Nyutdanna lærarar og klasseromsleiing

Mange nyutdanna lærarar strever med klasseromsleiinga. Dette forskingsnotatet presenterer ein studie av kva slags profesjonsutviklingsprogram som gir nyutdanna lærarar best støtte til å bli trygge leiarar i klasserommet.

Publisert Sist oppdatert
Forskingsnotat:
Kva er eit forskingsnotat?

Eit forskingsnotat er ei forenkla og forkorta oppsummering av publiserte systematiske kunnskapsoversyn. Forskningsnotatet gjer forskningen meir tilgjengeleg og leservennleg

Dersom profesjonsutviklingsprogram for nyutdanna lærarar skal ha ein effekt, bør dei omfatte meir enn ei førelesing

Bakgrunn

Mange nyutdanna lærarar byrjar karrieren med liten eller ingen erfaring innan klasseromsleiing. Dei første tre åra i yrket blir for mange nyutdanna lærarar ei synk–eller–svøm-erfaring, blant anna fordi dei er overlate til seg sjølve i klasserommet. Grunna stor gjennomtrekk i læraryrket er det til ei kvar tid mange nyutdanna lærarar i skoleverket: I USA hadde, ifylgje ein rapport frå 2018, meir enn 40% av lærarstyrka mindre enn ti års erfaring i yrket.

Ein studie publisert i 2018 rapporterer at sjølv om 80% av nyutdanna lærarar føler seg godt førebudde til å undervise fag, meiner berre 55% at dei er førebudde til å handtere problem og utfordringar i klasserommet. Ifylgje ein annan studie rapporterer 59% av barneskulelærarar at dei opplever svært høge stressnivå nesten kvar dag. Tidlegare studiar oppgjer at nest etter lønn er negativ eller utfordrande elevåtferd den viktigaste grunnen til at lærarar sluttar i yrket.

Når lærarane hamnar på defensiven i møte med spesielt utfordrande åtferd, tyr dei ofte til negative reaksjonar, til dømes straff. Slike reaksjonar har ofte ein negativ innverknad på klassemiljøet. Det er altså både i læraren og eleven sin interesse at nyutdanna lærarar får støtte til å utvikle gode strategiar for å handtere utfordringar knytt til klasseromsleiing.

Føremål

Det som blir presentert her, samanstiller eksisterande forsking på temaet profesjonsutviklingsprogram for nyutdanna lærarar (mindre enn tre år i yrket). Føremålet med kunnskapsoversynet er å bidra med relevant kunnskap til både lærarutdanningar og tilbydarar av profesjonsutviklingsprogram for lærarar. Slik kunnskap vil igjen kunne bidra til å betre elevane si åtferd og læring.

Forskingsspørsmåla var (vår omsetting):

  1. Kva karakteriserer lærarar og kontekstar som er blitt studerte i samanheng med profesjonsutviklingsprogram for nyutdanna lærarar?
  2. Kva slags metodar brukte profesjonsutviklingsprogramma som blei studerte?
  3. Kva slags resultat av programma har vore i fokus for forskingsstudiane?
  4. Korleis skårar studiar på temaet profesjonsutviklingsprogram for nyutdanna lærarar på indeks for kvalitet i forsking?
  5. Kva slags profesjonsutviklingsprogram for nyutdanna lærarar viser gode resultat?

Inkluderte studiar

Til saman åtte studiar frå tidsrommet 2000–mars 2021 blei inkluderte i den systematiske kunnskapsoppsummeringa. Med unntak av ein studie frå Tyskland var alle utførte i USA. Den tyske studien var utført ved ein rural skole, dei andre sju ved urbane skolar.

For å bli inkludert i oppsummeringa måtte studien:

  1. vere publisert i eit fagfellevurdert tidsskrift
  2. vere publisert på engelsk
  3. vere
  4. fokusere på å hjelpe nyutdanna lærarar i å utvikle strategiar for å utøve god klasseromsleiing gjennom kurs eller profesjonsutviklingsprogram. Kursa og programma kunne vere alt frå ei enkeltøkt, eit seminar som strakk seg over fleire dagar, rettleiing, rådføring eller internettbaserte program. Dei måtte ikkje vere del av eit lærarutdanningsløp.

Studiar som heilt eller delvis inkluderte lærarar som hadde meir enn tre års yrkeserfaring, eller som fokuserte på lærarane si faglege eller personlege utvikling, blei ekskluderte.

Resultat

Forskingsspørsmål 1

Forfattarane av kunnskapsoversynet framhevar tre element som viktige for å dekke nyutdanna lærarar sine behov knytt til klasseromsleiing: (1) at det blir stilt krav til lærarutdanningar om å gi eksplisitt, kunnskapsbasert kultur- og kontekstssensitiv opplæring i klasseromsleiing, (2) feltstudiar bør involvere eksplisitt støtte og rettleiing i klasseromsleiing, og (3) utdanningsmyndigheiter bør forvente at lærarutdanningar tilbyr opplæring som speglar behova til lærarar og elevar.

