstudentar har verdifulle livserfaringar som, når dei blir kopla til akademisk innhald, kan bidra til akademisk læring, personleg vekst og utvikling, utvikling av det akademiske faget eller disiplinen og samfunnsutviklinga. Studiane i denne kategorien tek, som dei andre, utgangspunkt i etablerte teoretiske konsept og modellar for å undersøke temaet, men vidareutviklar dei på måtar som ser førstegenerasjonsstudenten frå eit styrkeperspektiv, ikkje eit mangelperspektiv. Desse modifiserte teoretiske konsepta og modellane kan bidra til eit meir nyansert blikk på førstegenerasjonsstudenten, både i forskinga og ved utdanningsinstitusjonar, og peike på måtar både student og institusjon kan dra nytte av livserfaringane til desse studentane på. Ved å legge til rette for ein toveiskommunikasjon mellom institusjon og student, mellom anna ved å oppfordre førstegenerasjonsstudentar til å bruke eigne erfaringar i deira akademiske arbeid, opnar utdanningsinstitusjonen for å sette førstegenerasjonsstudentar i stand til å gjere kritiske vurderingar av samfunnsstrukturar, andre individ og seg sjølv, og dessutan òg bruke desse nye innsiktene til å styre både dei faglege/akademiske og dei sosiale omgjevnadene i nye retningar. På denne måten kan utviklinga av både samfunn og utdanningsinstitusjonar bli driven i ei meir likestilt og heilskapleg retning.

Implikasjonar

Når førstegenerasjonsstudentane sine livserfaringar blir kopla til akademisk arbeid og anerkjent som relevante og verdifulle, kan desse studentane få ein lettare inngang til akademia og samfunnsliv. Forskarane oppmodar både forskingsfeltet og utdanningsfeltet til å utvikle nye, styrkebaserte måtar å møte førstegenerasjonsstudenten på, til dømes med å unngå å samanlikne førstegenerasjonsstudenten med den såkalla gjennomsnittsstudenten og ved å skape rom i undervisinga for utforsking av korleis studenten kan bruke sine livserfaringar i den akademiske utviklinga. Ei slik reell kulturutveksling kan vise seg fruktbar for både studenten og institusjonen.

REFERANSE:

Ives, J. & Castillo-Montoya, M. (2020). First-Generation College Students as Academic Learners: A Systematic Review. Review of Educational Research90(2), 139–178. DOI: https://doi.org/10.3102/0034654319899707