Mobbing blant barn og unge med nevrologiske eller psykiske utviklingsforstyrringar er et problem som det er lite merksemd rundt. Dette forskingsnotatet gir eit innblikk i kva denne elevgruppa treng for å unngå å bli mobbar eller mobbeoffer.
Eit forskingsnotat er ei forenkla og forkorta oppsummering av publiserte systematiske kunnskapsoversyn. Forskingsnotatet gjer forskinga mer tilgjengeleg og lesarvennleg.
Barn og unge med utviklingsforstyrringar og kommunikasjonsvanskar kan oppleve at det er vanskeleg å rapportere om dei blir utsett for mobbing.
Mobbing blir definert som bevisst, repetert og aggressiv oppførsel som involverer ein maktubalanse der offeret vanskeleg kan verje seg. Mobbing kan skje indirekte, til dømes ved utfrysing, eller direkte, til dømes ved vald. Dei siste åra har nettmobbing blitt eit aukande problem. Her bruker mobbarane digital teknologi for å mobbe andre via sosiale medium, digitale spel og liknande. Definisjonen av nettmobbing er den same som for mobbing generelt, men har ein alvorleg tilleggsdimensjon: moglegheita for mobbaren til å vere anonym og til å spreie materialet til eit stort publikum på kort tid. Det kan også vere vanskeleg å ta kontrollen over materialet, som kan bli liggande ope på internett i uoverskodeleg tid. Denne ekstradimensjonen gjer offeret endå meir verjelaust. Mobbing kan gjere langvarig skade på både mobbeofferet og mobbaren og mellom anna føre til sjølvdrapstankar, sosial isolasjon eller psykosomatiske lidingar.
Bakgrunn
Dei skadelege konsekvensane gjer at mobbing blir sett på som eit alvorleg samfunnsproblem. Det som blir gjengjeve her, fokuserer på mobbing av unge med nevrologiske og/eller psykiske utviklingsforstyrringar , heretter berre kalla «utviklingsforstyrringar»* (sjå definisjon nederst på sida). Individ med utviklingsforstyrringar er ekstra sårbare og har større risiko for å bli offer for mobbing. Barn og unge med utviklingsforstyrringar og kommunikasjonsvanskar kan oppleve at det er vanskeleg å rapportere om dei blir utsett for mobbing. Sjølv om individ med utviklingsforstyrringar er særskilt sårbare, og trass i fokus på dei alvorlege konsekvensane av mobbing, er det framleis lite vitskapeleg kunnskap om mobbing blant barn og unge med utviklingsforstyrringar.
Føremål
undersøker kva som gjer individ med utviklingsforstyrringar sårbare for mobbing og nettmobbing, kva som beskyttar dei mot mobbing, kva som er konsekvensane av å oppleve mobbing og korleis offeret sjølv og omgjevnadene reagerer på mobbinga. Fylgjande tre forskingsspørsmål styrte utvalet av relevante studiar for den systematiske kunnskapsoppsummeringa (vår omsetting):
- Kva for nokre variablar har blitt identifisert som risikofaktorar og beskyttande faktorar?
- Kva er dei psykologiske og fysiske konsekvensane?
- Korleis responderer offeret og personane rundt det i desse situasjonane?
Inkluderte studiar
Søket etter relevante studiar blei gjort i overeinskomst med fire kriterium. Studiane måtte:
- vere tilgjengelege på spansk eller engelsk
- vere publisert mellom 2007 og 2019
- involvere deltakarar med utviklingsforstyrringar under 19 år (eller deltakarar over 18 år som fortalde om opplevingar frå då dei var 18 år eller yngre)
- innehalde originale forskingsresultat
Studiane blei ekskludert viss dei ikkje spesifiserte alder på deltakarane, viss deltakarane ikkje hadde utviklingsforstyrringar eller var over 18 år, og viss studien ikkje undersøkte forholdet mellom utviklingsforstyrringar og mobbing.
Til saman 37 studiar møtte kriteria. 19 av studiane brukte eit beskrivande forskingsdesign og 18 studiar brukte eit komparativt (samanliknande) forskingsdesign. Geografisk kontekst for studiane er ikkje oppgjeve. Deltakarane (barna/ungdomen) var tre år og oppover.
Resultat
Den systematiske kunnskapsoppsummeringa peiker på fleire kontekstuelle og personlege faktorar som aukar risikoen for at individ med utviklingsforstyrringar blir utsett for mobbing. Det å gå på ein ordinær skule set personar med hemmingar i større risiko for å oppleve mobbing. Spesialiserte senter eller avdelingar for barn og unge med utviklingsforstyrringar har eit meir beskyttande miljø, men ein må ha i mente at mobbing skjer her òg. Vidare aukar risikoen for å bli mobba mellom anna dersom ein kjem frå ein familie med låg utdanning, har dårleg utvikla sosiale ferdigheiter, er isolert frå jamaldra eller har konfliktfylte venskap. Kunnskapsoppsummeringa finn ikkje ein klar samanheng mellom det å ha utviklingsforstyrringar i seg sjølve og det å bli eit offer for mobbing, men at det ser ut til at emosjonelle og åtferdsmessige problem er dei største risikofaktorane. Berre fire av dei inkluderte studiane undersøkte samanhengar mellom psykisk utviklingshemming og nettmobbing. Òg i denne samanheng representerte det å gå på ein vanleg skule auka risiko for å bli mobba. Andre risikofaktorar var låg grad av støtte frå foreldre, vener og lærarar, samt depressive symptom og låg sjølvtillit. Ein studie fann at individ med ADHD og høg IQ hadde større risiko for å drive med nettmobbing, mens ein annan studie ikkje kunne påvise ein slik samanheng. Berre to av dei inkluderte studiane undersøkte faktorar som beskyttar mot å bli eit offer for mobbing, og ingen undersøkte faktorar som beskyttar mot å bli offer for nettmobbing. Dei beskyttande faktorane som blir nemnde, er sosial kompetanse, å kjenne seg trygg på skulen og å sjå skulen som ein trygg stad.
