Korleis skape eit positivt læringsmiljø i fleirkulturelle barnehagar?

Denne artikkelen undersøker kva barnehagelæraren kan gjere for å skape eit godt og inkluderande læringsmiljø i fleirkulturelle barnehagar. Forfattarane framhevar ein barnehagelærar som gir kjenslemessig støtte, som er varm og tydeleg, legger til rette for leik og læring mellom barn av ulike etnisitetar, og som har eit godt samarbeid med foreldra.

Publisert Sist oppdatert
Forskingsnotat
Kva er eit forskingsnotat?

Eit forskingsnotat er ei forenkla og forkorta oppsummering av publiserte systematiske kunnskapsoversyn. Forskningsnotatet gjer forskningen meir tilgjengeleg og leservennleg.

Undervising gjennom kjenslemessig støtte reduserer uønskt åtferd og konflikt i barnehagegruppa.

Dette forskingsnotatet presenterer eit systematisk kunnskapsoversyn som samanfattar resultata frå 14 studiar som alle utforskar positive læringsmiljø i barnehagar. Eit positivt læringsmiljø i barnehagen er prega av at barna opplever at dei høyrer til i gruppa og at dei uttrykker glede og entusiasme i læringsarbeidet. Eit positivt læringsmiljø er òg prega av gjensidig respekt mellom barna og mellom barna og barnehagelæraren. Forsking har vist at barn som lærer i eit slik miljø, viser betre språkleg og matematisk utvikling, har betre åtferd, er opp mot tre gonger meir engasjerte i utføringa av akademiske oppgåver og vel meir komplekse kognitive oppgåver. I tillegg bruker lærarar minimalt med tid på halde ro og orden i positive læringsmiljø. 

Bakgrunn

Forskarane som har utført det som blir samanfatta her, peiker på to dimensjoner som er viktige for å skape gode læringsmiljø i fleirkulturelle barnehagar: pedagogiske praksisar og strukturelle aspekt. Pedagogiske praksisar viser blant anna til planlegging og gjennomføring av pedagogiske aktivitetar og støtte av barna si emosjonelle utvikling gjennom positive relasjonar. Strukturelle aspekt viser til dømes til kor mange barn det er per barnehagelærar, lærarane sine kvalifikasjonar og den fysiske utforminga av til dømes rommet som blir brukt til læringsaktivitetar. Disse to dimensjonane er med å forme relasjonar og samspel både mellom barn og mellom barn og lærar. Dette verkar i tur inn på utviklinga til barnet, enten i positiv eller i negativ retning.

Rammeverket «undervising gjennom samspel» («Teaching Through Interactions», vår omsetting) understrekar at ein varm lærar har ein åtferd som støtter elevane og bidrar til å skape eit godt og positivt læringsmiljø. I tillegg er det viktig at læraren engasjerer elevane gjennom interessante læringsaktivitetar og -materiell.

Det mangfaldet av minoritetar som finst i mange barnehagar speglar at mange samfunn er samansette av folk med forskjellige kulturelle og språklege bakgrunnar. Immigrantar, flyktningar og nasjonale minoritetar, til dømes Rom-folket, skapar fleirspråklege og fleirkulturelle barnehagar i mange land verda over. Mange av barna frå etniske minoritetar bur i områder med låg sosioøkonomisk status og hamner i barnehagar som er prega av låg kvalitet utan det positive læringsmiljøet som mange andre barn nyter godt av. Dette vil kunne påverke læringa og dei framtidige skoleresultata til minoritetsbarn negativt, og dei står dermed i fare for ikkje å få realisert potensiala sine.

Føremål

Det som blir presentert her, har som mål å auke kunnskapen om kva slags pedagogiske praksisar og strukturelle aspekt som fremmer positive læringsmiljø i fleirkulturelle barnehagar. Forskingsspørsmålet er (vår omsetting): Kva slags pedagogiske eller strukturelle aspekt er knytt til eit positivt læringsmiljø i fleirkulturelle barnehagar? Forskarane hadde ikkje som hovudmål å tolke resultata av dei inkluderte studiane, men å samle resultat og samanstilla (syntetisere) disse.

