Samspel mellom barnehagelærarar og fleirspråklege barn

Bruk av ikkje-verbal kommunikasjon og morsmål i barnehagen hjelper fleirspråklege barn i læringa deira. På same tid viser fleire studiar at desse barna ikkje får dei same læringsmoglegheitene i barnehagen som einspråklege barn.

Publisert Sist oppdatert
Forskingsnotat
Kva er eit forskingsnotat?

Eit forskingsnotat er ei forenkla og forkorta oppsummering av publiserte systematiske kunnskapsoversyn. Forskningsnotatet gjer forskningen meir tilgjengeleg og leservennleg.

Forfattarane hevdar at dersom fleirspråklege barn alltid får mindre utfordrande oppgåver og aktivitetar enn dei andre barna, vil utviklingsgapet mellom einspråklege og fleirspråklege barn berre auke.

Tre små barn sitter rundt et bord med en voksen mens de leker med klosser

Dette forskingsnotatet er eit samandrag av eit systematisk kunnskapsoversyn av 31 studiar som utforskar det språklege samspelet mellom barnehagelærarar og fleirspråklege barn. Resultatet syner at samspelet mellom barn og vaksne på fleire områder er det same for fleirspråklege og einspråklege barn. I tillegg bruker barnehagelærarar fleire strategiar for å støtte utviklinga til dei fleirspråklege barna, som ikkje-verbal kommunikasjon (mellom anna gestikulering og konkretar) og bruk av morsmål. Likevel syner forskinga også at fleirspråklege barn ikkje alltid får dei same læringsmoglegheitene som einspråklege barn. Mellom anna bruker barnehagetilsette eit enklare språk og involverer barna mindre når dei snakkar til fleirspråklege barna samanlikna med einspråklege barn.

Bakgrunn

Globalisering og immigrasjon har ført til ein auke av fleirspråklege barn i barnehagar i vestlege land. Desse barna har ofte dårlegare ferdigheiter i majoritetsspråket, både når dei startar og sluttar i grunnskulen, samanlikna med einspråklege barn. Ifølge Bronfenbrenners utviklingsøkologiske modell blir mennesket forma i eit samspel mellom enkeltindivid og miljøet rundt, også kalla proksimale prosessar. Slike prosessar mellom barn og dei næraste omsorgspersonane, som dei tilsette i barnehagen, kan få stor positiv eller negativ påverknad på utviklinga til barnet. Korleis ein barnehagelærar klarer å tilpasse læringa til kvart individuelle barn, er ein avgjerande faktor for barnet si utvikling av akademiske, kognitive og sosiale evner. Fordi fleirspråklege barn tar med seg mangfald inn i barnehagen, er det sannsynleg at dei vaksne utviklar eit anna samspel med desse barna enn med einspråklege barn.

Føremål

Fleirspråklege barn som startar i barnehagen har både ein annan språkleg bakgrunn og ofte ei annleis språkleg utvikling enn einspråklege barn. Derfor meiner forfattarane av dette kunnskapsoversynet det er nødvendig å undersøke kva som kjenneteiknar samspelet mellom desse barna og dei tilsette i barnehagen. I tillegg utforskar artikkelen korleis dette samspelet skil seg frå sampelet mellom barnehagetilsette og einspråklege barn.

Inkluderte studiar

For å bli inkludert i kunnskapsoppsummeringa måtte studiane 1) vere empiriske, 2) fokusere på samspel mellom barnehagelærar og barn og 3) studere fleirspråklege småbarn (opp til sjuårsalderen). Dei inkluderte studiane måtte i tillegg vere publisert mellom 1990 og 2016 på engelsk eller nederlandsk. Fleirspråklege barn blei definert som barn som snakka morsmålet sitt heime og lærte eit majoritetsspråk i barnehagen.

Etter eit systematisk søk i relevante databasar analyserte og oppsummerte forfattarane 31 studiar. Dei fleste av studiane hadde eit kvalitativ design (N = 21) og kom frå engelskspråklege land som USA, Storbritannia, New Zealand og Australia (N = 28). Studiane fokuserte i hovudsak på fleirspråklege barn med låge ferdigheiter i majoritetsspråket. Dei fleste barna var mellom fire og seks år gamle.

Resultat

Resultata av kunnskapsoppsummeringa viser at både fleirspråklege og einspråklege barn har samspel av høg kvalitet med barnehagetilsette, der dei vaksne oppmuntrar barna til å delta i samtalane. Eit trygt læringsmiljø med faste rutinar bidrog til ei positiv språkutvikling hos barna i desse studiane. Faste rutinar gjorde det også mogleg for fleirspråklege barn å forstå kva som skjedde i læringssituasjonar utan å fullt ut forstå språket. Barn i barnehagar der dei tilsette brukte eit meir variert og komplekst språk saman med barna, viste større språkleg utvikling. Barnehagelærarar som utfordra barna til å gje meir enn ja-og-nei-svar, opna opp for samtalar med barna. Bruk av ikkje-verbal kommunikasjon, som gestikulering eller bruk av konkretar, hjelpte også fleirspråklege barn med å følgje med i og forstå den språklege samhandlinga. Nokre tilsette tok utgangspunkt i kulturen og morsmålet til dei fleirspråklege barna for å støtte dei i læringssituasjonar.

Fleire av studiane konkluderte samstundes med at fleirspråklege barn ikkje alltid fekk dei same moglegheitene til å utvikle majoritetsspråket som einspråkleg barn. Mellom anna ga dei tilsette mindre språkleg støtte til dei fleirspråklege barna. Dei vaksne snakka ofte til desse barna i eit enklare språk med kortare setningar og mindre variert ordforråd. Dette resulterte i at barna speila dette språket i sampelet med andre i barnehagen og i at dei svarte kort og lukka i samtaler med dei vaksne.

Implikasjonar

Forfattarane meiner dette kunnskapsoversynet har fleire konsekvensar for praksisfeltet. For det første framhevar dei kor viktig det er for tilsette i barnehagen å støtte opp om det språklege samspelet med fleirspråklege barn som har lite ferdigheiter i majoritetsspråket. Dette kan dei mellom anna gjere med å bruke ikkje verbal  kommunikasjon, skape faste læringsrutinar eller, der det er mogleg, bruke barna sine morsmål i barnehagen. For det andre understrekar forfattarane at barnehagelærarar, når dei tilpassar læringsaktivitetar til evnene og behova til ulike barn, må unngå å skape skeivskap i læringsmoglegheitene til fleirspråklege barn. Forfattarane hevdar at dersom fleirspråklege barn alltid får mindre utfordrande oppgåver og aktivitetar enn dei andre barna, vil utviklingsgapet mellom einspråklege og fleirspråklege barn berre auke. Til slutt legg forfattarane av kunnskapsoversynet vekt på at inkludering i ei språkleg mangfaldig barnegruppe krev at dei barnehagetilsette er klar over moglege forskjellar mellom majoritetskulturen og heimekulturen til dei fleirspråklege barna. Desse forskjellane speler ei viktig rolle i korleis fleirspråklege barn tilpassar seg barnehage- og skolekulturen og er viktige å vere klar over for å skape eit inkluderande læringsmiljø.

REFERANSE: Langeloo, A., Lara, M. M., Deunk, M. I., Klitzing, N. F. &Strijbos, J-W. (2019). A Systematic Review of Teacher-Child Interactions With Multilingual Young children. Review of Educational Research, 89(4), 536-568.