Forfattarane av kunnskapsoversynet understrekar at det er viktig å sjå på korleis lærarar si klasseromsleiing verkar inn på elevane sine skoleprestasjonar. Dei peiker på ei lovande utvikling innan forskinga på dette temaet, då seks av dei åtte inkluderte studiane observerte elevane si åtferd, samt at ein studie henta inn lærarutsegn om forstyrringar i klasserommet.

Forskingsspørsmål 2, 3 og 5

Profesjonsutviklingsprogram for lærarar kan ofte karakteriserast som «kurs-og-håp-program», det vil seie at programmet ikkje er kopla til lærarane si praksis. Kursa eller programma i dei åtte inkluderte studiane representerer ei motsetnad til denne typen program fordi dei var nært kopla til lærarane sine klasseromspraksisar. Denne nære koplinga kom uttrykk på ulike måtar, til dømes i form av minst to møter med tilbakemeldingar til lærarane om deira eigne praksisar for klasseromsleiing (kontinuitet), eller i form av strukturerte veiledingsopplegg, til dømes ved bruk av ressursen MyTeachingPartner (struktur). Det blei brukt mellom 15 minutt og fire dagar på kurset eller programmet. Fleire av programma var utforma for å unngå å stele for mykje tid frå lærarane, og dei var ofte leia av forskarar. Dette resultatet, at fleire av programma var forskarleia, blir tolka som eit ledd i utviklinga av meir kosteffektive profesjonsutviklingsprogram for lærarar. Artikkelforfattarane peiker på at etter kvart som skolane skal implementere kunnskapen forskinga resulterer i, vil det vere formålstenleg å nytte lærarar som mentorer og rettleiarar i profesjonsutviklinga i staden for forskarar.

Dersom profesjonsutviklingsprogram for nyutdanna lærarar skal ha ein effekt, bør dei omfatte meir enn ei førelesing. Artikkelforfattarane trekk fram at programma bør vere systematiske, vare over tid og vere forankra i praksis. Sju element er sentrale i utviklinga av effektive profesjonsutviklingsprogram for lærarar: (1) å dele lærarkollegiet opp etter avdelingar eller grupper ved skolen som har liknande behov, (2) å få ei oversikt over lærarane sine forkunnskapar eller etablerte praksisar, (3) å fokusere på utvikling av teoretisk kunnskap om pedagogiske ferdigheiter, (4) å modellere ferdigheitene, (5) å gje lærarane moglegheiter til aktiv læring og utprøving av ferdigheitene, (6) at undervisingsmateriale og -verktøy som blir brukt i programmet liknar dei lærarane brukar i eigen undervising, og (7) at lærarane får tilbakemeldingar mens dei tek i bruk deira nye kunnskapar og ferdigheiter.

For lærarar med forpliktingar heime og lærarar som undervisar ved skoler i rurale områder, kan det kan vere vanskeleg å møte fysisk til profesjonsutviklingsprogram. Dette er viktig å ta omsyn til, til dømes med å bruke teknologiske løysingar som gjer det mogleg for leiaren av kurset/programmet og læraren å møtast på andre måtar, som på digitale plattformar. Samstundes er det eit behov for meir forsking på kor verknadsfulle slike løysingar er på lærarane sine praksisar. Det trengst òg meir forsking på kombinasjonar av lærarane sine praksisar for klasseromsleiing.

Fleirtalet av dei inkluderte studiane fokuserte på isolerte praksisar. Når det gjeld effekten av profesjonsutviklingsprogramma, såg berre to av dei åtte inkluderte studiane på lærarane sine eksisterande praksisar knytt til klasseromsleiing før dei undersøkte eventuelle verknader av profesjonsutviklingskurset eller -programmet på lærarane sine klasseromsleiing, og berre eit fåtal av studia målte i kor stor grad lærarane implementerte det de hadde lært, i eigen praksis.

Forskingsspørsmål 4

Fem av dei åtte studiane var kasusstudiar, og alle desse skåra 100% på kvalitet og metodebruk. Alle gruppestudiane skåra derimot lågare enn 80%, som markerer grensa for vitskapelege studiar av høg kvalitet. Dette tydar ikkje at resultata av sistnemnde ikkje er relevante, men det peiker på eit behov for gruppestudiar av høg vitskapeleg kvalitet innanfor temaet.

Implikasjonar

Det er eit tankekors at klasseromsleiing blir sett på som ein svært viktig del av lærarar sin praksis, samstundes som nyutdanna lærarar rapporterer at dei føler seg dårleg førebudde som klasseromsleiarar, spesielt i møte med utfordrande elevåtferd. Artikkelforfattarane oppmodar derfor lærarutdanningane til å ha fokus på klasseromsleiing. Det er også viktig at nyutdanna lærarar får tilbod om å delta på kurs, eller i profesjonsutviklingsprogram, som rettar seg spesielt mot deira behov.

REFERANSE:

Hirsch, S. E., Randall, K., Bradshaw, C. & Lloyd, J. W. (2021). Professional Learning and Development in Classroom Management for Novice Teachers: A Systematic review. Education and Treatment of Children, 44, 291–307. DOI:  https://doi.org/10.1007/s43494-021-00042-6