Risikoen for å bli mobba aukar mellom anna dersom ein kjem frå ein familie med låg utdanning, har dårleg utvikla sosiale ferdigheiter, er isolert frå jamaldra eller har konfliktfylte venskap.
Dei fleste studiane viste at mobbing har store psykiske og fysiske konsekvensar. Å bli mobba gjer det meir sannsynleg å utvikla depresjon, angst, sjølvdestruktiv og suicidal åtferd, angst og stress. Mobbing gjer også at offeret blir meir usikker i klasserommet og kjenner mindre tilhøyrsle til skulen. Ein studie viste også ein samanheng mellom å bli mobba og inntaket av alkohol seinare i livet, men denne samanhengen blei ikkje bekrefta av dei andre studiane. Berre ein studie undersøkte konsekvensane av å bli utsett for nettmobbing, og denne studien fann ein samanheng mellom det å bli mobba på internett og vedvarande depressive symptom. Når det gjeld konsekvensar for den fysiske helsa av å blir utsett for mobbing og nettmobbing, viser kunnskapsoversynet at barn og unge med utviklingsforstyrringar og som har opplevd å bli mobba, har auka risiko for negative fysiske symptom på opplevingane, blant anna i form av overvekt og fedme. Barn og unge med dårleg tilgang på materielle eller sosiale ressursar var ekstra utsett. Samanlikna med barn og unge med normal utvikling, har barn og unge med utviklingsforstyrringar høgare risiko for å utvikle klinisk depresjon: Der normalt utvikla barn og unge som har blitt mobba har ei 3% sjanse for å utvikle klinisk depresjon, er dette talet 10% for barn og unge med ei psykisk utviklingshemming. Barn og unge med utviklingsforstyrringar har også høgare risiko for at negative symptom blir kroniske.
Deltakarene som opplevde mobbing rapporterte at ein strategi for å løyse problemet, var å søke hjelp frå familie, vener og lærarar. Ein annan strategi var å bruke vald som sjølvforsvar mot mobbarane eller å vike unna ved å ignorere problemet eller å teie om det. Berre to av studiane tok føre seg lærarane sine responsar på mobbing. Det å aktivt støtte individet og ta grep om problemet blei sett på som den mest effektive lærarresponsen. Når det gjeld nettmobbing, såg lærarane det som mest effektivt å handsame problemet gjennom undervisinga.
Samanlikna med barn og unge med normal utvikling, har barn og unge med utviklingsforstyrringar høgare risiko for å utvikle klinisk depresjon.
Implikasjonar
Det trengst målretta tiltak i arbeidet mot mobbing, både for dei barn og unge som står i risikosona for å bli mobba og for dei som har ei auka risiko for å utøve mobbing, enten det gjeld tradisjonell mobbing eller nettmobbing. Når det gjeld barn og unge med utviklingsforstyrringar, peiker det på nokre faktorar som er viktige å inkludere i slike tiltak: støtte i utviklinga av sosiale og emosjonelle kompetansar og etablering av eit trygt læringsmiljø.
I tillegg er det viktig å sjå forbi skulekonteksten og undersøke korleis ein kan adressere personlege risikofaktorar, som manglande sjølvtillit, og risikofaktorar i familie og heim, som manglande støtte frå foreldra. I tillegg må barn og unge få informasjon og opplæring om nettmobbing, og dei må få hjelp til å løyse vanskelege situasjonar på ein aktiv, ikkje-aggressiv måte. Dette medfører at lærarar for elevar med utviklingsforstyrringar må få opplæring om og verktøy til å adressere mobbesituasjonar på ein aktiv og konstruktiv måte.
Til slutt peiker forskarane bak det på eit kunnskapshòl i forskinga på mobbing blant barn og unge med utviklingsforstyrringar, nemleg studiar på kva slags konsekvensar mobbinga har for den som mobbar.
* (Det brukar «intellectual disability» om deltakarane i dei inkluderte studiane. På norsk tyder «intellectual disability» «psykisk utviklingshemming». Ifylgje Helsedirektoratet (per 21.09.22) er psykisk utviklingshemming «en tilstand som er forårsaket av en forsinket eller avvikende utvikling hos et barn. For å få diagnosen psykisk utviklingshemming må personen ha en betydelig funksjonsnedsettelse i intellektuelle, sosiale og praktiske ferdigheter. [I] Norge pågår det en diskusjon om hvilket begrep som bør benyttes, og en del ønsker å erstatte «psykisk utviklingshemming» med intellektuell funksjonsnedsettelse eller noe tilsvarende. Inntil videre anvendes fortsatt betegnelsen psykisk utviklingshemming». Sidan det òg inkluderer barn og unge med nevrologiske utviklingsforstyrringar, t.d. fysiske utviklingshemmingar, eteforstyrringar, åtferdsproblem, ADHD eller lærevanskar, blir omgrepet «utviklingsforstyrringar» brukt i dette forskingsnotatet.)
Martínez-Cao, C., Gómez, L. E., Alcedo, M. Á. & Monsalve, A. (2021). Systematic Review of Bullying and Cyberbullying in Young People with Intellectual Disability. Education and Training in Autism and Developmental Disabilities, 56(1), 3–17.