Inkluderte studiar

For å bli inkludert i kunnskapsoversynet måtte studien vere (a) publisert mellom 2008 og 2018 i (b) eit vitskapeleg tidsskrift, (c) fokusere på barnehagar kor (d) minst 15% av barna hadde ei etnisk minoritetsbakgrunn og på (e) aspekt av positive læringsmiljø (til dømes barna sine sosiale ferdigheiter eller konflikthandtering) i naturlege læringssituasjonar i barnehagen, altså ikkje i laboratorium eller i heimen. Til samen 14 artiklar blei inkludert i den systematiske litteraturgjennomgangen. Alle studiane var utført i USA, og læringssituasjonane var sett saman av ymse etniske grupper. Artiklane blei kategoriserte etter hovudtema. Tre hovudtema blei identifisert på tvers av dei 14 artiklane: (1) lærarutdanning og læraråtferd, (2) barn–barn-samhandling og (3) engasjement blant barna.

Resultat

Resultata av den systematiske kunnskapsoppsummeringa viser at det er nokre aspekt som er spesielt viktige for å skape eit positivt læringsmiljø.

Undervising gjennom kjenslemessig støtte reduserer uønskt åtferd og konflikt i barnehagegruppa. Sårbare barn responderer ofte negativt på disiplinære reaksjonar. Minoritetsbarn blir rekna som sårbare og forfattarane av artikkelen anbefaler derfor at læraren gir varme og tydelege instruksar som trenar barna sine sosiale ferdigheiter. Det er òg viktig at læraren gir tilpassa tilbakemeldingar og høve til konsepts- og omgrepsutvikling.

Gode barn–barn-relasjonar og lærar–barn-relasjonar bygger eit positivt læringsmiljø, noko som i tur støttar den kognitive utviklinga til barna. Kjenslemessig støtte frå læraren er viktig for at minoritetsbarn skal utvikle gode relasjonar til dei andre barna i gruppa og knytte seg til læraren. For å bygge gode relasjonar mellom lærar og barn er det nokon praktiske ting som læraren bør ha særskilt merksemd på: å lære barnet sitt namn, å snakke til det i eit roleg stemmeleie og å etablere tydelege reglar som tryggjer barnet og tar omsyn til barnet sine behov. Samspel og venskap mellom barna i gruppa er òg viktig for å skape eit positivt læringsmiljø. Barnehagelæraren bør derfor leggje til rette for og arbeide med å skape moglegheiter for barna til å byggje gjensidige venskap prega av respekt og fagleg samarbeid.

Barna bør få arbeide i mindre grupper som gir dei moglegheiter til å samarbeide om og engasjere seg i faglege oppgåver. Det er ei fordel om gruppene er språkleg og kulturelt varierte slik at barna – og familiane deira – får utvida deira kjennskap til andre kulturar og språk, og slik at minoritetsbarna får uttrykt verdiar og kunnskapar som høyrer deira heimekultur til. Barnehagelæraren bør altså bruke materiell og metodar som bekreftar barnet sin heimekultur, men som også visar at barnet er inkludert i majoritetskulturen.

Alle disse tilnærmingane hjelper i sin tur til med å bygge nære, tillitsbaserte forhold mellom barnet sin familie og barnehagelæraren. Det er viktig at barnehagen held relasjonen til barnet sin familie ved like, blant anna gjennom dialogar rundt barnet sine behov i samspelet og kontakten med læraren.

Implikasjonar

Det viktigaste barnehagelæraren kan gjere for å bygge eit læringsmiljø som er positivt for barnehagegrupper som inkluderer minoritetsbarn, er å tilpasse deira eigne pedagogiske val og åtferd slik at alle barna får den kognitive og kjenslemessige støtta dei treng for å kunne bidra til å byggje eit positivt læringsmiljø. Forskarane tilrår at barnehagelærarar som jobbar i barnehagar med minoritetsbarn, får tilbod om kurs og etterutdanning som gir dei kunnskap om og verktøy til å skape samspel som byggjer eit trygt og positivt læringsmiljø for kulturelt og språkleg samansette barnehagegrupper.

Forfattarane peiker på at alle studiane som er inkludert i kunnskapsoversynet er frå USA. Ei større geografisk spreiing av forskinga på dette temaet vil kunne gi meir kunnskap om kva som skal til for å skape positive læringsmiljø for minoritetsbarn òg utanfor USA.

Referanse:

Khalfaoui, A., García-Carrión, R. & Villardón-Gallego, L. (2021). A Systematic Review of the Literature on Aspects Affecting Positive Classroom Climate in Multicultural Early Childhood Education. Early Childhood Education Journal, 2020(49), 71–81. DOI: https://doi.org/10.1007/s10643-020-01054-4